Setesdalswiki:Såpekasse/Arkiv 2011

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
< Setesdalswiki:Såpekasse
Hopp til: navigasjon, søk

Arkivert fra såpekassen. --Helland (diskusjon) 5. sep. 2014 kl. 21:26 (CEST)

Dugnad for Setesdal

Informasjonsmøte om Setesdalswiki, leksikonet alle kan skrive i, på
Setesdalsmuseet Rysstad torsdag 3. februar klokka 17 Merk tida.
Tak med laptop, så kan du prøve sjølv og få hjelp.
Setesdal Regionråd

--Harald Haugland 1. feb 2011 kl. 10:15 (CET)

I går var møtet på Setesdalsmuseet. Det var ikkje særleg godt ver, for å seie det forsiktig, i periodar såg ein knapt vegen, så folk som kunne tenkt seg på møtet, droppa kanskje heile turen i det veret. Fire personar fekk ein presentasjon av Setesdalswiki og høyre om tankar eg har gjort meg etter å ha halde på med dette i snart to år. Det som gjer dette systemet så fleksibelt, er hyperteksten, det vil seie lenkene ein kan lage til meir informasjon. I samtalen vart det reist spørsmål om kontroll og om korleis ein kan vite kven som skriv, og eg forklarte korleis det fungerer. Folk var samde om at det er eit svært interessant prosjekt som kan fungere som lim i regionen ettersom folk får kunnskap om heile regionen. Eg framheva at ein på Wikipedia snakkar om ein brukar som ein som skriv fem bidrag i månaden, det kan vere frå ein lang artikkel til eit komma, så ein treng ikkje binde seg til å skrive mykje, om ein vil vere med. De er bare å klikke på ei rød lenke og skrive det ein har. Eg peika og på at vi prøver å ha kjelder til det vi skriv på Setesdalswiki og at vi ikkje kopierer frå andre nettsider, då skriv vi heller om teksten. Møtet varte eit par timar, og vi var godt nøde då det var slutt. --Harald Haugland 4. feb 2011 kl. 11:16 (CET)

Informasjonsmøte i Bygland

Det er no klart at det vert informasjonsmøte i Bygland kommune torsdag 10. februar klokka 18 i kommunestyresalen. Tenesteleiar Leiv Rygg, som er ansvarleg for informasjon i Bygland kommune, vil spreie informasjon om arrangementet via heimesida og Facebooksida til kommunen. Ta gjerne med laptop om du vil prøve å skrive under rettleiing, dei skal få sett opp eit trådlaust nett i salen til torsdag, slik at dei som kjem, kan knytte deg til å prøve korleis det fungerer. --Harald Haugland 4. feb 2011 kl. 14:14 (CET)

Informasjonsmøtet i Bygland samla fire byglendingar og vart ei inspirerande samling med ei rekke spørsmål og etter kvart sterk undring over alt ein kunne samle i dette systemet. Heimesider for den einskilde bedrift kan vere bra, men gjev ikkje høve til å sjå samanhengen mellom bedrifter som arbeider med det same i dei fire kommunane. Det kan Setesdalswiki hjelpe til med, for hyperteksten gjer det lett å gå frå artikkel til artikkel. På slike møte kjem også spørsmålet om feil opp, då sa eg som sant er at ein må lese alt ein finn på Internett med kritisk sans, men at referansar og eksterne lenker ofte kan syne kor stoffet som står på Setesdalswiki eller wikipedia er henta frå. Du kan finne eit lite tekstglimt frå møtet på Valle Radio sin blogg i kveld, Meir om Reinshornheii. --Harald Haugland 10. feb 2011 kl. 23:51 (CET)

Valle skule

Det vert informasjonsmøte om Setesdalswiki for lærarar på Valle skule måndag 14. februar 2011 klokka 14:15. Harald Haugland vil fortelje om prosjektet og hjelpe dei som vil prøve å skrive noko. Takk til rektor Trond A. Støle som har lagt opp til denne samlinga. --Harald Haugland 9. feb 2011 kl. 10:42 (CET)

