Valle Radio

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Valle Radio i Setesdalstunet, i andre etasje i huset til høgre.

Valle Radio er lokalradio for Valle kommune. Den vart etablert i 1997 og hadde til å begynne med rom i 3. etasje på det gamle kommunehuset i Valle. Men då det kom nye bygningar med kontor for post og politi ved Riksveg 9, fekk radioen plass i etasjen over dåverande Trygdekontoret, som no er kontor for skulepsykologen i Setesdal. Der har han vore sidan.

Styre[rediger]

Dei fyrste åra var Hallvard Kjelleberg leiar av radioen. Då han døydde, overtok Theis Salvesen. Då han flytta frå Valle kommune, vart Harald Haugland vald til leiar, og då han gav seg etter to år, frå 2007 til 2009, overtok Ørnulf Hasla som styreleiar i 2009.

Etter valet i 2011 hadde han desse med seg i styret: Britta Lise Homme, nestleiar Helge Homme, kasserar, Jørund Georg Jore, teknisk sjef, Inga Flateland, styremedlem. Varamedlemmer vart Rolf Erik Homme og Anna Rysstad .

Ved valet i 2012 gjekk Inga Flateland ut av styret og Kåre Rike kom inn. Anna Rysstad gjekk ut av varamannslista og Harald Haugland kom inn som 2. varamann.

Revisor Hallvard Holum vart attvald, og Inga Flateland og Niklos K. Besteland vart valkomite.

Sending[rediger]

Valle Radio sender tysdags- og onsdagskveldane over sendernettet til Bykle Radio og dekkjer Valle kommune og Bykle kommune. Sendingane startar normalt klokka 18:00. Radioen har sommarferie frå 1. juni til september.

Tysdagar[rediger]

Tysdagane er Harald Haugland ansvarleg for ei sending som i stor grad har kristeleg preg. Mykje av stoffet hentar han frå Norea Mediemisjon. Annankvar tysdag er Niklos K. Besteland med i studio for å lage programmet Postludium. Men sjølv om det er mykje kyrkje- og kristenliv desse dagane, nyttar han høvet til å ta med aktuelle saker av og til, i tillegg til at folkemusikk kan stå på programmet. Sjå Liste over tysdagsprogram i Valle Radio 2011.

Onsdagar[rediger]

Onsdagane er det bygderadio med nytt frå næringsliv og folkeliv, kommunen informerer, andakt og open sending. Ansvaret for desse sendingane er delt mellom fleire programleiarar. Sjå Liste over onsdagsprogram i Valle Radio.

Medarbeidarar[rediger]

Programleiarar

Bjørgulv T. Berg, Ørnulf Hasla, Harald Haugland, Britta Lise Homme, Øyvind Jacob, Ronny Stavsholt. I tillegg kjem programleiarar for Open sending og påskesendingane: Helge Dahle, Jorunn Lund Harstad, Kåre Rike og Rolf Erik Homme.

Teknikarar

Inga Flateland, Torleif Haugen, Harald Haugland, Jørund Georg Jore, Torhild Sandnes, Marcel Tiedje.

Telefonvakter

Jorunn Lund Harstad, Ingebjørg Helle Haugen, Jorunn Helle, Berit Homme, Olaf Henrik Homme, Bjørg Ragnhild Trydal Jansen, Gudrun Nomeland, Anna Rysstad, Ingebjørg Ellinor Rysstad, Solveig Rysstad, Ingunn Åkre Uppstad.

CD-plater[rediger]

Blogg[rediger]

Harald Haugland skriv ein blogg basert på programma i Valle Radio, Valle Radios blogg. Bloggen har hatt over 400.000 besøk frå vi starta i oktober 2005.

Overskriften i kveld er hentet fra en gammel sang. I Salmeleksikonet står det at den er av Sigvart Engeset og når jeg tenker meg om, synes jeg å høre Randulf Saunes synge den. Ikke alle dager e… —  25. juni 2019
I dag dukka Valle Radio sine CD-plater opp. Den eldste kom i 1999, så den er 20 år. Så kom dei ei i 2001 og ei ny i 2002. Eg laga artiklar på Setesdalswiki om dei to første, den siste får ven… —  24. juni 2019
For det meste skriver jeg på Setesdalswiki, men i dag hadde jeg en Wikipedia-dag. Derfor skriver jeg bokmål på bloggen i kveld. Mens Setesdalswiki har det lokale blikket, har Wikipedia det nasjo… —  23. juni 2019
I kveld heldt eg på å gløyme bloggen, for eg vart sitjande og sjå på landskampen mellom Norge og Australia. Den gjekk til ekstraomgang og straffesparkkonkurranse medan klokka gjekk mot midnatt… —  22. juni 2019
Vårslapp til langt ut på sommaren. Slik kjennest det ut når eg skal skrive blogg i kveld. I dag har eg ikkje hatt ei einaste redigering på Setesdalswiki, og om du ser på siste veka i historikk… —  21. juni 2019

Sjå også[rediger]

Eksterne lenker[rediger]