Jørund Georg Jore

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørund Georg JoreSymbol confirmed.svg
Jørund Georg Jore.jpg
Foto: Britta Lise Homme
Født: 25. april 1955 (69 år)

Jørund Georg Jore (fødd 25. april 1955) er fagansvarleg IKT i Valle kommune. Han begynte i Valle kommune i 1984. Han vart ferdig med Hornnes landsgymnas i 1974, deretter var han i militæret i sambandet på Jørstadmoen og andre stader etter det. Etter å ha arbeidd noko, tok han til på Agder ingeniør- og distriktshøgskule i Grimstad, der han tok bygg- og anleggslina. I 1981 var han ferdig der, deretter jobba han eit par somrar i eit firma som heitte Norsk Oppmåling og Flykartlegging. Dei hadde oppmåling i samband med kraftutbygging, så Jørund Georg Jore jobba mest med Vatnedalsdammen og Hekni. Mellom dei to somrane tok han vidareutdanning innan oppmåling og GIS på Gjøvik Ingeniørskole. Etter den utdanninga begynte han som avdelingsingeniør for bygg og anlegg i Evje og Hornnes kommune. Der var han i to år før han kom tilbake til Valle.

I Valle starta han og med oppmåling, men etter kvart vart det meir og meir dataarbeid på han, han har vore med i oppbygginga av IKT i Valle kommune heilt frå starten. Frå 1. september 2011 vart han overført til Setesdal IKT.

Jørund Georg Jore har vore med i Valle Radio heilt frå starten. Han er teknisk sjef i Valle Radio og syter for at det tekniske fungerer der. Han har vore aktiv i Valle Musikkorps heilt frå starten på slutten av 1960-talet, då gjekk han i 7. klasse. Interessen for musikk har og ført til at han har spelt ein del i band, mellom anna ungdomsbandet Blizzard, saman med Jon Rike, Rolf Erik Homme og Helge Rike. 16. mai 1971 spelte han til dans for fyrste gong. Det var på Hylestad soknehus. Etter Blizzard vart det Sharrox, som spela over heile Agder, der var Mona Ida Håvorstad Frøysnes, Vidar Frøysnes, Sveinung Roland og Andres Birkeland med. Sidan har det vore fleire kameratgjengar som har laga musikkgrupper.

Han er gift med Monique Vatsend Jore, dei har borna Hege Kristine Jore Gakkestad og Knut Ivar Jore.

Kjelde