Andre skoler burde også få besøk. --159.171.48.57 9. feb 2011 kl. 13:31 (CET)
Det er bare å ta kontakt, så kjem eg. --Harald Haugland 10. feb 2011 kl. 23:44 (CET)
Måndag 14. februar troppa eg opp på personalromet på Valle skule. Rektor Trond A. Støle ønska meg velkomen og gav meg ein halv time til å fortelje om Setesdalswiki på lærarane sitt personalmøte. Dei hadde nokre spørsmål, eitt av dei var kva nytte skulen kunne ha av dette og om skulen kunne bruke det aktivt sjølv. Til det svarte eg at skulen må sjølv finne ut korleis dei vil bruke det, det vil særleg vere aktuelt for undervisninga som gjeld dei nære ting. Men artiklar om dei tilsette vil kunne vere ei hjelp for bygda til å vite kven som jobbar på skulen og kva bakgrunn dei har, slik det er no, er det ikkje lett å få ei slik oversikt. --Harald Haugland 18. feb 2011 kl. 22:53 (CET)

Informasjonsmøte i Evje og Hornnes

Det vert informasjonsmøte i Evje og Hornnes kommune torsdag 17. februar klokka 18 i kommunestyresalen. Ordførar Bjørn Ropstad, er kontaktperson der. Kanskje han gjer som Leiv Rygg gjorde i Bygland kommune og spreier informasjon om arrangementet via heimesida og Facebooksida til kommunen. Ta gjerne med laptop om du vil prøve å skrive under rettleiing, dei har trådlaust nettverk der og, slik at dei som kjem, kan knytte deg til og prøve korleis det fungerer. Men om du ikkje har laptop, er det bare å kome om du vil vite meir om Setesdalswiki. --Harald Haugland 14. feb 2011 kl. 12:12 (CET)

I går kveld kom det tre personar i tillegg til meg på informasjonsmøtet. Dei var ivrige og ville prøve dette sjølv, så vi fekk artikkel om Blomsterstiftelsen i Evje og Hornnes og om kulturprisen i Evje og Hornnes. Når ein vert engasjert, går tida fort, så møtet var ikkje slutt før nærmare klokka 21. Dei såg for seg at dette systemet kunne verte av stor verdi for folk i Setesdal etter kvart som det vert utbygd med fleire artiklar. Spørsmålet er bare å få folk til å bli med på denne dugnaden. --Harald Haugland 18. feb 2011 kl. 23:01 (CET)

Navnerom Tekster

Det er nå oppretta eit nytt navnerom der ein kan legge inn tekstar som ikke er leksikalske for Setesdalswiki, men som ein ønskjer at fleire kan lese. Ofte vil eit lesarinnlegg i Setesdølen kastast innan ei veke, medan skribenten gjerne kunne ønske at det fekk leve litt lenger. Navnerom Tekster er ein plass for slike innlegg. Sjølv om tekstane vert lagde inn på same måte som øvrig stoff i Setesdalswiki, er det tanken at desse ikkje skal endrast av andre, så artiklane vert låste for redigering. Den første av slike tekstar ligg her: Tekster:EU's vanndirektiv, kva er det? og er skriven av Inger Juvastøl. --Harald Haugland 5. mar 2011 kl. 21:56 (CET)

Setesdølen 2010

No er alle nummer av Setesdølen 2010 skrivne inn i Setesdalswiki. Det er 106 nummererte aviser, men to aviser har fått nummer 69. I tillegg er det ei unummerert temaavis i juni 2010, så det er 108 utgjevingar i alt i 2010. Dei har danna grunnlag for ei rekke artiklar her på Setesdalswiki og er hovudgrunnen til at vi truleg i denne veka rundar 1000 artiklar. Stor takk til Sigurd Haugsgjerd, redaktøren av Setesdølen, som gav oss lov til å gjere dette og til å laste ned bilete av framsida til avisa. --Harald Haugland 16. mar 2011 kl. 11:16 (CET)

