Setesdalswiki:Såpekasse/Arkiv 2013

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
< Setesdalswiki:Såpekasse
Hopp til: navigasjon, søk

Arkivert fra såpekassen. --Helland (diskusjon) 5. sep. 2014 kl. 21:35 (CEST)

3560 i 2012

I 2012 nådde vi 3560 artiklar. 4. januar 2012 hadde vi 2200 artiklar, det betyr at vi i løpet av året som no ligg bak oss, har auka med 1360 artiklar. Takk til alle som har vore med på denne dugnaden for Setesdal. Vi skal halde fram i 2013 og går på med friskt mot og nye krefter. Godt nytt år til alle lesarar og skribentar. --Harald Haugland (diskusjon) 1. jan 2013 kl. 00:02 (CET)

Geir Magne Feed

Artikkelen om Geir Magne Feed vart artikkel nr. 3600. Han vart lagra for eit par minutt sidan, basert på artiklar i Setesdølen og Fædrelandsvennen samt litt anna stoff som eg rota opp. Som alle artiklar på Setedalswiki kan han utvidast av den som veit meir. --Harald Haugland (diskusjon) 7. jan 2013 kl. 19:50 (CET)

På med fjellskoa til sommeren

Endelig ferdig med å legge ut omtale av alle fjelltopper som har vore omtala i hefta om fjell og nutar i Setesdal. Om du trives med å gå i heia, så kan du finna nye turmål utanfor dei vanlege løypene, så snart snøen forsvinn. God tur! --Reidar T (diskusjon) 9. jan 2013 kl. 22:06 (CET)

Takk for dei artiklane. Eg vil nok halde meg til bilvegane, men å lese om fjellturane dine er ei glede både på Setesdalswiki og i bøkene. --Harald Haugland (diskusjon) 9. jan 2013 kl. 23:24 (CET)

3700 artiklar

Artikkelen om Ommund Tveit vart artikkel nr. 3700. Dei hundre artiklane fekk vi på vel tre veker, så januar 2013 har vore ein produktiv månad. Velkommen til å bli med i artikkelproduksjonen av dette leksikonet for Setesdal. --Harald Haugland (diskusjon) 30. jan 2013 kl. 17:24 (CET)

3800 artikler

Jeg hadde jo håpet at noen andre ville skrive artikkel nr. 3800 mens jeg så på dagens sport på TV etter at jeg hadde skrevet om artikkelen Folkefestens arkitektur, hvor valldølen Ånund Brottveit er medforfatter. Da Norge hadde fått fjerdeplassen i laghopp, noe som kom fram på sporten i Dagsrevyen, jeg trodde de hadde fått sølv, begynte jeg å skrive inn gudstjenestene for søndag 3. mars 2013. Da så det ut til at jeg måtte skrive artikkel nr. 3800. Thore Oustorp skulle være prest i Hornnes kyrkje, og det var en rød lenke, så jeg tenkte at jeg fikk skrive om ham, jeg visste hans navn var rødlenket flere ganger i databasen. Det var imidlertid ikke så lett å finne god informasjon om ham før jeg fant navnet hans i NLM-leksikon, og smått om senn ble det en artikkel. Men da jeg lagret den, hadde Reidar Tveito skrevet artikkelen Åseral kommune, overgang til Vest-Agder fylke. Det ble artikkel nr. 3800, og artikkelen om Thore Oustorp ble begynnelsen på neste hundretall. Det gikk en måned på de siste hundre artiklene, det er vel omtrent snittfarten for artikkelproduksjon på Setesdalswiki. Nå blir utfordringen å runde 4000 artikler før Setesdalskonferansen 2013 i april. --Harald Haugland (diskusjon) 2. mar 2013 kl. 23:44 (CET)

