Karen Abusdal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Karen Abusdal
Født: 16. oktober 1915
Død: 5. desember 2017 (102 år)

Karen Abusdal (fødd 16. oktober 1915, død 5. desember 2017) var enke etter Åsmund Abusdal, som dreiv Esso-stasjonen i Dåsnes. Ho døydde på Evjeheimen. Gravferda var frå Hornnes kyrkje 13. desember 2017.

Karen vaks opp i ein søskenflokk på 13 i Bjønndalen i Vennesla. Foreldra var Olga og Kristen Voreland.

Alt som 15-åring fekk ho seg arbeid som hushjelp og butikkhjelp i Kristiansand. I 1935 gjekk ho på Søgne Folkehøgskule samstundes som ho arbeidde på kjøkkenet. Der møtte ho Åsmund, dei gifta seg i 1939 og flytta til Hornnes i 1940 sjølv om han framleis arbeidde i Kristiansand. Han var og aktiv i motstandsarbeidet under 2. verdskrigen, og låg i dekning i Åseralsheia. I 1944 ville Gestapo sende henne til Grini, men då reiste nevøen, Torfinn Kallhovd i staden for henne.

I 1950 overtok dei bensinstasjonen som far til Åsmund, Gunvald O. Abusdal, hadde starta i 1934. Dei fekk fire jenter og ein gut. Sjølv om det og var mykje å gjere på bensinstasjonen, som vart utvida med kiosk og kafé, hadde ho tid til å vere med både i foreningsarbeid og kor. 61 år gammal tok ho førarkort, og ho arbeidde på bensinstasjonen til ho vart 70. I 2007 kom ho på Evjeheimen, der ho feira 100-årsdagen i god form med stort selskap.

Kjelder[rediger]