Jørgen Tambini

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørgen Tambini
Født: 17. august 1893
Død: 5. mars 1942 (48 år)

Jørgen Kristian Tambini (fødd 17. august 1893 i Hornnes, død 5. mars 1942) var sjømann og døydde ved krigsforlis.

Tambini var fødd og vaks opp på Fennefoss (ved Mølla) og i Lia i Hornnes. Han reiste i ung alder over til Blomkvist i USA. Her blei han gift. Han var sjømann. Seinast i 1940 var han innrullert i den amerikanske marinen. Vinteren 1942 var han ombord i eit amerikansk skip, D/S Collamer, som var i konvoifart til Murmansk. Skipet blei torpedert klokka 6.30 5. mars 1942, utanfor kysten av Nova Scotia. Skipet hadde eit mannskap på 38 mann. 31 berga seg etter forliset. Bare sju mista livet. Dei fleste av desse, og truleg også Tambini, omkom under ein kraftig eksplosjon i maskinrommet.

Foreldra til Jørgen Tambini var verksarbeidaren Angelo Tambini (f. 1851, Parma i Italia) og Åse Knutsdatter Tambini (fødd Moi 1860). Ein veit ikkje om etterkomarar etter han. Men han hadde mange syskjen, som i dag har ei stor etterslekt mellom anna i Vennesla.

Namnet til Jørgen Tambini er hoggen inn i Minnesteinen ved Hornnes kyrkje, som er reist til minne om dei honndølane som mista livet under fridomskampen 1940-1945.

Kjelder