Inga Flateland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Inga Flateland
Inga Flateland.jpg
Teknikar i Valle Radio.
Født: 30. september 1955
Død: 26. oktober 2019 (64 år)

Inga Flateland (fødd 30. september 1955 i Bykle, død 26. oktober 2019) var konsulent på Valle likningskontor - Skatt Sør. Ho hadde tidlegare jobba på landbrukskontoret i Valle, i avløysarlaget og Wisted Valle. Då borna var små sat ho heime og skreiv handskrivne rekningar for Georg Viki sin trelasthandel. Rekneskapsutdanninga si fekk ho på Drottningborg Handelsskole.

På fritida var ho teknikar i Valle Radio og aktiv engasjert Oveinang Grendelag. Ho representerte Valle Høgre i Valle kommunestyre og var med i ulike utval. Ho var medlem av styret for Setesdølen som kommunens representant då avisa starta, og var formann ein periode.

Inga var gift med Tarald Flateland. Dei fekk sønene Ånund Flateland og Knut Flateland. Den siste tida var Inga Flateland på Valle Bygdeheim. Gravferda var frå Valle kyrkje fredag 8. november 2019. Etter gravferda var det minnestund i Sæbyggjen.

Kjelder