Ljosglimt

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Ljosglimt var kyrkjelydsblad for Den norske kyrkja i Evje, Hornnes og Iveland. Bladet kom ut med seks nummer i året og vart sendt til alle husstander i Evje og Hornnes kommune og Iveland kommune. Økonomisk var det basert på frivillig innbetaling av bladpengar. Kasserar var Odd Olav Tveit, medan Jostein Wasbø var redaktør. Ingvard Østerhus og Heidi Margrete Øina var (2017) i redaksjonen. Bladet vart trykt hos Setesdalstrykk. Bladet kom sist ut i 2019. Frå 2020 gjekk Åseral sokneråd og Evje og Hornnes sokneråd saman om eit felles kyrkjeblad, Kyrkjebladet for Åseral, Evje og Hornnes.

Historie

Bladet vart skipa i 1947 og kom dei fyrste 25 åra ut i A4 format med 4 sider. Formatet vart så omgjort til A5 med 8 sider. Tanken var at bladet skulle kome ut kvar månad, men av og til laga ein dobbeltnummer. Frå 1988 til 2002 kom det fire nummer om våren og tre om hausten, men etter 2002 har det kome seks nummer i året, normalt på 12 sider. Frå mai 2003 vart bladet også lagt ut på Internett som pdf-fil.

Kjelder

  • Kyrkjebladet for Åseral, Evje og Hornnes, nr. 1, 2020, side 2

Eksterne lenker