Coop Marked Byglandsfjord

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Butikken på Byglandsfjord klarar seg i konkurranse med Evje.
Ansatte i 1984, frå venstre Jorunn Haugå, Tallak Haugå, Laila Mortensen, Bente Landås.
Foto: Reidar Tveito
Siste ombygging desember 1984
Foto: Reidar Tveito

Coop Marked Byglandsfjord er daglegvarebutikken på Byglandsfjord. Butikken er ein del av Coop Sørvest, har ei årsomsetning på rundt åtte millionar og har tre tilsette. Marit Kjetså, som har vore butikksjef på Coop Marked Byglandsfjord i elleve år har med seg Frøydis Øvergård og Siren Rokoengen. Vikar er Torill Kjetså og laurdagsvikarar er Sarah Halleland, Knut Stian Horverak, Katrine Hansen Tveito, Andreas Løvgren Homdrum og Simen Haugslien.

God service[rediger]

Ved ei kundeundersøking i 2011 vart butikken på Byglandsfjord nr. 2 blant Coop-butikkar i heile landet, med 87,7% fornøgde kundar. Dette var andre gong på få år at butikken hevda seg så godt i kundeundersøkingar.

Setesdalens Handelslag[rediger]

Byglandsfjord vart eit namn på kartet i 1896. Det var det året jarnbana frå Kristiansand vart ferdigbygd fram hit, og stasjon og bygd fekk dette namnet. Alt tri år tidlegare hadde dei fyrste husa kome opp, og Setesdal Handelslag og fleire andre etablera seg like etter århundreskiftet. Byglandsfjord vaks fram til eit livligt handelssentrum med mange butikkar av ymse slag. På Handelslaget hadde ein bakeri i kjellaren i konkurranse med Nordgaards bakeri like over gata. Slakteri var det også der, og ein kunne kaupe nær sagt alt ein måtte ynskje.

Utbygging og nye tider[rediger]

I 1952 vart det sett i gong ei utbygging som vart ferdig i 1954. Denne delen utgjer hovudbygget i dagens butikk. Etter å ha arbeidd i Bykle i 10 år, kom Tallak Haugå med familie til Byglandsfjord i 1956, og styrde Handelslaget med stø hand til han vart pensjonist. Som så mange andre stadar fekk også Handelslaget fryserom der alle kunne leige boksar. Seinare vart dette avvikla då folk flest fekk eigne fryseboksar og kjøleskap. Bakeriet og slakteriet vart også avvikla. Det eldste delen av bygget vart riven, og ein ny moderne fløy kom opp vinteren 1984-85, og vart slik folk kjenner butikken nå i 2011. Sjølv om rundt 100 arbeidsplassar har flagga ut til Evje etter tusenårsskiftet, så buset stadig fleir folk seg i bygda. Evje er eit handelssentrum i stadig vekst, og det merkast at mange har arbeider og gjer sine kjøp der. Difor er Coop Marked, som det nå heiter, den einaste gjenverande butikken på Byglandsfjord, og heldigvis klarar dei seg bra, ikkje minst på grunn av god service og alltid blide tilsette.

Kjelde[rediger]