Jorunn Lund Harstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jorunn Lund HarstadSymbol confirmed.svg
Jorunn Lund Harstad.jpg
Født: 26. mai 1950 (70 år)

Jorunn Lund Harstad (født 26. mai 1950 i Valle) er ei av eldsjelene i Valle Radio. Ho har open sending ein gong i månaden og er ofte telefonvakt i tillegg.

Til dagleg arbeider ho i Valle kommune som assistent på Valle Bygdeheim. Jobben ho hadde som reinhaldar i kommunen, har ho pensjonert seg frå. Men ho har framleis ansvar for servering når det er kommunestyremøte i Valle. Jorunn er vide kjend for lefser og potetkaker som ho tidlegare bakte saman med mora Tora Lund i bakebua nedanfor Valle Motell, men som ho no bakar i bakebu ho har sett opp over garasjen heime på Harstad.