Hopp til innhald

Setesdalswiki:Såpekasse

Frå Setesdalswiki
Velkommen til Setesdalswiki. Har du noe du lurer på, eller noe du vil diskutere, kan du skrive her. —--Harald Haugland (diskusjon) 2. mai 2015 kl. 09:45 (CEST)

Såpekasse/Arkiv 2009  · Såpekasse/Arkiv 2010  · Såpekasse/Arkiv 2011  · Såpekasse/Arkiv 2012  · Såpekasse/Arkiv 2013  · Såpekasse/Arkiv 2014  · Såpekasse/Arkiv 2015  · Såpekasse/Arkiv 2016  · Såpekasse/Arkiv 2017


83369 artiklar ved årsskiftet 2014/15

Ved årsskiftet hadde Setesdalswiki 83 369 artiklar. 77 036 var botgenererte datoartiklar som vart lagde inn i haustferien. Dermed har vi no datoartiklar tilbake til år 1800, noko som er greitt å ha i høve fødselsdagar. På framsida av nettstaden finn du kven som har fødselsdag i dag. Om vi trekkjer frå dei botgenererte artiklane, er talet på manuelt laga artiklar 6333. Ved årsskiftet i fjor var talet på artiklar 4813. Det er blitt laga 1520 artiklar manuelt i 2014. Til samanlikning vart det laga 1253 nye artiklar i 2013.

I november 2014 vart Setesdalswiki flytta til ny server, difor er ikkje statistikken heilt nøyaktig. Men om vi reknar at november hadde like mange besøk som dei andre månadane, har vi hatt 55 000 unike gjester. Dei har sett på ein million sider på 100 000 besøk. I 2014 fekk vi facebookside. Eg hadde tenkt at vi skulle få 500 liker-klikk på den sida, men det enda opp på 487. Det kan nok skuldast at eg ikkje har vore så flink til å legge ut nye artiklar på sida som eg hadde tenkt.

Neste mål må vel vere å nå 2000 nye artiklar på eit år. Det skal vel nok til å nå 100K artiklar totalt, men om vi får fleire skribentar, kan det nok lukkast. Siste artikkel i 2014 vart artikkelen om Anders Anderssen. Godt nyttår til alle som les og skriv på Setesdalswiki. --Harald Haugland (diskusjon) 1. jan. 2015 kl. 00:53 (CET)

Festskriftartikkel

Artikkelen Setesdals ungdomsskule 1876-1926 vart artikkel nr. 83 400. Den vart skriven i formiddag, og dermed runda vi nytt hundretal 20 dagar etter forrige gong, som var 17. desember. Eg reknar med at det er mange festskrift rundt om frå ulike markeringar av runde tal i organisasjonar. Dei bør ikkje bli ståande i arkiv og bokhyller, men trekkjast fram i lyset. Dette festskriftet kom ut i 1926, så innhaldet er nok for det meste fritt og kan bli gjengitt på wikien også. Det er tale om 70 år etter forfattarens død, Gunnar Rysstad døydde i 1928, så hans materiale er fritt, det same er Torleiv Hannaas sitt, han døydde i 1929. Etter kvart kan vi kanskje få meir av dei lagt inn på Setesdalswiki. --Harald Haugland (diskusjon) 7. jan. 2015 kl. 17:01 (CET)

I eit jubileumsår

Setesdølen nr. 8, 2015

Det høvde godt at artikkel nr. 83 500 vart artikkelen om Setesdølen nr. 8, 2015. Avisa feirar 40-årsjubileum med utgjevingar kvar dag denne veka og har vore ein viktig grunn til at Setesdalswiki har kunna vekse og få meir og meir stoff etter ein forsiktig start i 2009. Denne gongen gjekk det bare 15 dagar frå førre milepel, så januar 2015 vart ein produktiv periode. --Harald Haugland (diskusjon) 22. jan. 2015 kl. 19:40 (CET)

