Den Gamle Gaard

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Det gamle setesdalshuset der Den Gamle Gaard held til.

Den Gamle Gaard er eit selskapslokale på Hovden. I sommarsesongen driv kokken Thor Thorstensen kafé der. Elles kan grupper bestille servering. Lokala er ein del av gardsbutikken Fjellgarden Hovden. Ein legg vekt på kortreiste råvarer i matlaginga.

Bygningen er eit tradisjonelt lafta setesdalshus. Det har årestove i eine enden og skåp og kvile med peis i nystova. Her blir det dekt bord til opp til 30 gjester, men i uformelle høve der også årestova nyttast, kan ein ha fleire gjester. Vertskapet kan også ordne med underhaldning, til dømes felespel eller folkesong.

Kjelder[rediger]