Åsmund O. Kjetså

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Åsmund O. Kjetså
Åsmund O. Kjetså i gardeuniform. EHF-067506.jpg
Åsmund O. Kjetså i gardeuniform.
Foto utlånt av Alf Georg Kjetså
Født: 10. desember 1915
Død: 25. januar 1947 (31 år)

Åsmund O. Kjetså var fødd i 1915 på bruket Der Inne Aust (bruksnr. 3) på Nedre Kjetså - Neregarden i Hornnes, og døydde i 1947. Faren var Olav Å. Kjetså og mor hans var Kari H. Kjetså (fødd Moseid). Åsmund var den yngste av fire sysken. Han hadde systrene Siri O. Kjetså (f. 1907, d. 2002), Ragnhild O. Hegland (f. 1908, d. 1998) og Aslaug O. Kjetså (f. 1912, d. 1972).

Åsmund var ein pådrivar for idretten mellom ungdomane i Hornnes-bygda. Nær husa på garden laga han ein idrettsbane, der ein kunne spele fotball. Det var hoppegrop for lengde og høgdestativ, og ringar å turne i. Åsmund fekk også bygd Kjetsåbakken (Smiebakken) på eigedomen, ein bakke der dei flinkaste kunne hoppe opp mot 27-28 meter. Han bygde òg ei badstoge nedanfor husa, der ungdomane fekk lov til å kome kvar fredag og ta sauna.

Asmund var sjølv ein dugeleg idrettsmann. Han var krinsmeister i kombinert i 1940.

Det kom som eit stort sjokk på ungdomane i bygda som hadde blitt så glade i Åsmund, då dei fekk høyre at han hadde ein alvorleg sjukdom og ikkje kunne overleve. I 1947 døydde han av kreft, bare 31 år gamal.

Kjelder