Hisdal naturreservat

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Hisdal naturreservat er eit 16 392 dekar stort naturreservat i Bykle kommune. Det blei oppretta 19. desember 2008 og ligg sør for Botsvatn og Steinsbuskardet-Hisdal biotopvernområde. I sør ligg Ljosådalen naturreservat og i vest grenser Hisdal naturresrvat til Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Verneområdestyret for Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde er forvaltningsorgan for området.

Føremålet med vernet er å ta vare på eit viktig kalvingsområde for villrein og eit stort skog- og heieområde som er representativt for Indre Agder med ein furuskog der trea har uvanleg store dimensjonar.

Innanfor verneområdet ligg Hisvatnet, delar av elveløpet til Hisåni og heiegarden Hisdal.

Kjelder

Sjå også

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...