Datakurs på Bygland

I dag var det datakurs på Bygland frivilligsentral med eit tital deltakarar. Mange var innom Setesdalswiki. Sjølv om ingen redigerte, var det mange som las på ulike sider. I går runda vi 150.000 sidevisningar, og no er vi på god veg mot 151.000. --Harald Haugland 16. mar 2011 kl. 22:32 (CET)

1000 artiklar

Då har vi runda 1000 artiklar her på Setesdalswiki. Det skjedde for nokre dagar sidan. Artikkel nr. 1000 var KrF-lista i Evje og Hornnes 2011 og vart lagd inn av Bjørn Ropstad. Han la den inn på si diskusjonsside, men sidan vart artikkelen flytta til eige oppslag. Setesdalswiki har eit mål om å dekke alle politiske listene i Setesdal ved kommunevalet 2011. Difor er vi takksame for alle slike bidrag. Utfordringa blir etter kvart å skrive biografiske artiklar om alle som står på listene, slik at ein kan lese meir om politikarane våre der. Takk til Bjørn Ropstad, nå går vi i gang med dei neste tusen artiklane. --Harald Haugland 30. mar 2011 kl. 14:48 (CEST)

Innhaldsliste for Setesdølen på nett

I Setesdølen nr. 28, 2011 som kom ut i går, var det ein liten artikkel med ovanståande tittel, skrive av Ole Birger Lien, der han laga eit intervju med underteikna om korleis ein kan bruke Setesdalswiki som indeks for Setesdølen frå 2010 og framover. --Harald Haugland 9. apr 2011 kl. 11:42 (CEST)

1100 artiklar

Vi runda 1100 artiklar med artikkelen om Byglandsheimen, trudde eg. Men då eg sidan sjekka, var det artikkel 1104, og artikkelen om Harald Aas vart då nr. 1100. Den plundra eg litt med, for sjølv om det dukka opp ein Harald Aas som var maskinentreprenør ved søk på Google, var det mest om røyrleggaren med same namnet. Eg vonar at det vart rett etter kvart, om ikkje må du som les dette, bare fikse på artikkelen, jfr. teksten øverst på sidene. No er spørsmålet om vi klarar 1200 før Setesdalskonferansen 2011. Setesdalswiki vart jo starta på Setesdalskonferansen 2009. --Harald Haugland 21. apr 2011 kl. 15:41 (CEST)

1200 artiklar

Eg nådde målet om 1200 artiklar før Setesdalskonferansen 2011. Artikkelen om ØIF-Arendal, som eg skreiv kvelden før konferansen, vart nr. 1200. Det var ein kort artikkel som eg skreiv for å gjere alle lenkene i programmet for konferansen blå. Målet var å syne at til ein slik konferanse, kan ein ha ein kort presentasjon av aktuelle aktørar på Setesdalswiki. Setesdal Regionråd har mange konferansar dei i prinsippet kan bruke Setesdalswiki til å promotere og til å gje deltakarane ekstra informasjon. Til no har korkje Regionrådet eller andre konferansearrangørar nytta seg av denne sida av Setesdalswiki i andre samanhengar enn på Setesdalskonferansen 2011. Men det er fullt mogleg å gjere det. --Harald Haugland 11. mai 2011 kl. 00:30 (CEST)

Eit anna poeng er at det er råd å skrive på diskusjonssida til artikkelen om Setesdalskonferansen 2011. Der kan folk legge inn kommentarar og slik hjelpe med evalueringa av konferansen. --Harald Haugland 11. mai 2011 kl. 00:33 (CEST)

Bilete frå 17. mai

Dersom du har bilete frå 17. mai, kan du laste opp fil til Setesdalswiki og legge dei ut i artikkelen om 17. mai 2011. --Harald Haugland 17. mai 2011 kl. 19:52 (CEST)

1300 artiklar

Artikkel nr. 1300 vart Setesdalstinget 2011, som er eit arrangement Setesdal Regionråd skal ha onsdag 8. juni 2011 og torsdag 9. juni 2011. Kommunestyra i dei fire Setesdalskommunane skal møtast og snakke om utviklinga framover og dagens situasjon under mottoet «Gjestfri for nye tankar». --Harald Haugland 29. mai 2011 kl. 13:47 (CEST)

Mediawiki versjon 1.17.