Nytt hundretal

I går runda vi 83 600 med artikkelen om Knut Lund, som gjekk bort 7. februar 2015. Denne gongen brukte vi tre veker, forrige hundretal vart runda 22. januar 2015. Då eg hadde skrive inn artikkelen basert på dødsannonsen i Setesdølen nr. 15, 2015, kompletterte Geir med opplysningar frå tida då Knut Lund budde på Evje og var aktiv i Otra IL. Slik skal det vere når Setesdalswiki fungerer på beste måte. Vi er alt godt på veg mot nytt hundretal med fleire nye artiklar både i går og i dag. --Harald Haugland (diskusjon) 15. feb. 2015 kl. 14:17 (CET)

Dagens avis

Artikkelen Setesdølen nr. 22, 2015, som kom ut i dag, 6. mars 2015, vart artikkel nr. 83 700. Vi brukte 19 dagar på dei hundre artiklane, frå 15. februar til 6. mars. Då har vi 331 nye artiklar sidan nyttår. Kan hende klarar vi 500 nye artiklar frå nyttår til påske om inspirasjonen til å skrive held fram. --Harald Haugland (diskusjon) 6. mar. 2015 kl. 21:04 (CET)

I dag runda vi så artikkel nr. 500 etter nyttår. Det vart artikkelen om Setesdølen nr. 31, 2015. --Harald Haugland (diskusjon) 11. apr. 2015 kl. 09:55 (CEST)

Dagen i dag

Setesdalswiki har datoartiklar frå 1. januar 1800 til dags dato. Dei fleste artiklane av denne typen er oppretta automatisk, men artiklane frå vår tid, vert oppretta manuelt i samband med at eg skriv om kva som hender på den aktuelle datoen. Hendingane er stort sett annonserte i Setesdølen. I dag runda vi 83 800 artiklar med artikkelen om 30. mars 2015. Med det har vi 431 nye artiklar sidan nyttår og manglar 69 artiklar på å klare 500 artiklar frå nyttår til påske. Men det er enno ei veke til påske, så sjølv om vi brukte 24 dagar på desse hundre artiklane, kan ein innspurt i påska gje eit godt resultat. --Harald Haugland (diskusjon) 30. mar. 2015 kl. 10:15 (CEST)

Rekord

I mars hadde Setesdalswiki 7812 unike gjester, nesten 1000 fleire enn i februar, og det høgaste talet på ein månad til no. --Harald Haugland (diskusjon) 1. apr. 2015 kl. 10:14 (CEST)

Nede

Setesdalswiki var så langt eg kan skjøne nede ein periode frå sundag til i dag. Kva som var grunnen, veit eg ikkje, men ein reboot fekk systemet i gang att. --Harald Haugland (diskusjon) 6. apr. 2015 kl. 10:12 (CEST)

83900

Artikkelen om Ingebjørg T. Bjørnarå vart artikkel nr. 83 900. Vi brukte bare 14 dagar på eit nytt hundretal, så om vi held same tempoet, vil vi runde eit nytt tusental før mai. Det fell lett å skrive om eldre folk i Bykle, for då kan ein nytte Heimar og folk i Bykle som kjelde. Det gjorde eg i denne artikkelen, i tillegg var det minneord i Setesdølen som gav innspel til teksten vår. --Harald Haugland (diskusjon) 14. apr. 2015 kl. 13:27 (CEST)

April-konkurransen

I april 2015 hadde vi ein konkurranse på Facebooksida til Setesdalswiki. Eg la ut eit nytt spørsmål kvar dag, den første som svarte fekk eit lodd i konkurransen, og når månaden var slutt, trekte eg ut vinnaren, som vart Toril Dale. Ho fekk CD-plata Eg ser med Inger Lise Stulien, sponsa av Setesdal Regionråd. Gratulerer. --Harald Haugland (diskusjon) 2. mai 2015 kl. 10:07 (CEST)

Skrivekonkurranse

I mai 2015 startar vi ein skrivekonkurranse på Setesdalswiki. Den vil gå etter same modell som konkurransen i april, men i mai må du opprette ein artikkel for å bli med i konkurransen. Du kan sjølv velje målform. For å kunne skrive artiklar på Setesdalswiki, må du registrere deg.

