Skilnad mellom versjonar av «Postvegen»
s (Lenke Kiledalen) |
s (Småpuss) |
||
Line 4: | Line 4: | ||
[[Fil:Fånefjell gammel veg 1842-1923 160714 (1).JPG|miniatyr|høyre|Fånekleiva blei bygd i 1842. Den første automobilen skal ha køyrd opp her i 1909. Biletet syner kleiva i dag. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Fånefjell gammel veg 1842-1923 160714 (1).JPG|miniatyr|høyre|Fånekleiva blei bygd i 1842. Den første automobilen skal ha køyrd opp her i 1909. Biletet syner kleiva i dag. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Postvegen''' var det ein kalte den første ordentlege køyrevegen frå [[Kristiansand]] og oppover i [[Setesdal]] (Den Sætherdalske hovedvei). Ved kongeleg resolusjon gjorde regjeringa vedtak | '''Postvegen''' var det ein kalte den første ordentlege køyrevegen frå [[Kristiansand]] og oppover i [[Setesdal]] (Den Sætherdalske hovedvei). Ved kongeleg resolusjon [[23. april 1939]] gjorde regjeringa vedtak om å bygge veg frå Kristiansand til [[Valle kyrkje]], og løyvde 59 000 speciedalar av statskassa til føremålet. Vegen var meint å skulle vere eit «spleiselag» mellom staten og oppsittarane langs vegen. | ||
Vegen kom gjennom [[Kiledalen]] i [[Hægeland]] fram til [[Moi (gnr. 24 Evje og Hornnes)|Moi]] og [[Hornnes]] i 1840. Han passerte over [[Dåsåna]] i [[Dåsnes]] på bru, og gjekk vidare på vestsida av [[Otra]] opp til [[Gullsmedmoen]]. Først i 1889 blei det bygd veg mellom [[Evje]] og [[Byglandsfjord]] på austsida av Otra. | Vegen kom gjennom [[Kiledalen]] i [[Hægeland]] fram til [[Moi (gnr. 24 Evje og Hornnes)|Moi]] og [[Hornnes]] i 1840. Han passerte over [[Dåsåna]] i [[Dåsnes]] på bru, og gjekk vidare på vestsida av [[Otra]] opp til [[Gullsmedmoen]]. Først i 1889 blei det bygd veg mellom [[Evje]] og [[Byglandsfjord]] på austsida av Otra. | ||
Line 27: | Line 27: | ||
*Edvard Bull, ''Økonomisk og administrativ historie'', artikkel i [[Norske Bygder - Setesdalen]], Alb. Cammermeyers forlag, 1921, s.72-73 | *Edvard Bull, ''Økonomisk og administrativ historie'', artikkel i [[Norske Bygder - Setesdalen]], Alb. Cammermeyers forlag, 1921, s.72-73 | ||
*[[Knut K. Homme]], ''1844 - eit tidsbilete'', artikkel i [[Setesdal og setesdølar 2015]], utgjeve av [[Setesdal sogelag]], s. 47-51 | *[[Knut K. Homme]], ''1844 - eit tidsbilete'', artikkel i [[Setesdal og setesdølar 2015]], utgjeve av [[Setesdal sogelag]], s. 47-51 | ||
*[[Leonhard Jansen]] m.fl., ''[[Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9]]'', Bokbyen Forlag, 2018 | |||
== Eksterne lenker == | == Eksterne lenker == |
Versjonen frå 2. november 2018 kl. 00:14

Postvegen var det ein kalte den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Ved kongeleg resolusjon 23. april 1939 gjorde regjeringa vedtak om å bygge veg frå Kristiansand til Valle kyrkje, og løyvde 59 000 speciedalar av statskassa til føremålet. Vegen var meint å skulle vere eit «spleiselag» mellom staten og oppsittarane langs vegen.
Vegen kom gjennom Kiledalen i Hægeland fram til Moi og Hornnes i 1840. Han passerte over Dåsåna i Dåsnes på bru, og gjekk vidare på vestsida av Otra opp til Gullsmedmoen. Først i 1889 blei det bygd veg mellom Evje og Byglandsfjord på austsida av Otra.
Ved Gullsmedmoen var det ferjestad over til austsida av Byglandsfjorden. Det vanskelegaste punktet for vegbyggarane vidare oppover langs austsida av fjorden var Fånekleiva mellom Longerak og Lauvdal. Kleiva vart forsert i 1842. Vegen var køyrande fram til Valle i 1844. Heilt ferdig til Valle var han i 1846. Til Bykle kom vegen først i 1879. Då hadde ein arbeidd seg forbi det mest utfordrande stykket på heile vegen, Byklestigen.
Den nye hovudvegen fekk enorm innverknad på samfunnsutviklinga i Setesdal. Det blei no mykje enklare og raskare å reise til Kristiansand, og varer kunne fraktast langs landevegen i staden for å måtte kløvjast på hesteryggen. Den gamle, tradisjonelle tilknytninga til Nedenes amt og Arendal blei for ein stor del broten. I eit brev frå formannskapet i Bygland i 1839, ført i pennen av sokneprest Münster, til vegmeisteren i amtet, meiner byglendingane at den nye vegen sikkert er det viktigaste faktum i heile dalens historie.
Sjå også
- Riksveg 9
- Byklestigen
- Fånefjell vegmiljø
- Fånekleiva
- Djupedalsmuren
- Senumsundet
- Senumsferja
- Kiledalskleiva bru
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 243-245
- Edvard Bull, Økonomisk og administrativ historie, artikkel i Norske Bygder - Setesdalen, Alb. Cammermeyers forlag, 1921, s.72-73
- Knut K. Homme, 1844 - eit tidsbilete, artikkel i Setesdal og setesdølar 2015, utgjeve av Setesdal sogelag, s. 47-51
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018