Setesdalswiki:Såpekasse/Arkiv 2012

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
< Setesdalswiki:Såpekasse
Hopp til: navigasjon, søk

Arkivert fra såpekassen. --Helland (diskusjon) 5. sep. 2014 kl. 21:33 (CEST)

2200 artiklar

Det er kanskje ikkje så unaturleg at det var artikkelen om Setesdølen nr. 1, 2012 som vart artikkel nr. 2200. For overskriftene i Setesdølen har vore ei viktig kjelde til at Setesdalswiki har vakse i året som har gått. Vi runda 100 artiklar i slutten av mars 2010, så veksten har vore svært stor. Men det er mykje meir å skrive om, og mange røde lenker i det stoffet vi alt har, så Setesdal Regionråd sine fire kommunar vil etter kvart få ei stor kjelde med informasjon om regionen. Nå er neste mål 2300 artiklar. --Harald Haugland 4. jan 2012 kl. 18:01 (CET)

Endring av framsida

Som brukarar kanskje har lagt merke til, har vi endra framsida. I staden for å ha eit utvald bilete, har vi no fått ein boks med informasjon om den aktuelle dagen. I det meste av 2011 har vi skrive datoartiklar basert på det som står i Setesdølen av hendingar. Det har vore gudstenester og møte, konsertar og andre hendingar. Desse artiklane har ein kunna finne ved å klikke på kalenderen i venstremargen, og så gå til aktuell dato. No gjer vi det lettare for brukaren å finne hendingar i Setesdal ved å flytte datoartikkelen til framsida. Framleis kan lag og organisasjonar som arrangerer noko, legge inn informasjon på den aktuelle dagen. Eg skulle ønske at lag i Setesdal tok i bruk denne sida og at Setsdalswiki kunne tene som ei oppslagsside for organisasjonar som ikkje sjølv har heimeside. Bruk Setesdalswiki, helst ved å skrive inn direkte sjølv, det er det beste, eller ved å sende ein mail til <harhaugl krøllalfa gmail.com.> --Harald Haugland 4. jan 2012 kl. 18:01 (CET)

Gamle aviser

Etter å ha samla på gamle nummer av Setesdølen i tjue år, minst, hadde Valle kommune ryddesjau denne veka og valde å kassere heile arkivet. Men i staden for å køyre det til Syrtveit, kom det ein telefon til meg om eg ville bruke det til Setesdalswiki, så eg sa takk. Difor henta eg fredag ein haug med tidskriftboksar fulle av gamle aviser og tok med meg til Mandal. Resten skal heg hente på måndag. Mend korleis eg skal arkivere det, vert eit problem. Men det får eg løyse uover vinteren. Tusen takk til Elise Marie Kringen, som tok telefonen til meg, og til Valle kommune, som har samla aviser i så mange år for at dei kunne kome Setesdalswiki til nytte. --Harald Haugland 21. jan 2012 kl. 00:02 (CET)

Så runda vi 2300

Det var artikkelen om Knut Olav Tveit som vart artikkel nr. 2300 på Setesdalswiki. Eg blogga og om det. Med tusen gamle setesdølen bør vel dei neste hundre gå høveleg raskt om ein går i gang med dei. Til no har eg skrive inn tre aviser frå 2007 av dei som eg fekk då Valle kommune kasta arkivet dei hadde samla av gamle aviser og eg fekk overta det. Så får vi sjå korleis det går vidare. --Harald Haugland 26. jan 2012 kl. 23:37 (CET)

2400

Det vart artikkelen om Olav Mosdøl som førte Setesdalswiki over 2400 artiklar. Han hadde konsert på Hovden i kveld, i Fjellgardane kyrkje, og eg tenkte det høvde å leite fram stoff om han av den grunn. Det kunne nok kome mange artiklar om ein skulle skrive om kvar bok og plate han har skrive eller medverka til, men det får kome etter kvart. Det gjekk ein knapp månad på desse hundre artiklane, så får vi sjå frametter våren kor fort det går å runde ein ny milestolpe. --Harald Haugland 25. feb 2012 kl. 23:44 (CET)

På grunn av teljefeil vart det først i dag klart at det var artikkelen om Setesdølen nr. 17, 2012 som sende oss over 2400. Mediaviki tel ikkje artiklar utan komma eller lenker, så det var nokre artiklar som ikkje kunne teljast som var med i talet eg lanserte for nokre dagar sidan. Uansett, no skulle vi ha passert det runde talen. --Harald Haugland 28. feb 2012 kl. 20:13 (CET)

Nytt hundretal

Det vart hundre nye artiklar i mars, og det hadde eg ikkje trudd, for med lungebetennelse det meste av månaden har i alle fall ikkje eg hatt så mykje energi, sjukemeld, penicillinetande og febersjuk som eg har vore. Det var artikkelen om Earth Hour-konsert 2012 som vart artikkel nr. 2500, viktig mønstring i Evje kyrkje akkurat medan eg skriv dette. Planen min var i grunnen å skrive artikkelen tidleg i dag, men eg trong ein pause, og den vart lang, så artikkelen kom ikkje før arrangementet gjekk mot slutten. Om nokon som les dette, var der og kan fylle ut, er eg sjølvsagt svært takksam.

