Oskar Torvald Austenå

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Oskar Torvald Austenå
Oskar Torvald Austenå.jpg
Født: 27. februar 1917
Død: 12. februar 1941 (23 år)

Oskar Torvald Johan Austenå (fødd 27. februar 1917 i Evje og død 12. februar 1941 under konvoifart frå Freetown i Vest-Afrika til Storbritannia) var matros på lasteskipet MS «Borgestad» frå Porsgrunn. Skipet vart 12. februar 1941 senka av det tyske panserskipet Admiral Hipper etter å ha ytt ein heltemodig motstand mot overmakta. MS «Borgestad», med eit mannskap på 30 mann og ei kvinne, forsvann i havets djup.

Etter at han var konfirmert, gjekk Oskar Austenå eit kurs på skuleskipet Sørlandet. Så fekk han hyre på eit skip som sigla i utanriksfart. Fyrste reisa varte i mest tre år. I 1939 kom han med båt til Porsgrunn. Han ville då eigentleg ha reist heim til Evje. Men han fekk nytt hyre med så god løn at han tok ut igjen. Etter at krigen braut ut, fekk familien ikkje lenger kontakt med han. Så kom altså den tunge bodskapen vinteren 1941 om at han var død på havet.

Namnet til Oskar Torvald Austenå er innhoggen i Minnesteinen ved Evje kyrkje, som ungdom i Evje reiste straks etter krigen til minne om dei som gav livet sitt i kampen for fedrelandet under krigen 1940-1945.

Heider[rediger]

Oskar Torvald Austenå er post mortem tildelt desse medaljane for innsatsen under krigen:

  • Krigsmedaljen
  • St. Olavsmedaljen med ekegren

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]