Setesdalswiki er nå oppdatert til versjon 1.17.0. Også utvidelser er oppdatert. Ser du noe som ikke virker så ta kontakt. —Helland 25. jun 2011 kl. 13:15 (CEST)

Det ser ut til at kartfunksjonen har fått problem etter den oppdateringa, i alle fall om ein legg inn stolpe med tekst i kartet, men truleg og med stolpe utan tekst. Kartfunksjonen er ikkje oppdatert sidan 2009, så med versjon 1.17 er det truleg kome inn noko som lagar problem. --Harald Haugland 12. jul 2011 kl. 22:13 (CEST)

1400 artiklar

Artikkelen om Svein Egil Syrtveit vart artikkel nr. 1400. Den er skriven for å få artiklar om alle kandidatane på Høgre-lista i Evje og Hornnes 2011. Framleis er det 10 artiklar att før det målet er nådd. Det store målet er å få artiklar om alle som stiller til kommunevalet 2011. Men om ein skal klare det, trengst det både hjelp og informasjon. --Harald Haugland 25. jun 2011 kl. 14:40 (CEST)

1500 artiklar

Så runda vi 1500 artiklar på Setesdalswiki. Det skjedde i dag, og det var artikkelen om Setesdølen nr. 57, 2011 som vart artikkel nr. 1500. Grunnlaget for den artikkelen låg jo i avisa vi fekk fredag 22. juli 2011, men den dagen vart ein «norsk langfredag», som nokon sa. Så eg makta ikkje å skrive noko særleg dagane etterpå, eg vart sitjande og fylgje med på TV når eg ikkje hadde andre gjeremål. Slik var det sikkert for mange, bruken av Setesdalswiki har gått noko ned denne helga. Men den beste måten å kome seg vidare på, er å gå i gang med dei gjeremåla ein har, og så kjem dei vonde hendingane noko på avstand. Bli gjerne med i skrivinga, det er hundrevis av raude lenker som ventar på at nokon skal skrive artiklane som manglar. --Harald Haugland 26. jul 2011 kl. 12:58 (CEST)

Kart

Kartfunksjonen har vært vært mye brukt på Setesdalswiki. Uheldigvis har ikke utviklingen av funksjonen hengt med utviklingen av Mediawiki-programvaren. Funksjonen er derfor slått av inntil en løsning blir funnet. —Helland 28. jul 2011 kl. 20:53 (CEST)

Etter ½ år uten kart er er nå alle kartene lagt over til et nytt format. Se Hjelp:Kart for mer informasjon om hvordan du kan sette inn finne koordinater og sette inn kart.—Helland 11. des 2011 kl. 13:44 (CET)

1600 artikler

I dag var det en spesiell dag i Valle, både stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad og ordførarkandidat for Iveland KrF, Olaf Engestøl jr. var på besøk, dei hadde ein tur oppover dalen. Vi fekk ein hyggeleg prat før Bjørgulf T., Berg, som var med dei, måtte gå, og kort tid etter tok Kjell Ingolf turen over fjellet til Oslo. Medan Olaf sat og venta på bussen nedover dalen, skreiv han tre artiklar om politikarar på KrF-lista i Iveland 2011, og dermed runda vi 1600 artiklar i ein fart. Eg sat ved sida av han og hjelpte han til å få kontroll på wiki-skrivinga, det var hans første redigeringar på Setesdalswiki. Takk for god innsats, Olaf, og god tur nedover dalen med Setesdalsekspressen. --Harald Haugland 24. aug 2011 kl. 16:00 (CEST)

Bilder

Wikimedia Commons er en bildedatabase med over 11000000 bilder og annet multimediainnhold. Alt kan brukes fritt på nettet med en fri lisens. Nå kan du bruke bilder fra Wikimedia Commons her på Setesdalswiki som om de var lokale bilder. Ingen flytting (nedlasting og opplasting) er nødvendig, og det belaster serveren mindre. Jeg håper det gjør at det blir flere bilder til artiklene her på Setesdalswiki. —Helland 15. sep 2011 kl. 23:22 (CEST)