Det er snart tre år sidan prosjektet starta, og i slutten av april er det tid for Setesdalskonferansen 2012. I år skal den vere på Bykle Hotell, eg vonar du som les dette og er i målgruppa, melder deg på. Fristen er 13, april 2012, det er jo like over påske. Eg hadde vona at vi skulle klart 3000 artiklar til konferansen, men det går ikkje når ein mister heile skrivekrafta, så det får vere som det vere vil. --Harald Haugland 31. mar 2012 kl. 21:17 (CEST)

3 år

Setesdalskonferansen 2012, som var på Bykle Hotell torsdag 26. april 2012 og fredag 27. april 2012, markerte med klappsalvar torsdagen at det var på dagen tre år sidan første redigering på Setesdalswiki. 3. mai runda vi så 2600 artiklar. Det var artikkelen Konfirmantar i Hornnes 2012 som vart artikkel nr. 2600. Sjølv om produksjonen av nye artiklar ikkje har gått så fort som eg hadde tenkt, med 100 i månaden, så held vi etter måten jamn fart mot 3000 artiklar. Bli gjerne med i skrivinga, det er bare å finne ei rød lenke for å skrive ein ny artikkel. Veit du noko som bør med i ein artikkel vi alt har, er det bare å klikke på rediger-fana øverst på sida, så kan du skrive det inn i artikkelen. --Harald Haugland 3. mai 2012 kl. 21:19 (CEST)

2700

I mai har eg hatt glød for å skrive, så i dag runda vi 2700 artiklar med Gorrlaus (cd), ei plate Gunnar Stubseid spelte inn i 2008. --Harald Haugland (diskusjon) 19. mai 2012 kl. 14:04 (CEST)

Tale for dagen

I dag runda vi 2800 artiklar. Det var Bjørgulv Sverdrup Lund sin 17. mai-tale i Valle 2012 som vart artikkelen som fekk fram 8-talet og då hadde vi klart ny rekord med 200 artiklar på ein månad og ein dag, det var 2600 den 3. mai. Finn ei rød lenke, klikk på den og bli med på skrivedugnaden, du og. --Harald Haugland (diskusjon) 4. jun 2012 kl. 21:30 (CEST)

Eit festskrift

Festskriftet Valle kyrkje 1844-1944 vart artikkel nummer 2900. Eg var i Valle sist veke og då lånte eg nokre bøker som kunne danne grunnlag for artiklar på Setesdalswiki. Dette festskriftet har artiklar om prestane i Valle, og det er og ein artikkel på Setesdalswiki med ei presteliste, så eg tenkte eg kunne få grunnlag til å skrive nokre av desse artiklane. Då er det greitt å ha ein artikkel om sjølve heftet. Det vart laga under krigen, og då var det jo ikkje så lett å lage større bøker, så det står respekt av arbeidet som vart gjort i høve 100-årsjubileet for Valle kyrkje. --Harald Haugland (diskusjon) 4. jul 2012 kl. 14:48 (CEST)

3000 artiklar!

Artikkelen Longerak vart artikkel nr. 3000 på Setesdalswiki. Den vart oppretta ved fire-tida i dag av Siri J som nok har fylgd med på framsida og sett at det gjekk mot eit rundt tal, for ho oppretta små artiklar om gardane på Longerak før ein noko større artikkel om grenda kom på plass. (Ikkje visste eg at det var ein gard der som heiter Vittenberg, hadde garden lege i Nord-Norge, hadde vel eigaren heitt Luther og. Det var forresten ein prest i Valle som heitte Martin Luther Svanholm, eg tur eg får skrive om han i dag.) Då har vi brukt litt over 3 år på å nå denne milesteinen for Setesdalswiki, og som du skjøner, det stoppar ikkje her. Totaltal for sidevisningar er 580.040 og tala for juli 2012 seier 2700 unike gjester, 4110 besøk, 48.450 sidevisningar og 86.684 treff. Gratulerer med dagen til alle som les og skriv i leksikonet for Setesdal! --Harald Haugland (diskusjon) 1. aug 2012 kl. 16:41 (CEST)

