Setesdalswiki:Såpekasse/Arkiv 2014

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
< Setesdalswiki:Såpekasse
Hopp til: navigasjon, søk

1253 artiklar i 2013[rediger]

I løpet av 2013 vaks Setesdalswiki med 1253 nye artiklar. Pr. 1. januar 2014 har vi 4813 artiklar. Medan vi i fjor auka med 1360 artiklar, vart altså auken om lag 100 færre artiklar i året som no ligg bak oss. 54.027 unike gjester har vore på 102.590 besøk og sett på 1.155.743 sider. Kvar gong vi skriv, kjem det nye røde lenker, det vil seie artiklar som treng skrivast. Så det er nok å ta fått på i jubileumsåret 2014. Vel møtt til å vere med på dugnaden i komande dagar. --Harald Haugland (diskusjon) 1. jan 2014 kl. 00:33 (CET)

Så runda vi 4900[rediger]

I kveld runda vi 4900 artiklar på Setesdalswiki. Det er ein knapp månad sidan vi runda 4800 artiklar, Det var artikkelen om Sigurd H. Uppstad som vart artikkel nr. 4900. Den er ikkje stor, men er ein del av artiklane som Bruker:Knoett skriv for å farge blå alle namna på biletet Kåvenes skule 1932. Du fortener stor takk for innsatsen, den artikkelen vart starta fredag 17. januar og har snart blitt vist 200 gonger. Då går vi i gang med jobben det er å kome til 5000 artiklar. Bli med du og i denne dugnaden. --Harald Haugland (diskusjon) 23. jan 2014 kl. 22:08 (CET)

Hurra! 5000 artiklar[rediger]

I går nådde vi 5000 artiklar. Det var artikkelen om Eivind Torkjelson Lande som fekk den æra. Takk til Bruker:Siri J for artikkelen, som jo er svært aktuell i samband med programserien Grunnloven 200 år, som vi har i Valle Radio tysdagskveldane. Men arbeidet med å lage eit leksikon for Setesdal går vidare, vi vil ikkje kvile på laurbæra. --Harald Haugland (diskusjon) 19. feb 2014 kl. 22:45 (CET)

Moi Jerka[rediger]

Artikkelen om Moi Jerka vart artikkel nr. 5100. Hesten var Årets Hest i Setesdal 2013 og omtalt i ein artikkel i Setesdølen nr. 25, 2014. Setesdalswiki har artiklar om det meste, og eigen kategori om hestar, så det var vel heilt naturleg at ein slik artikkel fekk ein litt framheva plass i leksikonet. Vi brukte litt lenger tid enn ein månad på hundre artiklar denne gongen, så får vi sjå korleis det går framover. --Harald Haugland (diskusjon) 29. mar 2014 kl. 12:30 (CET)

Kyrkjetjeld[rediger]

Artikkelen om kyrkjetjeld vart artikkel nr. 5200. Inspirasjonen til den kom frå eit bilete som dukka opp på Facebook, det la eg inn i artikkelen. Eg lurte noko på kven som hadde laga den illustrasjonen, men det synte seg at då eg søkte med omgrepet «St. Lerche» på Google, dukka han opp på norsk Wikipedia, ikkje med fornamnet Vine, men som Vincent Stoltenberg Lerche, som ofte forkorta signaturen til Vinc. St. Lerche. Eg trur eg får skrive litt om han og etter kvart, lurer på om nokon veit om han var i Setesdal? --Harald Haugland (diskusjon) 29. apr 2014 kl. 22:55 (CEST)

5300 artiklar[rediger]

Denne gongen var det overskriftene i Setesdølen nr. 43, 2014 som førte til at vi runda eit nytt hundretal. Avtalen vi har med avisa om å kunne skrive inn overskriftene er god for Setesdalswiki, for dermed tek vi livet i Setesdal på pulsen. Eg trur avtalen er god for avisa og, for avisa vil vere ei papiravis, men med mange henvisningar på nettet til avisa, får ho litt reklame i mediet som veks mest. Det tok litt over ein månad å nå eit nytt hundretal, men mai 2014 vart ein månad med meir enn vanleg aktivitet for meg utanom Setesdalswiki. Så får vi sjå om vi kan klare eit nytt hundretal før vi kjem til juli. --Harald Haugland (diskusjon) 3. jun 2014 kl. 11:17 (CEST)

Mediawiki 1.23[rediger]

