Astrid Moi

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Astrid Moi
Astrid Moi.jpg
Født: 9. april 1935
Død: 11. desember 2024 (89 år)

Astrid Moi (fødd 9. april 1935 i Hornnes) bur på Byglandsfjord. Ho gjekk på Hornnes landsgymnas. Seinare hadde ho eit variert yrkesliv. Ho hadde ikkje lærarutdanning, men vikarierte i 1950- og 1960-åra på dei fleste skulane i Bygland i tilsaman 11 år. I 1970-åra var ho hjelpepleiar på Byglandsheimen. I 1978 kom ho over i likningsetaten. Ho var i den etaten i Bygland til 1989. Då flytta ho til Narvik, og blei verande der i tre år. I eit avbrot der tok ho Skatteetatskulen i Bergen. Frå Narvik flytta ho først til Birkeland og til slutt til Bykle. Der var ho likningssjef til ho gjekk av med pensjon i 1998.

Astrid Moi har vore engasjert i lokalpolitikken. Då Magnhild Rygg var ordførar i Bygland, var det fire kvinner og ein mann i formannskapet. Astrid representerte Arbeiderpartiet.

Astrid var gift med Hallvard Frøysnes. Dei skilde lag i 1984. Dei har barna Vidar Frøysnes, Torjus Moi Frøysnes, Sigrun Frøysnes Flaa og Aslaug Moi Frøysnes. Foreldra hennar var Torjus Salveson Moi og Aslaug Torsdotter Moi (fødd Ljosland). Gravferda var frå Hornnes kyrkje fredag 20. desember 2024 klokka 13.

Kjelder