3100

Eg hadde trudd at eg skulle klare 3100 artiklar til 1. september, men så vart eg naseforkjølt og mista skrivelyst i helga. Dermed nådde eg ikkje målet før i dag. Det vart artikkelen om 7. september 2012 som runda merkesteinen. Hadde eg vore observant på at Tor Egil Vaule Andersen hadde sendt meg teksten til Riket i to (sang), kunne eg ha snudd på det og skrive om den først, men no var eg ikkje det, og då var det ein datoartikkel som fekk litt ekstra merksemd. Datoartiklar er artiklar som prøver å fange opp hendingar i Setesdal den aktuelle datoen. Om fleire hadde vore med og skrive, hadde vi nok fanga opp fleire hendingar og. No vert det mest å lite på Setesdølen sine annonsar. --Harald Haugland (diskusjon) 5. sep 2012 kl. 13:54 (CEST)

Otrahallen

Otrahallen vart artikkel nr. 3200 på Setesdalswiki. Geir Daasvatn laga den like over midnatt i dag, i løpet av gårsdagen laga han seks-sju nye artiklar, og dermed runda vi eit nytt hundretal. Takk og til Reidar Tveito for innsatsen med Melejuvet dei siste dagane, om fleire fylgjer i spora deira, kan vi vekse fortare framover enn vi har gjort til no. Det er framleis mykje å skrive om. I går var det 196 besøk, det er rekord til no i september, i snitt har vi 150 besøk kvar dag. --Harald Haugland (diskusjon) 25. sep 2012 kl. 08:53 (CEST)--

Kristin Brokke

Artikkelen om Kristin Brokke ble artikkel nr. 3300. Eg hadde håpa at ein eller annan hadde kome meg i forkjøpet og skrive ein artikkel i ettermiddag, men det var det ikkje, så då tenkte eg at ein artikkel om Kristin kunne høve til å runde eit nytt hundretal i og med at ho opna kunstutstillinga «insideout» i Valle frikyrkje i dag som ein tjuvstart på Kulturveka 2012. Dei siste hundre artiklane kom på 25 dagar, så om vi held den farten, bør vi klare eit nytt tusental før neste Setesdalskonferansen. --Harald Haugland (diskusjon) 20. okt 2012 kl. 21:36 (CEST)

Alkekonge

Den første fuglen vi omtala på Setesdalswiki, vart alkekonge. Grunnen til det er at fuglen hadde oppslag i Setesdølen nr. 89, 2012 side 11, ein artikkel som Lars Breistøl skreiv om ein alkekonge som hadde kome ut av kurs og vart funnen ved Vassend. Setesdalswiki skriv om ting som er relatert til Setesdal, og fuglar generelt har til no ikkje vore med i leksikonet. Men det er stor fugleinteresse i Setesdal, og kan hende burde fuglar som er observert i Setesdal vore omtala på Setesdalswiki. I så fall treng eg hjelp frå fugleinteresserte folk. Artikkelen om alkekonge vart artikkel nr. 3400 i leksikonet, så vi veks, om ikkje med stormsteg, så går det no framover. Neste mål er 3500, kan hende klarar vi det før november er slutt, om nokre fleire vert med i skrivinga no i haustmørket. --Harald Haugland (diskusjon) 10. nov 2012 kl. 22:32 (CET)

Dåsvatn

Artikkelen om Dåsvatn har vi hatt ei stund, men den har ikkje vore telt med i talet på artiklar, for systemet tel bare artiklar som har lenker. Ettersom den artikkelen ikkje hadde lenker, vart den ikkje tald med. Men i kveld la Helland inn lenker og kart, og dermed runda vi 3500 artiklar på ein enkel måte. Eg fann litt meir stoff og utvida med eksterne lenker, slik at han ikkje var ganske snau. --Harald Haugland (diskusjon) 6. des 2012 kl. 20:26 (CET)

Bruk av bilete i media

Eg vart skuffa i dag over at aviser nyttar bilete utan å oppgjeve nettstad eller fotograf. Og undrande over forklåringa om at det ofte mangla opplysningar om opphav til vanlege bilete på Google? Trur aldri eg har opplevd det. Reidar Tveito, 18.12.2012.

Eg prøver å oppgje fotograf, det er litt i ryggmargen etter nokre år i wikimiljøet. Har du lenke eller meir konkret eksempel på det som skjedde? --Harald Haugland (diskusjon) 18. des 2012 kl. 18:48 (CET) (du kan signere innlegg her på Såpekassen ved å bruke pennen som er over redigeringsvinduet, eg trur det er knapp nr. 6 frå venstre).

