Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane landskapsvernområde

Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane landskapsvernområde har forvaltningsmynde for tilsaman 17 store og små verneområde. Desse fordelar seg på sju landskapsvernområde, to biotopvernområde og åtte naturreservat som vart etablerte mellom 1986 og 2019. Dei 17 verneområda har eit samla areal på 3566 kvadratkilometer, og er det nest største samanhengande verna arealet i landet.
Postmottaket blir betjent av Statsforvaltaren i Agder i Arendal. Tre verneområdeforvaltarar er knytta til verneområda. Dei har kontorstadar i Valle, Sirdal og Suldal, med har heile heieområdet som arbeidsfelt. Dei er Jørg Trygve Haug på Setesdalsmuseet på Rysstad, Alf Odden på Sand i Suldal og Guro Sødergren på Kommunehuset på Tonstad.
Verneområda
- Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde i kommunane Bygland, Bykle, Sandnes, Hægebostad, Kvinesdal, Sirdal, Valle og Åseral
- Frafjordheiane landskapsvernområde i kommunane Sandnes, Gjesdal og Sirdal
- Dyraheio landskapsvernområde i Suldal kommune
- Vormedalsheia landskapsvernområde i Hjelmeland kommune
- Lusaheia landskapsvernområde i Hjelmeland kommune
- Kvanndalen landskapsvernområde i Suldal kommune
- Hovden landskapsvernområde i Bykle kommune
- Steinsbuskardet-Hisdal biotopvernområde i Bykle kommune
- Holmavassåno biotopvernområde i Suldal kommune
- Ljosådalen naturreservat i Valle kommune
- Hisdal naturreservat i Bykle kommune
- Vidmyr naturreservat i Bykle kommune
- Lislevatn naturreservat i Bykle kommune
- Nordrahei naturreservat i Hjelmeland kommune
- Øyastøl naturreservat i Hjelmeland kommune
- Ørestø naturreservat i Gjesdal kommune
- Migaren naturreservat i Gjesdal kommune
Verneområdestyret

Oversikt over styremedlemer 2020–2023:
- Styreleiar: Jonny Liland. Varamedlem: Siri Ovedal. Sirdal kommune
- Nestleiar: Bjørn Laugaland. Varamedlem: Torunn Munthe. Hjelmeland kommune
- Styremedlem: Steinar Kyrvestad. Varamedlem: Margit Dale. Valle kommune
- Styremedlem: Inger Lise Lund Stulien. Varamedlem: Leif Rune Reiersdal. Åseral kommune
- Styremedlem: Gerd Helen Bø. Varamedlem: Kari Vaage Gjuvsland. Suldal kommune
- Styremedlem: Sigbjørn Åge Fossdal. Varamedlem: Anne Eikerapen. Bygland kommune
- Styremedlem: Jan Dalen. Varamedlem: Jon Rolf Næss. Bykle kommune
- Styremedlem: Stanley Wirak. Varamedlem: Laila Espedal. Sandnes kommune
- Styremedlem: Henry Tendenes. Varamedlem: Margunn Nedrebø. Gjesdal kommune
- Styremedlem: Per Sverre Kvinlaug. Varamedlem: Malin Stokkeland. Kvinesdal kommune
- Styremedlem: Margrethe Handeland. Varamedlem: Audun Rossevatn. Hægebostad kommune
- Styremedlem: Janne Nystøl. Varamedlem: Tore Askildsen. Agder fylkeskommune
- Styremedlem: Margrete Dysjaland. Varamedlem: Tom Kalås. Rogaland fylkeskommune