Gaukhei turisthytte

Gaukhei turisthytte vart sett opp i 1898, av Tarald Hallvardson Rysstad. Hytta har sidan fått ymse tilbygg, og ei større sikringshytte like ved, Normannsbu. Hytta ligg midt i Bygland kommune sin del av Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde.
Utvikling og bruk
Det var så få som fann vegen hit dei fyrste åra, at ein såg på satsinga som eit feilgrep. Val av stad for hytte må sjåast i samband med den tids planar om veg mellom Sirdal og Setesdal. Denne vegen kom som kjent lengre nord mange år seinare. Men då Ljoslandshytta kom i bruk etter 1937, auka trafikken med turfolk monaleg.
Vanleg reiserute var frå Granheim Hotel sør for Langeid. Turen opp kleiva var slitsam, og ein bruka 10 timar inn til Gaukhei. Tidleg fekk ein til overnatting undervegs på Hægstøyl, seinare bytt ut med Tjønndalen i 1929, og Stakkedalshytta frå 1949. I frå 2007 vart det igjen Tjønndalen som vart til overnattingsstad.
Gaukhei er sentral i denne urørde villmarka vest i Bygland kommune, og nå kan ein koma hit frå Ljosland i sør, i vest frå Kvinen og Josephsbu, i nord frå Øyuvsbu og Håhellerhytta ikkje så langt frå Suleskarvegen, og i aust frå Langeid via Tjønndalen.
Gaukhei turisthytte har vertskap om sommaren, og då får ein ferdiglaga mat morgon og kveld, endåtil med vin til maten. Fersk fisk står også på menyen, fiska i Gaukheivatnet. I tida når ikkje Gaukhei har vertskap, vert den gamle hovudhytta avlåst og ein nyttar sjølvbetening i Normannsbu like ved. Her er det 16 sengeplassar, mot 41 senger når alt er i bruk om sommaren, og i påska.
Dikt
- Olav Grendstad skreiv dette diktet om hytta i juli 2015:
åt Gaukhei lyt eg fara no
når helgedagen gryr
til fjellets eim og klåre vind
frå byens fjas og styr
for her skal ingen bilar gå
og ingen asfalt heller
og ingen sullik grave seg
ein tom parkeringskjeller
her skal eg site tanketom
og sanseleg på trappa
her skal eg vere hyttevakt
ein onkel og ein pappa
Kjelder
- Harald Flå: Vandringer i Setesdal Vesthei 2008, ISBN 978-82-91-49544-6, side 26.