Programvaren er oppdatert til Mediawiki 1.23.1. Alle tilleggene er også oppdatert. —Helland (diskusjon) 15. jul. 2014 kl. 22:37 (CEST)

Vi veks[rediger]

19. juli 2014 runda vi 5400 artiklar med artikkelen om Olav Lehne, Åseralspresten. Det er mange folk som det er vanskeleg å finne informasjon om på Internett, men denne gongen kunne eg byggje på eit intervju Ole Birger Lien hadde med han i gårsdagens avis, Setesdølen nr. 56, 2014. I juni lurte eg på om 100 nye artiklar kom før juli, det klarte eg ikkje. Difor skal eg ikkje spekulere på kva tid neste hundretal kan bli nådd denne gongen. Men om fleire vart med i skrivinga, kunne det nok gått fortare enn når eg må skrive det meste aleine. --Harald Haugland (diskusjon) 19. jul. 2014 kl. 22:03 (CEST)

Nytt hundretal[rediger]

Eg skulle ikkje spekulere kva tid vi nådde eit nytt hundretal, sa eg 19. juli. Vi nådde det alt i går, 9. august 2014, takka vere Geir Daasvatn. Han har eit prosjekt med å skrive om folk i Otra IL, og det har ført til sterk vekst i dekninga av stoff frå Evje og Hornnes kommune. Det var artikkelen om Terje Abusland som vart artikkel nr. 5500, og etter det har han skrive fleire artiklar, så å få fleire skribentar med på Setesdalswiki, har hatt god verknad. --Harald Haugland (diskusjon) 10. aug. 2014 kl. 10:59 (CEST)

Rekordfart[rediger]

Denne gongen brukte vi bare 20 dagar på nye hundre artiklar. Det gjekk i rekordfart, igjen takka vere Geir Daasvatn si skriveglede. Men det var artikkelen om Setesdølen nr. 68, 2014 som vart artikkel nr. 5600, den laga eg i dag. --Harald Haugland (diskusjon) 30. aug. 2014 kl. 11:53 (CEST)

Vinddalsbakken[rediger]

Artikkel nr. 5700 vart Vinddalsbakken, ein hoppbakke som for lengst er historie, men som det blir sagt at ein hoppa over 50 meter i. Vi brukte under to veker på dei hundre artiklane frå 5600 til 5700. Stor takk til Geir Daasvatn som i stor grad medverka til dette og skreiv artikkelen om Vinddalsbakken. --Harald Haugland (diskusjon) 10. sep. 2014 kl. 23:33 (CEST)

Historiske personar[rediger]

Sjølv om Setesdalswiki i utgangspunktet var tenkt til å skrive mest om næringsliv og -folk i Setesdal, er plass også til historiske personar i leksikonet. Det treng så visst ikkje bare vere eidsvollsmenn frå Setesdal, som har hatt eit sterkt fokus i 2014, men heilt vanlege personar som ikkje gjorde mykje av seg i offentleg samanheng. Ein slik person vart artikkel nr. 5800. Det var artikkelen om Ola Olson Ås, som Geir Daasvatn skreiv i dag. Så går vi laus på eit nytt hundretal. --Harald Haugland (diskusjon) 26. sep. 2014 kl. 20:05 (CEST)

Personmal[rediger]

Setesdalswiki har begynt å legge inn personmalar på personartiklane. I personmalen ligg fødselsdata. Desse vert brukte til å få fram fødselsdagar på framsida. Men det er enno 1130 sider som ikkje har personmal, så det vil ta litt tid før systemet fungerer. I tillegg er det mange vi ikkje har fødselsdato for. Om du går inn på personar du veit fødselsdagen til og kontrollerer, vil det vere god hjelp, særleg om du registrerer deg og skriv inn rette data. --Harald Haugland (diskusjon) 27. sep. 2014 kl. 07:14 (CEST)

Datoartikler[rediger]

Setesdalswiki har hatt et system med datoartikler hvor hver dato er unik med både dato og år. Dette er i motsetning til for eksempel wikipedias system, hvor man skiller dato og år. Dette har gjort at vi kunne lage datoartikler med hendinger for hver dato, og disse kunne vises på vår forside.

