Det gamle kommunehuset i Valle
Hopp til navigering
Hopp til søk
Det gamle kommunehuset i Valle er bygd i 1958. Bygningen står på same staden som det fyrste kommunehuset i Valle sto. I det var det og grendeskule.
Valle folkebibliotek låg i fyrste etasje og Valle Vaksenopplæring i andre etasje, men biblioteket flytta til Sæbyggjen då det bygget opna og vaksenopplæringa vart i 2018 flytta til Valle skule. Frå 1997 var det innreidd radiostudio på loftet. Valle Radio starta sin aktivitet der. Dette vart sidan lesesal og lagerrom.
I kjellaren var det lokalar for Valle næringshage og offentleg toalett.
Huset ligg sentralt i Valle, like sør for Valle Handel og tvers over gata for Jokerbutikken i Valle.