Hjelmeland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kommunevåpenet.
Foto: Wikimedia Commons

Hjelmeland er ein kommune i Ryfylke i Rogaland. Han grenser i nord mot Suldal, i aust mot Bykle, i sør mot Sandnes og Strand, og i vest mot Stavanger. Kommunen fekk dei nåverande grensene sine ved kommunesamanslåing 1. januar 1965 då Hjelmeland blei slått saman med Årdal og mesteparten av Fister kommune. I 2020 blei den austlege delen av øya Ombo overført frå Hjelmeland til nye Stavanger kommune.

Hjelmeland har 2 580 innbyggarar (2021). Administrasjonssenteret er Hjelmelandsvågen. Namnet Hjelmeland kjem av den karakteristiske åsen Hjelmen, som ligg like ved kommunesenteret.

Bygder i Hjelmeland kommune er Randøy, Fister, Årdal, Jøsenfjorden, Skiftun, Vormedalen og Hjelmeland. Årdal var frå 1859 til 1965 eigen kommune, mens Fister var eigen kommune frå 1884 til 1965.

Hjelmeland kommune har mange hyttefelt, særleg på Randøy og Fister.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]