Artiklar som skal telje med i konkurransen, må ta utgangspunkt i ei rød lenke og ha minst 250 bytes. Kvar ny artikkel gjev eit lodd i konkurransen. Premien er eit 37 delers pipenøkkelsett sponsa av Byggi Valle. Trekning skjer 1. juni 2015. --Harald Haugland (diskusjon) 2. mai 2015 kl. 10:20 (CEST)

84 000

I dag står det 84 000 artiklar på framsida. Det var artikkelen om Ragnhild Bjelland som førte oss opp på eit nytt tusental, kona til presten Jens Bjelland døydde 7. mai 2015. Dødsannonsen i Vårt Landa opp og gav grunnlag for ein artikkel. Denne gongen gjekk det mest ein månad på eit hundretal med nye artiklar. --Harald Haugland (diskusjon) 10. mai 2015 kl. 11:36 (CEST)

Det går unna

Det gjekk bare 17 dagar, så runda vi eit nytt hundretal. Det var artikkelen om Jarl Verhagen som vart artikkel nr. 84 100, og no har Geir fått farten opp med å skrive datoartiklar, så vi er alt komne godt ut i neste hundretal. Vonleg kjem det noko frå meg og etter kvart, store deler av mai har eg hatt lite ork til å skrive. --Harald Haugland (diskusjon) 28. mai 2015 kl. 10:41 (CEST)

84 200

Artikkelen om Setesdølen nr. 42, 2015, som kom ut 12. mai 2015, vart artikkel nr. 84 100. I den tida eg har vore sjuk, har det blitt eit etterslep på innskrivinga av overskriftene i Setesdølen, men no kjem det seg, så etter kvart vil det bli nok bli komplett att. --Harald Haugland (diskusjon) 12. jun. 2015 kl. 11:03 (CEST)

Bertostjønn

Dette vesle vatnet på austheia i Evje og Hornnes kommune vart artikkel nr. 84 300. Artikkelen om Bertostjønn har både kart og bilete, så det skulle vere lett å finne vegen dit om ein vil ut ein tur i sommar. Vi brukte ein knapp månad på dette hundretalet, no får vi sjå korleis det går vidare, om det er inspirasjon til å skrive i sommarferien. --Harald Haugland (diskusjon) 6. jul. 2015 kl. 21:17 (CEST)

Landeskogen Litteraturfest

Eg har ei tid vurdert om vi skulle ha framsida med utvald bilete og artikkel, eller om vi skulle prøve eit anna system. No har eg vald å bytte bilete og framsidetekst, denne gongen for å promotere Landeskogen Litteraturfest. Så får vi sjå korleis det går. I samband med dette har eg kome fram til at eg nok i framtida også vil ha artiklar på Setesdalswiki om folk som ein lett kan finne meir stoff om på Wikipedia, ettersom relasjon til Setesdal er vanskeleg å syne der. Så difor skriv eg no om forfattarane som skal delta på Landeskogen i morgon. --Harald Haugland (diskusjon) 22. jul. 2015 kl. 11:05 (CEST)

Datoartiklar

Ein datoartikkel vart artikkel nr. 84 400. Geir gjer ein stor jobb med å legge inn hendingar som skal skje i Setesdal og nære kommunar, og 13. september 2015 er det Naturlostur med Gro Anita Mykjåland til husmannsplassen Pikestøl i Iveland. Vi brukte 20 dagar på dei hundre artiklane, så kanskje vi når 83500 før skulen startar i august. --Harald Haugland (diskusjon) 26. jul. 2015 kl. 11:52 (CEST)

Lister

Setesdalswiki har mange lister. Mellom anna har vi lister over konfirmantar, og lista konfirmantar i Åseral 2005 vart artikkel nr. 84 500. Denne gongen brukte vi bare 19 dagar på eit nytt hundretal artiklar. --Harald Haugland (diskusjon) 14. aug. 2015 kl. 11:01 (CEST)