Mot 4000

Det gjekk bare 20 dagar frå 3800 artiklar til 3900. Artikkel nr. 3900 vart artikkelen om Trygve Moi. Den er basert på dødsannonsen som stod i Setesdølen nr. 50, 2002. Eg hadde skrive artikkelen sist sundag, men gløymt å lagre han, så då var det lett å runde denne milesteinen då eg sette meg til datamaskinen i kveld. Nå er målet å nå 4000 artiklar før Setesdalskonferansen 2013. Setesdalswiki vart jo starta etter Setesdalskonferansen 2009, så om eg når målet, har snittet på skrivinga vore 1000 artiklar i året desse siste fire åra. --Harald Haugland (diskusjon) 22. mar 2013 kl. 22:54 (CET)

Merkedag 4. april 2013

Så runda Setesdalswiki 4000 artiklar. Det var ein liten artikkel om Marie Simonsen som vart artikkel nr. 4000. Ho var einaste kvinne i Evje kommunestyre 1932, det var bilete av kommunestyret i ein artikkel i Fædrelandsvennen i går. Då tenkte eg at eg ville skrive om det biletet, men det var litt vanskeleg å få det til, for artiklane skal jo ha foreldre. Så eg måtte dele artikkelen om Evje i to, ein artikkel om Evje kommune fekk stoffet om den kommunen som vart slått saman med Hornnes i 1960. Den andre gjeld tettstaden Evje, den vi til vanleg tenkjer på i dag når vi seier Evje. Dermed vart det råd til å ha ei «Sjå også»-lenke i kommuneartikkelen, og då kunne eg skrive om kommunestyret og lage ei lenke til Marie Simonsen. Det er jo vanskeleg å finne stoff om folk frå den tida, men eg var heldig og fann henne i eit register som DIS-Norge har, og der var det sanneleg og lenke til eit foto av grava. Det får gjere nytta når eg ikkje har bilete av dama sjølv. --Harald Haugland (diskusjon) 4. apr 2013 kl. 20:51 (CEST)

Ivelands eldste

Betzy Gåseflå fylte 100 år 3. mai 2013 og var då Ivelands eldste innbyggjar. Artikkelen om henne vart artikkel nr. 4100. Eg hadde trudd eg skulle nå det talet i god tid før 1. mai, men så fekk eg influensa og mista mange skrivedagar i feber og sjukdom. Men etter kvart har det blitt fleire artiklar att, så smått om senn er eg vel i gang att. --Harald Haugland (diskusjon) 6. mai 2013 kl. 20:32 (CEST)

Heiedagane 2013

I kveld, torsdag, vart det til at eg skreiv inn ein artikkelsuite om Heiedagane 2013. Eg tenkte eg ville skrive om foredragshaldarane på seminaret på Sølvgarden fredag. Frå før av hadde eg bare artikkel om Leonhard Jansen, men no står det noko om alle som står på programmet denne dagen. Og dermed runda me 4200 artiklar denne kvelden. Det var artikkelen om SNO sin mann i Suldal, Reidar Johan Sandal, som vart artikkel nr. 4200. Så spørs det om folk kjem på arrangementa og om temaet er interessant nok til at ein vil bruke ein fredagskveld på det. Litt informasjon om foredragshaldarane kan ein i alle fall finne på Setesdalswiki. --Harald Haugland (diskusjon) 14. jun 2013 kl. 00:05 (CEST)

Landeskogen Litteraturfest

Artikkelen om Landeskogen Litteraturfest vart artikkel nr. 4300. Det høvde for så vidt godt å skrive den 9. juli 2013, for i morgon går arrangementet av stabelen. Det er høve til å skrive ein del artiklar i samband med den artikkelen om ein skal skrive artiklar om dei som er med på arrangementet, og det burde eg truleg vere flinkare til å gjere, folk som kjem til Setesdal og slik gjer livet i dalen rikare, burde vel og få artikkel på Setesdalswiki, ikkje bare folk som bur i eller kjem frå Setesdal. Medan eg tidlegare har tenkt at folk må kanskje kome fleire gonger eller vere fleire dagar, trur eg at eg skal revurdere oppfatninga mi og sjå om eg kan få til noko også om folk som er innom og gjev oss kulturopplevingar av ymse slag. --Harald Haugland (diskusjon) 9. jul 2013 kl. 22:17 (CEST)