I forbindelse med arbeidet med personmaler som nå er blitt gjort, har det blitt mange røde lenker på fødselsdatoer. Det er derfor blitt satt opp en robot til å lage datoartikler, se for eksempel . Den startet i dag med å lage artikler fra år 1800 og framover. Jeg har jo skrevet en liten artikkel om hver gang vi har rundet 100 artikler, det har jeg sett på som en liten milepel for Setesdalswiki. Når boten er ferdig om ei uke, vil Setesdalswiki være ti ganger så stor som den var før boten startet opp. --Harald Haugland (diskusjon) 28. sep. 2014 kl. 20:56 (CEST)

75 000 datoartiklar[rediger]

Etter at Hellandsbot no er ferdig med å legge inn datoartiklar frå 1800 til og med 2013, har vi fått 75000 datoartiklar på Setesdalswiki. Når du trykker på lenka til ein datoartikkel, vil det automatisk kome opp kven av personane vi har artikkel om i leksikonet som er fødd på denne dagen. Medan vi har 1500 personartiklar og 77000 datoartiklar, vil mange av datoane vere tome. Etter kvart kan ein så fylle inn hendingar på aktuelle datoar. Ein jobb som no står att, er å legge inn personmal på alle personar. For det er bare dei personane som har personmal som vert importert til datosidene. Enno manglar 650 personar slik personmal, så det vil ta noko tid før systemet fungerer heilt fint. Malen {{pådennedag}} er det som hentar fødselsdata. Om den skal byggjast ut til også å ha med dødsdatoar, er ikkje klart enno. Enn så lenge må desse leggjast til manuelt om du ønskjer å legge det inn.

Den utviklinga som no skjer med databasen, er eit eksperiment. Vi veit ikkje kor dette vil føre oss, vegen vert til medan vi går. Om du har kommentarar her, er vi takksame. --Harald Haugland (diskusjon) 1. okt. 2014 kl. 14:32 (CEST)

82858[rediger]

Då Hellandsbot var ferdig med datoartiklane 30. september 2014, hadde Setesdalswiki auka til 82858 artiklar. Det kan vere eit tal å notere seg for den som vil fylgje med på veksten framover. Så får vi sjå om ny vekst kjem manuelt eller som følgje av robotskriving. --Harald Haugland (diskusjon) 1. okt. 2014 kl. 22:21 (CEST)

Odde[rediger]

Artikkel nr. 83 000 vart Odde, ein gard på Evje. Geir Daasvatn er utrøytteleg i skrivinga si, og det var han som skreiv den vesle artikkelen i dag. Frå Hellandsbot var ferdig med datoartiklane 1. oktober 2014 og vi hadde auka til 82 858 artiklar, gjekk det litt i surr for meg, så eg merka meg ikkje kva som var artikkel nr. 82 900. Men eg vonar veksten kan halde fram og gleder meg til neste runde tal. --Harald Haugland (diskusjon) 22. okt. 2014 kl. 15:41 (CEST)

Nytt hundretal[rediger]

Artikkel nr. 83 100 vart Gudrun Omnes. Ho hadde eit innlegg i Setesdølen nr. 88, 2014 og dermed prøvde eg å lage ein artikkel om henne. Det er alltid litt kjekt å vite kven som skriv lesarinnlegg i avisa. --Harald Haugland (diskusjon) 9. nov. 2014 kl. 13:26 (CET)

For ei veke sidan[rediger]

Midt i Salmeboka minutt for minutt, 29. november 2014, kom artikkel nummer 83 200. Det var SiriJ som laga artikkelen om Langerak kraftverk. Dermed har vi artiklar om alle kraftverka i Bygland. Takk til Siri for stor innsats, noko som fører til at vi alt er langt inne i neste hundretal. Sjølv var eg den helga langt inne i salmeboka det meste av tida, og denne veka har vore travel med radioengasjement to kveldar, så eg oppdaga ikkje at vi hadde runda nytt hundretal før i dag. --Harald Haugland (diskusjon) 5. des. 2014 kl. 08:13 (CET)

Ei førjuls-julegåve[rediger]

Artikkel nummer 83 300 kom her for ein knapp time sidan. Det var artikkelen Setesdals ungdomsskule som Geir Daasvatn då la inn. Det er blitt ein stor artikkel om ein skule som betydde mykje for hundre år sidan og framover til 2. verdskrigen. I artikkelen får vi vite litt om styrarane og nokre av lærarane. Med tida kan vi kanskje og få meir informasjon om nokre av elevane. --Harald Haugland (diskusjon) 17. des. 2014 kl. 18:11 (CET)