Postvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. mars 2024 kl. 06:11 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fast postrute)
Hopp til navigering Hopp til søk
Byklestigen etter omlegging av vegen sist på 1870-talet.
Postvegen forbi Skorpetveit i Valle 1888.
Foto: Utlånt av Setesdalsmuseet
Vegen gjennom Rysstad rundt 1890.
Foto: Axel Lindal

Postvegen var det ein kalte den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Då vegen kom, blei det oppretta fast postrute.

Historie

Ved kongeleg resolusjon 23. april 1839 gjorde regjeringa vedtak om å bygge veg frå Kristiansand til Valle kyrkje, og løyvde 59 000 speciedalar av statskassa til føremålet. Vegen var meint å skulle vere eit «spleiselag» mellom staten og oppsittarane langs vegen.

Vegen kom gjennom Kiledalen i Hægeland fram til Moi og Hornnes i 1840. Han passerte over Dåsåna i Dåsnes på bru, og gjekk vidare på vestsida av Otra opp til Gullsmedmoen. Først rundt 1887–1889 blei det bygd veg mellom Evje og Byglandsfjord på austsida av Otra.

Ved Gullsmedmoen var det ferjestad over til austsida av Byglandsfjorden. Det vanskelegaste punktet for vegbyggarane vidare oppover langs austsida av fjorden var Fånekleiva mellom Longerak og Lauvdal. Kleiva vart forsert i 1842. Vegen var køyrande fram til Valle i 1844. Heilt ferdig til Valle var han i 1846. Han blei avlevert i 1847. Til Bykle kom vegen først i 1879. Då hadde ein arbeidd seg forbi det mest utfordrande stykket på heile vegen, Byklestigen.

Ei livsnerve

Den nye hovudvegen fekk enorm innverknad på samfunnsutviklinga i Setesdal. Det blei no mykje enklare og raskare å reise til Kristiansand, og varer kunne fraktast langs landevegen i staden for å måtte kløvjast på hesteryggen. Den gamle, tradisjonelle tilknytninga til Nedenes amt og Arendal blei for ein stor del broten. I eit brev frå formannskapet i Bygland i 1839, ført i pennen av sokneprest Münster, til vegmeisteren i amtet, meiner byglendingane at den nye vegen sikkert er det viktigaste faktum i heile dalens historie.

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenker

Bilete