Nytt hundretal

  • Det vart ein datoartikkel som vart artikkel nr. 84 600. Artikkelen om 20. september 2015 skreiv Geir i går medan eg var på misjonsfest i Mandal, så det gjekk ein heil dag før eg oppdaga at vi etter knappe tre veker hadde runda eit nytt hundretal. Vi står på for at du skal ha eit godt oppslagsverk om Setesdal. --Harald Haugland (diskusjon) 5. sep. 2015 kl. 20:26 (CEST)

Ein månad

Så runda vi eit nytt hundretal med artikkelen om Birgit Simonstad. Det var nr. 84 700 og denne gongen brukte vi ein månad på jobben. Produksjonen har vore noko lågare i september enn mange andre månader, men no får vi håpe at oktober vert god for produksjon av nye artiklar. --Harald Haugland (diskusjon) 5. okt. 2015 kl. 22:40 (CEST)

Hundreåring

Med artikkelen om hundreåringen Karen Abusdal runda vi eit nytt hundretal her på Setesdalswiki og har no 84 800 artiklar. Takka vere høg produksjon av Geir brukte vi bare 19 dagar på den jobben, så om vi held same tempo, vil vi runde 85 000 i god tid før jol. Men vi skulle hatt fleire som vart med i skrivinga, så om du som les dette, blir med, kan vi kanskje auke produksjonen endå meir. --Harald Haugland (diskusjon) 24. okt. 2015 kl. 08:27 (CEST)

Kveste

Artikkelen om Kveste vart artikkel nr. 84 900. Det siste hundretalet gjekk unna på tre veker. --Harald Haugland (diskusjon) 15. nov. 2015 kl. 21:23 (CET)

Nytt tusental

Bare 16 dagar brukte vi på nye hundre sider, så i dag runda vi 85 000. Det var artikkelen om Inge Flaat som fekk æra av å rundet eit nytt tusental. Og enno er det tre veker att til jol. --Harald Haugland (diskusjon) 2. des. 2015 kl. 15:50 (CET)

Mykje omtale

Fredag 18. desember 2015 hadde Fædrelandsvennen ei heilside med omtale av Setesdalswiki. Det førte til mykje omtale på sosiale medier. Det er grunn til å takke for gode ord når det gjeld leksikonet. Vi fekk og ein ny brukar i kjølvatnet av omtalen, Eivindgh. Han oppretta artikkelen om nynorsk, og det vart artikkel nr. 85 100. Eg justerte litt på artikkelen no før eg skreiv dette, og det kan nok kome fleire endringar, for temaet kan vere verd ein litt større artikkel. Men det var moro at Eivindgh sin første artikkel var den som førte oss rundt eit nytt hundretal, det gjekk på 18 dagar denne gongen. Vi klarar nok ikkje eit nytt tusental til nyttår, men eit nytt hundretal burde vere mogleg på dei ti dagane som er att av 2015. --Harald Haugland (diskusjon) 21. des. 2015 kl. 01:00 (CET)

85163 artiklar

Ved årsskiftet 2015/2016 hadde vi 85 163 artiklar. Det er ein auke på 1794 frå førre årsskifte. Vi nådde altså ikkje 2000 dette året heller. Men i snitt er det nesten fem nye artiklar kvar dag i løpet av 2015. I 2014 laga vi 1520 artiklar, året før 1253, så det er ein fin auke.

Ved forrige årsskifte hadde vi 487 likerklikk på Facebooksida. No er det auka til 647, det er ein auke på 160. Dermed er det mange som får med seg oppdateringar via den sida.

