Vårliv

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Vårliv er eit dikt av Gunnar Rysstad. Det vart trykt i Hugsjå i 1896. Kirsten Bråten Berg framfører diktet på plata Min kvedarlund, det er spor 12 på plata. Melodien ho brukar er meir kjend i Telemark til Murukleiv-visa, hennar versjon med eit preg av spel og syngjemåte i Setesdal.

Vårliv[rediger]

Når dei blømande vollane anga'
og når gauken han gjel i lid,
å, ja, då er det herleg å ganga
kring um bøen den solljose tid.
Kor du ser, er det hoppande glede,
Kor du snur deg, er kvitrande song.
Og småborni hauka og kveda
og flaget det blikrar på stong.
Ja, då er det herleg å anda
i den vårfriske, unge natur;
for alt er so rikt og so blanda,
so skiftande kor du deg snur.
Og venleik i alt vil oss gleda,
og elsk me i alt tykkjest sjå.
Og lukka til alt tykkjest kveda
frå mannen til makken på strå.
Ei solstund, ei solstund deg ventar!
Ei solstund, ei solstund er di!
Til gleda, til leik eg deg hentar
blant blomar og fuglar i lid!

Kjelde[rediger]