Helge Homme

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Helge HommeSymbol confirmed.svg
Helge Homme.jpg
Født: 15. oktober 1952 (71 år)

Helge Homme (fødd 15. oktober 1952) er maskinkøyrar i Mesta. Etter at Mesta ikkje fekk vedlikehaldet av vegar i Setesdal i 2007, arbeidde han i selskapet med Vrådal som utgangspunkt og var vekependlar. Frå hausten 2013 og eitt år framover budde han på campinghytte i Bø i Telemark og arbeidde med det same på Lifjellkontrakta.(Seljord-Bø-Notodden) Hausten 2014 gjekk han av med AFP og flytta heim til Flateland. Der starta han enkeltpersonsforetak og heldt fram med vegvedlikehald att på heimlege og kjente trakter, både for Statens Vegvesen og Hovden Hytteservice. Vintermånaaene var det med ettersyn av vegnettet i øvre Setesdal. Frå 2. mai fresing av Brokke-Suleskarvegen etter vinterstenging, for Hovden Hytteservice, noko han har gjort heilt frå den vart opna i 1990, med opphald då han var i Telemark. Har også utført kantslått for SVV, Valle kommune og Agder Energi. For kommunen og kraftverket har han slått kvart år sidan 1986.

Han gifta seg med Bjørg Sigrid Homme (Nomeland) i 1973, dei har fire barn: Ingunn Anette Bratteland, fødd 1973, Gunn Marith (Malla) Homme, fødd 1975, Tom Arild Homme, fødd 1977 og Laila Homme, fødd 1983. Etter at dei overlet garden i Homme til Malla og Knut Sondre Homme, har dei bygd hus på Flateland. Dei har og hytte på, Åvåg i Hylesdalen, som dei brukar fritida på.

Utdanning og arbeid

Helge Homme gjekk på skule i Valle, men dei to sist åra av ungdomsskulen gjekk han på Fiskå skule i Vågsbygd. Deretter tok han Drottningborg handelskole i Grimstad. Første jobben var på Valle Handel, deretter arbeidde han på Esso i Valle. Så starta han i Homme Brøyt saman med far sin, Torgrim Homme. Dei arbeidde i lag heilt til han i 1986 fekk jobb i Statens Vegvesen som fagarbeidar/maskinkøyrar. I 2003 fylgde han med over i Mesta.

Engasjement og fritid

Militærtenesta si hadde Helge Homme i Heimevernet. Han begynte som kontorstøtte med ansvar for løn til soldatene. Etter ein del kurs og erfaring, vart han fenrik og forsyningsleder før HV-tenesta tok slutt. Han var og med i det lokale brannvernet frå det starta opp til 2007, då han vart vekependlar.

Etter å ha vore handelsgut på Valle Handel, vart han i 1987 styreleiar for butikken og var det til 2000, han er den som har vore styreleiar lengst for Valle Handel. Han var med i Valle Radio heilt frå starten i 1997 og har vore radioen sin kasserar.

Kjelder

  • Opplysningar gjeve av Helge Homme sjølv
  • Knut K. Homme: 100 år i teneste for bygdi side 81