Valle skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Valle skule er ein 1 - 10 grunnskule, med totalt 110 elevar i skuleåret 2014/15. Skulen ligg på garden Åkre sin grunn, på austsida av Otra rett sør for Valle sentrum.
I 2014/2015 hadde skulen eit barnetrinn med 54 elevar, og eit ungdomstrinn med 56 elevar. Hausten 2013 flytta barneskulen inn i heilt nye lokaler. Både barne- og ungdomsskulen framstår som fin og moderne. Uteområdet har leikeapparat og ballbinge. Like ved skulen er det ein stor fleirbrukshall med treningsrom, symjehall, ungdomsklubb og skytebane. I same området ligg også eit nytt og moderne utandørs idrettsanlegg med kunstgrasbane for fotball og friidrettsbane med kunststoffdekke.