Blomsterstiftelsen i Evje og Hornnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Vakre stemorsblomar foran Løvland-statuen i Evje sentrum, planta ut av Blomsterstiftelsen i 2015.

Blomsterstiftelsen i Evje og Hornnes er eit samarbeid mellom Evje og Hornnes kommune, handelstanden og eit styre av frivillige. Næringslivet elles i kommunen er også med og støtter økonomisk. Blomsterstiftelsen var 10 år i 2011. Det blei markert. Styret i Blomsterstiftelsen har ansvar for valg av plantar, planting og vedlikehald utanom vatning. Kommunen legg til rette for planting og har ansvar for vatning gjennom sesongen. I tillegg legg kommunen inn kr 25000.-, omlag det samme som stiftelsen får inn frå handelstanden. Stiftelsen har og hatt kronerulling som har gått til å få opp alle bøttene med blomar på brua mellom Hornnes og Evje, Fennefossbrua.

Samarbeidet med kommunen er svært godt. Mange av plantane kjem frå Setpro og gode medhjelparar der. I 2015 fekk stiftelsen ei gåve på 5 000 kroner frå Hornnes Sanitetslag.

I 2011 planta stiftelsen ut stemor 27. april. Hovudplantinga var 21.juni. Også i 2015 skjedde utplantinga av stemorsblomar heilt i slutten av april.

Styret i 2015[rediger]

Styret i 2011[rediger]

Styret er sammansatt slik:

  • Leiar: Inger Juvastøl
  • Nestleiar: Solveig Kallhovd
  • Wenche Kallhovd
  • Wenche Renwick
  • Rigmor Olsen
  • Harald Kleggetveit
  • Kai Thorsen
  • Else Lid
  • Gerd Reidun Høiland
  • Aud Helene Austegard

Sekretær er Lillian B. Andersen frå kommunen.

Kjelder[rediger]