Veksten held fram

Artikkelen om Kjell Dahl vart artikkel nr. 4400. Eg hadde tenkt å skrive den 1. august, for eg var inne i ein stim då. Men så tenkte eg at om det var nokon som kom til å skrive ein ny artikkel i løpet av kvelden eller natta til 2. august, så kunne dei få runde milepelen. I løpet av 1. august var det om lag 250 innom og såg, men ingen andre enn eg som skreiv noko. I juli hadde vi godt besøk på Setesdalswiki, 4781 unike gjester hadde 9632 besøk. Det var over 150.000 viste sider, det er fleire viste sider enn i juni, som hadde 130 fleire unike gjester og om lag 900 fleire besøk. Så no går vi i gang med ein ny månad og vonleg vil veksten halde fram både i talet på artiklar og folk som brukar Setesdalswiki. --Harald Haugland (diskusjon) 2. aug 2013 kl. 10:41 (CEST)

I ein stim

Artikkelen om Stein Ødegård, tidlegare sokneprest på Evje, vart artikkel nr. 4500. Eg hadde kanskje trudd at vi skulle runda nytt hundretal innan utgangen av august, men slik gjekk det ikkje. Vi måtte fleire dagar inn i september før det skjedde. Men det kom i ein periode då vi og sette rekord i talet på sideoppslag på ein dag. For 3. september hadde vi 595 sideoppslag og dagen etter, altså i går, hadde vi 466 sideoppslag. Det er nok artikkelen om Vegnamn i Valle kommune som har generert ein del av oppslaga, den fekk over 350 oppslag frå klokka seks om kvelden til klokka elleve neste dag. Det er jo moro når arbeidet vi gjer, fører til interesse hos lesarar der ute. Takk til alle som er med på å gjere Setesdalswiki betre. --Harald Haugland (diskusjon) 5. sep 2013 kl. 16:13 (CEST)

Vegnamn i Valle

I malen «Vegnamn i Valle» ligg nærare 100 vegar og ventar på å bli blå. I kveld vart Haugelandsvegen blå, det vart artikkel nr. 4600. Prosessen med å få namn på vegane i Valle gjekk veldig fort, i løpet av sommaren 2013 var det gjort. Men etter at namna var vedtekne i Oppvekst- og kulturutvalet i Valle, kom det ønske om høyring, så formelt er ikkje namna heilt banka enno, sjølv om dei er godkjende av alle instansar. Om det skulle kome endringar, så får det våge seg, for då kan ein jo bare endre teksten her på Setesdalswiki, det er jo slik ein wiki fungerer. Arbeidet med å få blå lenker på alle vegnamna vil nok og ta noko tid. --Harald Haugland (diskusjon) 2. okt 2013 kl. 20:55 (CEST)

Plutseleg runda vi 4700

Det gjekk noko meir enn ein månad før vi runda 4700 artiklar. Men i dag skjedde det, artikkelen var om Clare Jortveit, ein av foredragshaldarane på konferansen Framtidsbygda 2013 som startar på Sølvgarden i dag. Eg tenkte eg skulle skrive om foredragshaldarane i det minste, og dermed var det ein amerikanar som vart artikkel nr. 4700. Om ho har noko nært forhold til Setesdal ut over å ha vore med på konferansen, veit eg ikkje. Men no er det i alle fall artikkel om henne på Setesdalswiki. --Harald Haugland (diskusjon) 12. nov 2013 kl. 10:17 (CET)

Seks veker på nye hundre

Det gjekk lenger tid enn ein skulle tru på å kome til 4800 artiklar. Men i kveld skreiv Geir Daasvatn om EHbanen og dermed var det gjort. Stor takk til Geir, som i dag også hadde fleire andre artiklar relatert til Otra IL sitt store arbeid for idrett i Evje og Hornnes kommune. Å oppleve at fleire blir med i artikkelproduksjonen er ei julegåve til heile Setesdal. Mange trur at det ikkje er noko særleg å skrive om Setesdal, men det skulle vere motbevist når vi no snart har nådd 5000 artiklar, og det er framleis mange røde lenker å lage artiklar om. --Harald Haugland (diskusjon) 27. des 2013 kl. 19:54 (CET)