Hovden landskapsvernområde
Hovden landskapsvernområde er eit område nord for Hovden i Bykle kommune, på austsida av Rv-9, som er verna av regjeringa ved kgl.res. av 5. desember 1986. Det verna området omfattar heile eller delar av gnr./bnr. 1/1, 1/2, 1/6, 9, 1/7, 1/19, 1/20, 1/22, 1/23, 2/2, 2/3 og 2/9, og dekker eit areal på ca 58 940 dekar. I sør er området avgrensa av Byrtemannsbekken.
Føremål
Føremålet med vernet er å ta vare på eit vakkert naturlandskap som er eineståande i sitt slag i Aust-Agder. I verneområdet finn ein store, samanhengande myrområde, som til saman inneheld eit vidt spekter av myrtypar, og ein finn særmerkte spor frå siste istid som til dømes terrassar, daudisgroper og morenar. Både myrene og lausavsetningane er av stort verd for undervisning og forsking.
Forvaltningsmynde
Kjelder
- Verneforskriften