Har ingen ynskje om bråk, men vart så skuffa at litt frustrasjon måtte ut her i såpekassa. Ikkje over bruk av bilete, det er berre moro, og fint om Setesdalswiki vert nemnt her og der, slik som t.d. i Agderposten. Det er vanleg at mediabedrifter finn bilete og anna på Google, det gjer eg sjølv også, men alltid med kjeldeopphav. Her hadde ein gått inn i ein artikkel på Setesdalswiki, funne høveleg bilete og tilhøyrande fakta, og så gløymt å kredidera Setesdalswiki som kjelde. Ein glipp, OK. Men forklåringa på at mange bilete er utan kjelde på Google eller facebook, og difor ofte må brukast utan kjelde, er det tilfelle? Trur ikkje ein finn eit einaste bilete eller artikkel utan kjelde på Google. Tek eg feil her?--Reidar T (diskusjon) 18. des 2012 kl. 19:38 (CET)

Kva for eit bilete var det, og kven brukte det? --Harald Haugland (diskusjon) 18. des 2012 kl. 21:35 (CET)
Alle bilete på Internett har ei side ein kan vise til. Bileta på Setesdalswiki har ei slik side som vert laga når bileta vert lasta opp. Der pleier eg å skrive at eg har henta biletet frå Facebook-sida til den som er avbilda, til dømes. Om nokon finn eit bilete på Setesdalswiki eller ein annan wiki, er det vanleg å skrive at biletet er henta derifrå, ofte og ved å kreditere fotografen. Eg trur nok at i dei seinare åra er det blitt meir og meir vanleg i Norge. Før var det til dømes uvanleg å kreditere skribent og fotograf i Setesdølen, eg hugsar godt at eg undra meg over det då eg kom til Valle i 1991, men no står det som oftast «Tekst og foto» over artiklar av ein viss lengde. Notisar og ein del bilete har framleis ikkje byline. Det må ein nok leve med, ein kan vel tenke seg at dei har vore i eige arkiv og funne bileta. Sjølv ikkje Aftenposten har namn på fotograf på små bilete og notisar, til dømes ved fødselsdagsomtalar. Bileta på Wikipedia er frie, men ein må kreditere fotografen og det er litt «del på same villkår-system». Eg hugsar at for fire,fem år sidan var det ei avis som hadde brukt eit bilete frå Wikipedia utan å oppgje fotograf. Då sende han rekning på 1500 kroner. Avisa betalte, men seinare har det byline på alle bileta dei brukar. Ein annan wikipedia-fotograf, Jarle Vines, skriv på bileta han lastar opp der, at dei er til fri bruk om ein fylgjer systemet med kreditering, men om ein ikkje vil det, kan ein ta kontakt for å avtale betaling. --Harald Haugland (diskusjon) 19. des 2012 kl. 11:42 (CET)
Eigen erfaring frå Fædrelandsvennen er at dei betalar kr 1000 for bruk av bilete, og dei krev omlag tilsvarande når det er omvendt. --Reidar T (diskusjon) 19. des 2012 kl. 20:07 (CET)
Eg likar denne samtalen. Idear vert utveksla og då dukkar nye idear opp. Spørsmålet om å få bilete til bruk på wiki kan ein jo gå vidare ut med og spørje på Facebook og andre sosiale medier. Det er høveleg for oss, som ikkje har deadline på same måten som ei avis, vi kan setje inn bilete når vi får tak i bilete. Eg strevar med å finne bilete til julekalenderen, så om nokon som les dette, har bilete til den, hadde eg jo vore svært glad om dei registrerte seg og lasta opp bilete. --Harald Haugland (diskusjon) 19. des 2012 kl. 20:32 (CET)

Juleferie

For meg vart jula 2012 ei lesejul og desember ein lesemånad. Før eg tok juleferie, lånte eg fleire bøker av Cecilia Samartin på Valle folkebibliotek, og dermed var eg både i California, San Salvador og Spania i juleferien. Siste del av reisa mi denne jula, gjekk til Jackson, hovudstaden i delstaten Mississippi, røynde lesarar vil då vite at det handla om boka Barnepiken. Desse reisene førte til fråvær på Setesdalswiki, særleg på framsida, der det dagleg stod «Ingenting skjer i Setesdal i dag» på datosidene på framsida. Vonleg var det ikkje den store skaden, eg trong litt juleferie frå wikiskriving. Men etter kvart kjem eg nok i gang att. Gledeleg jol til alle som les Såpekassen. --Harald Haugland (diskusjon) 27. des 2012 kl. 11:00 (CET)