1700 artiklar

Med artikkelen Coop Marked Byglandsfjord runda vi 1700 artiklar, akkurat ein månad etter forrige runde tal. Stoffet er henta frå Setesdølen nr. 75, 2011, men om nokon veit meir, er det bare å fylle ut. Til dømes stod det ingenting i Setesdølen om kva tid Coop Marked Byglandsfjord vart oppretta. --Harald Haugland 24. sep 2011 kl. 08:20 (CEST)

1800 artiklar

Plan- og miljøutvalet i Valle 2011 vart artikkel nr. 1800. Det var konstituerande møte i Valle kommunestyre i kveld, og der valde dei folk til nemnder og utval i kommunen. Dei hundre artiklane mellom 1700 og 1800 gjekk unna på 18 dagar, tidlegare har det vore om lag ein månad på hundre artiklar. Men no er det kanskje råd å nå 2000 artiklar før årsskiftet. Det hadde vore spennande. --Harald Haugland 12. okt 2011 kl. 23:16 (CEST)

Vårliv i november

Med artikkelen Vårliv, som handlar om ein av songane på Kirsten Bråten Berg si plate Min kvedarlund, runda vi 1900 artiklar. Om vi ser på kva artiklar som er nemnde her på Såpekassen i samband med at vi rundar eit rundt tal, ser vi at variarsjonen på Setesdalswiki er stor. No går vi mot 2000. Bli gjerne med i dugnaden for å gje Setesdal eit fyldig leksikon. --Harald Haugland 1. nov 2011 kl. 22:07 (CET)

I dag runda Setesdalswiki 2000 artiklar. Artikkelen om Byglandsfjord renseanlegg fekk æra. Setesdølen hadde fire sider om anlegget på fredag 25. november 2011, og med annonsar frå ei rekke leverandørar. Basert på dette stoffet kunne eg skrive artikkelen, og Reidar Tveito hadde lasta opp eit bilete som han tok i sommar, så det gjekk rett inn i artikkelen. Dermed vart det ein fyldig og illustrer artikkel.

Vi hadde lagt plan for å få på plass ny logo den dagen vi runda 2000 artiklar. Den er laga av Ove Kjetså og symboliserer samanhengen som Setesdalswiki har med Setesdal Regionråd, som jo har krullane som symbol. I Setesdalswiki sin logo har krullane blitt forma som eit tre som veks vidare og vidare utover og oppover. Setesdalsfargane svart, grønt og raudt er og kome med i logoen.

Setesdalswiki har artiklar om både næringsliv, kultur, geografi og folk. Sjølv med 2000 artiklar har vi bare så vidt skrapa i alt det er å skrive om, nesten kvar einaste av dei 2000 artiklane har raude lenker, det vil seie emne ein kunne skrive om, men som ikkje har artikkel enno. Etter kvart vil nettstaden bli ein ressurs for alle som vil vite meir om Setesdal. Ressursen vil bli betre om fleire blir med og skriv, og det er enkelt å registrere seg og å kome i gang. Om du vil prøve og treng hjelp, kan vi sikkert finne ein måte å hjelpe på. --Harald Haugland 27. nov 2011 kl. 12:49 (CET)

2100 artiklar

Setesdalswiki runda 2100 artiklar 14. desember 2011 med artikkelen Valle Radio 14. desember 2011. Like etter kom artikkel nr. 2101 om Odd Håvard Dahle. Han deltok på møte i Setesdal RegionrådHovden i dag, der eg fekk vere med og difor kunne skrive om IKS-selskapa som kommunane i Setesdal har etablert. Iveland er med i fleire av desse selskapa, ettersom dei var med i Setesdal Regionråd før dei vart med i Kristiansandsregionen. --Harald Haugland 14. des 2011 kl. 14:09 (CET)