Tysdagssending i Valle Radio

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Tysdagssending i Valle Radio starta i ved nyttår i 1998, eit halvt år etter at ordinære sendingar i Valle Radio kom i gang i 1997. I denne tida har Harald Haugland hatt ansvaret for sendingane. Den fyrste perioden hadde han med seg teknikar, sidan overtok han sjølv som teknikar, slik at dei siste åra har sendingane hans vore basert på sjølvkøyring.

Programmet[rediger]

Programmet har vara frå klokka 18:00 til om lag 21:15. Han har i alle år starta med ein programpost som vert kalla Kvarteret. Der presenterer han kveldens program og mellom eit par songar har han eit kåseri. Så fylgjer Over ein open Bibel, eit program han får frå samarbeidspartnaren Norea Mediemisjon. Her held kjente predikantar ein andakt. Også denne ligg mellom eit par songar.

I mange år fekk dei til kvar sending tilsendt halvtimesprogrammet Noreamagasinet, dei fyrste åra på diskett, sidan på CD. Dette magasinprogrammet tok opp aktuelle saker frå kyrkje og kristenliv landet rundt. Men etter kvart vart det slutt på å få desse tilsendt som CD, i staden skulle programma lastast ned frå Internett. Det har variert noko korleis desse programma har vore med i Valle Radio i den seinare tid.

Etter den første timen har kveldens program variert ganske mykje. Då har det gjerne vore gjester med i studio, men dersom det ikkje har vore aktuelle folk å ha med, har ein ofte lagt opp til eit musikkprogram med kristen sang og musikk.

I alle åra har det vore fast å ha eit program med orgelmusikk klokka 20:30. Programmet vart kalla Postludium, og det heiter det framleis. Den fyrste tida gjekk programmet på omgang mellom Niklos K. Besteland og organist Pieter Leebeek, sidan var også organist Bernard Emmelkamp med i nokre program. Men etter kvart vart det slik at Harald Haugland og Niklos K. Besteland hadde ansvar kvar si veke. I løpet av åra har det blitt presentert langt over 200 komponistar og organistar i desse programma.

Tysdagskveldane har til vanleg blitt avslutta med programmet Kyrkjebakken klokka 21:00. Det er eit program der vi omtalar aktivitetar i Øvre Setesdal komande veke. Nokre gonger kjem gjester og fortel, andre gonger baserer vi oss på det som er annonsert i Setesdølen. Så tonar programmet ut med ein høveleg song.

Sjå og[rediger]