Er det mange som besøker Setesdalswiki, lurer vel nokon på. I 2015 hadde vi nesten 150 tusen besøk og over 1,4 mill sideoppslag. Så leksikonet vert brukt, det er ingen tvil om. I snitt har vi om lag 400 besøk kvar dag. Godt nyttår til alle som brukar Setesdalswiki. --Harald Haugland (diskusjon) 1. jan. 2016 kl. 12:45 (CET)

Vegnamn

No er det mange nye vegnamn i Setesdal, og i går skreiv Geir om Hornåsvegen, det vart artikkel nr. 85 200. Det gjekk og på 17 dagar, akkurat som forrige hundretal. --Harald Haugland (diskusjon) 8. jan. 2016 kl. 21:50 (CET)

Datoartiklar

Det er etter kvart blitt mange datoartiklar på Setesdalswiki, og artikkelen om 5. mars 2016 vart artikkel nr. 85 300. Geir hadde eit tak torsdag 4. februar 2016 og oppretta ei rekke datoartiklar, og den dagen er det Hylestadrevyen 2016 som står på plakaten. Med datoartiklane våre blir Setesdalswiki aktuelt, eg må helst innom framsida kvar dag for å sjå kva som hender i dalen denne dagen og kven som fyller år. --Harald Haugland (diskusjon) 5. feb. 2016 kl. 00:17 (CET)

Setesdalskonferansen

Setesdalskonferansen 2009 vart ideen om Setesdalswiki til. Når april er over, er leksikonet for Setesdal sju år. Årets konferanse går av stabelen litt tidlegare, og artikkelen om Setesdalskonferansen 2016 vart artikkel nr. 85 400. Vi brukte ein månad på dei siste hundre artiklane, så i 2016 har tempoet i nye artiklar vore noko lågare enn før. --Harald Haugland (diskusjon) 6. mar. 2016 kl. 10:59 (CET)

Meir relatert til Setesdalskonferansen

I 2009 vart Setesdalskonferansen grunnlaget for at vi starta Setesdalswiki. Difor har arrangementet i alle år vore viktig for nettstaden. Artikkel nr. 85 500 vart artikkelen om Jan Grønbech, foredragshaldar på Setesdalskonferansen 2016. Etter kvart vil det bli artiklar om dei andre foredragshaldarane også. --Harald Haugland (diskusjon) 12. apr. 2016 kl. 19:56 (CEST)

Høgtid og helg

For det meste kjem programmet for høgtider og helger som del av datoartiklar. Men 17. mai er jo ein dag med ganske mykje på programmet, så årets Evje og Hornnes 17. mai 2016 fekk eiga side. Det vart artikkel nr. 85 600, den kom i går, 11. mai, så det hundretalet brukte vi ein heil månad på å nå. --Harald Haugland (diskusjon) 12. mai 2016 kl. 10:46 (CEST)

Datoartiklar

Kvar månad treng jo minst 30 datoartiklar, så mange av artiklane våre er jo det. Men dei er viktige og syner noko av det som skjer i Setesdal den aktuelle dagen. Artikkel nr. 85 700 kom i dag tidleg og var ein slik artikkel, nemleg artikkelen om 4. september 2016. Takk til Geir Daasvatn for også den artikkelen. --Harald Haugland (diskusjon) 9. jun. 2016 kl. 13:19 (CEST)

Spisestad

Den Gamle Gaard vart artikkel nr. 85 800. Det skuldast eit oppslag i Setesdølen nr. 48, 2016 side 6 om at staden opnar sommarkafé 7. juli 2016. Vi brukte 19 dagar på å runde eit nytt hundretal denne gongen. No står sommaren for døra, men det er ingen grunn til å stoppe å skrive, så vonleg kan vi runde eit nytt tusental før vi når august. --Harald Haugland (diskusjon) 28. jun. 2016 kl. 15:14 (CEST)

Sjå framover

Geir Daasvatn ser framover og har alt notert hending 22. september 2016. Det blei artikkel nr. 85 900, og vi brukte bare 13 dagar på dei hundre nye artiklane denne gongen. I tillegg har vi utvida nokre artiklar ein del også, så produksjonen held seg. --Harald Haugland (diskusjon) 11. jul. 2016 kl. 13:41 (CEST)