Fjellmannsvegen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Eksterne lenker: fjernet unødig kategori
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Fjellmannsvegen i Hornnes: lenkefiks Lauvås
Line 10: Line 10:
== Fjellmannsvegen i Hornnes ==
== Fjellmannsvegen i Hornnes ==
[[Fil:Gamle-setesdalsvegen-bergvaet-lindåna -evje-og-hornnes-120515.jpg|miniatyr|høyre|[[Bergvadet]] ved [[Lindåna]] vest for [[Ærekilen]]. Her var nok den beste staden å vade over elva for fjellmennene. I dag er det bru som gjer kryssinga mykje enklare. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Gamle-setesdalsvegen-bergvaet-lindåna -evje-og-hornnes-120515.jpg|miniatyr|høyre|[[Bergvadet]] ved [[Lindåna]] vest for [[Ærekilen]]. Her var nok den beste staden å vade over elva for fjellmennene. I dag er det bru som gjer kryssinga mykje enklare. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
Setesdølar på bytur kom ned frå heia ved [[Senum]], truleg ved [[Horgeknipen]]. Så fòr dei sørover Moseidmonane til [[Birkeland (Evje og Hornnes gnr. 5)|Birkeland]] og [[Fennefoss]]. Dei kryssa [[Dåsåna]] ved [[Faret]] og kom til garden [[Hornnes (garden)|Hornnes]]. Herfrå gjekk vegen vidare til [[Kjetså]]. Anten forbi [[Hornåsen]] eller over [[Voilan]] når elva var så låg at ein kunne vasse over. Frå Kjetså gjekk ein veg vidare om [[Strauman]] og austsida av [[Gullringstjønn]] til [[Moi (Evje og Hornnes gnr. 24)|Moi]]. Ein annan veg gjekk over [[Hannåsfeltet]]  til [[Hannåsmoen]] og Moi. Frå Moi gjekk vegen vidare sørover om [[Horneøygard]] over heia til garden [[Lauvås (Hægeland)|Lauvås]] i [[Hægeland]].<ref>[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, side 238</ref>
Setesdølar på bytur kom ned frå heia ved [[Senum]], truleg ved [[Horgeknipen]]. Så fòr dei sørover Moseidmonane til [[Birkeland (Evje og Hornnes gnr. 5)|Birkeland]] og [[Fennefoss]]. Dei kryssa [[Dåsåna]] ved [[Faret]] og kom til garden [[Hornnes (garden)|Hornnes]]. Herfrå gjekk vegen vidare til [[Kjetså]]. Anten forbi [[Hornåsen]] eller over [[Voilan]] når elva var så låg at ein kunne vasse over. Frå Kjetså gjekk ein veg vidare om [[Strauman]] og austsida av [[Gullringstjønn]] til [[Moi (Evje og Hornnes gnr. 24)|Moi]]. Ein annan veg gjekk over [[Hannåsfeltet]]  til [[Hannåsmoen]] og Moi. Frå Moi gjekk vegen vidare sørover om [[Horneøygard]] over heia til garden [[Lauvås (Vennesla gnr. 91)|Lauvås]] i [[Hægeland]].<ref>[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, side 238</ref>


== Fjellmannsvegen i Setesdal ==
== Fjellmannsvegen i Setesdal ==

Versjonen frå 3. november 2018 kl. 07:42

Bykil i Bykle. Her kom byklarane ned frå Byklestigen og nærma seg endeleg heimstaden att.

Fjellmannsvegen er den eldgamle ferdslevegen mellom Setesdal og kyststroka rundt Kristiansand. Han er også mykje blitt kalla «Dalemannsvegen». Ute ved kysten blei dei som kom frå dalen kalla fjellmenn eller dalemenn, og vegen fekk då naturleg namn etter dette.

Vegen var ein gang-, ride- og klauvveg, og var meir for ein sti å rekne. Han gjekk ikkje nede i dalen slik vegen gjer no, men følgde i staden stort sett heiedraga på vestsida av dalføret. Han var i bruk til den første ordentlege køyrevegen, «Postvegen», blei bygd oppover i Setesdal på 1840-talet. Langs vegen finnast ei lang rekke med kulturminne.

Turløype

Fil:Fjellmannsvegen Røyneland Hægeland 220316.JPG
Fjellmannsvegen merka ved Røyneland i Hægeland.
Foto: Geir Daasvatn

Fjellmannsvegen har lenge vore kjent. Tidleg på 1990-talet starta Torfinn Normann Hageland eit pionerarbeid med å finne att og merke delar av trasèen. Midt-Agder Friluftsråd blei etter kvart kopla inn i arbeidet, og vidareførte arbeidet til Hageland saman med Vennesla kommune. I dag kan ein vandre i fotspora til dei gamle fjellmennene, i merka løype, heilt frå Slettefet sør i Hornnes til Kristiansand, ei strekning på rundt 53 kilometer.

Fjellmannsvegen i Hornnes

Bergvadet ved Lindåna vest for Ærekilen. Her var nok den beste staden å vade over elva for fjellmennene. I dag er det bru som gjer kryssinga mykje enklare.

Setesdølar på bytur kom ned frå heia ved Senum, truleg ved Horgeknipen. Så fòr dei sørover Moseidmonane til Birkeland og Fennefoss. Dei kryssa Dåsåna ved Faret og kom til garden Hornnes. Herfrå gjekk vegen vidare til Kjetså. Anten forbi Hornåsen eller over Voilan når elva var så låg at ein kunne vasse over. Frå Kjetså gjekk ein veg vidare om Strauman og austsida av Gullringstjønn til Moi. Ein annan veg gjekk over Hannåsfeltet til Hannåsmoen og Moi. Frå Moi gjekk vegen vidare sørover om Horneøygard over heia til garden Lauvås i Hægeland.[1]

Fjellmannsvegen i Setesdal

Frå Hornnes fortsatte Fjellmannsvegen (Dalemannsvegen) altså nordover i Setesdal. Han gjekk opp på heia ved Senum. Herfrå følgde han Trældalane og Skomedalen. Han kom ned i dalbotnen ved Ose, gjekk opp på heia igjen ved Uppstad i Hylestad og ned i dalen ved Åmli i Valle. Nord for Hallandsfossen skal det ha vore overro til austsida av Otra.[2] Då hadde byklarane framleis fleire mil å forsere, inkludert Byklestigen, før dei var heime frå byturen.

I Setesdal er dei gamle trasèane ikkje gått opp og merka på same vis som lenger sør.

Kjelder

  • Fjellmannsvegen - en 1000-årig ferdselsvei, turguide med kart utgjeve av Midt-Agder Friluftsråd og Vennesla kommune
  • Torfinn Normann Hageland, Ferdsla i Setesdal i eldre tid, artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 82, 2006, side 127-141

Referansar

  1. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 238
  2. Gamalt or Setesdal II, side 131-132 (ny utgåve)

Eksterne lenker