Gudrun Nomeland
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gudrun Nomeland | ||
---|---|---|
Født: | 18. mars 1939 | |
Død: | 27. november 2013 (74 år) |
Gudrun Nomeland (født 18. mars 1939 i Valle, død 27. november 2013 på Rysstad) var pensjonert tannlegesekretær. Ho var ved tannlegekontoret i Valle, Bykle, Arendal og fleire stader i ei årrekke. Ho var formann i Hylestad Bygdekvinnelag i over 30 år.
Gudrun var telefonvakt i Valle Radio. Ho var gift med Saavi Nomeland og budde på Rysstad. To vaksne born, Steinar Nomeland og Geir Tarald Nomeland, svigerbarn og barnebarn samt annan familie levde etter henne.
Gravferda var frå Hylestad kyrkje fredag 6. desember 2013 klokka 13. Like kjært som blomar var ei gåve til Den Norske Kreftforening. Etter gravferda var det minnestund.
Kjelde
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 94, 2013 side 2
- Sigurd Haugsgjerd: Gudrun Nomeland er død. Minneord i Setesdølen nr. 94, 2013 side 4