Byglandsfjord renseanlegg

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Byglandsfjord renseanlegg. Det lille bygget til venstre er Meieriet sitt eige renseanlegg.
Effektivt anlegg og nær luktfritt.
Foto: Reidar Tveito
Driftsoperatør Ingar Lindsetmo.
Foto: Reidar Tveito
Like ved renseanlegget går Senumsund bru over elva. Staden heiter Kjerringodden der ein populær turveg kryssar Senumsvegen gjennom Faremos undergang.
Foto: Reidar Tveito

Byglandsfjord renseanlegg vart teke i bruk hausten 2011 og er dimensjonert for å ta imot kloakk frå opp til 400 husstander. Dermed vil det kunne ta imot kloakk frå Neset Camping og frå Grendi. Renseanlegget sitt hovudbygg er på 200 kvadratmeter, men med hovudbygg, nedgravde tankar og store luktfilter utandørs, tek anlegget 400 kvadratmeter. Kostnadene var på 19 millionar kroner.

Prosessen

All kloakken hamnar først i ein inntakskum. Frå denne vert framandlegeme som til dømes Q-tips fjerna. Dette blir vaska og hamnar i ein eigen sekk. Avfallet går deretter inn i eit sandfang som fjernar sanden frå kloakken. Sanden vert turka og lagra i behaldarar og sidan levert til avfallsanlegget på Syrtveit. Kloakken går så til ein utjamningstank der det vert blanda oksygen inn i slammet. Så vert det flotulert, det vil seie at rørsle og kjemikaliar får slammet til å flyte opp slik at ein kan skilje ut det meste av vatnet før slammet går vidare inn i ei slamtrakt og inn i ein nedgravd slamtank. Frå denne går slammet gjennom ein skrue som fjernar det siste vatnet slik at ein bare har turrslam att. Dette hamnar i ein containar som kan løftast rett opp på lastebil og fraktast til Syrtveit. Ein reknar med å frakte turrslam til Syrtveit ein gong i månaden, til saman 125 tonn i året.

Lufta frå prosessen går gjennom store barkfilter som tek bort lukta når ulikt trykk presser lufta ut i friluft.

Tine Meieri Setesdal har investert tre millionar kroner i tilkopling til Byglandsfjord renseanlegg og alt vatn og flytande avfall frå produksjonen på meieriet går dit. Frå kontrollromet i meieriet kan dei fylgje prosessen via monitorar om dei vil vite noko om mengden dei sender i renseanlegget.

Leverandørar

  • Cowi har prosjektert anlegget
  • G. Myklebostad maskiner har utført grunnarbeidet
  • Evje Bygg har vore hovudentreprenør på Byglandsfjord renseanlegg
  • Smeland Byggservice har vore hovudentreprenør på Tine renseanlegg
  • Evje Elektriske har utført det elektriske arbeidet
  • Bademiljø Ragnar Aas har hatt røyrleggararbeidet ved Byglandsfjord renseanlegg
  • Evje Rørservice Øystein Lien har hatt røyrleggerarbeidet ved Tine renseanlegg
  • Landteknikk har levert renseteknisk utstyr
  • Lafopa Industrier har levert rørinstallasjoner, maskin og prosessutstyr
  • Electric Control System AS (ECS) har levert det elektriske kontrollsystemet
  • Aeron har levert ventilasjon og oppvarmingsanlegget

Kjelder

  • Artiklar og annonser i Setesdølen nr. 93, 2011 side 6, 7, 8 og 9
  • Ole Birger Lien: Det nye anlegget på Byglandsfjord kosta 19 millionar kroner: Høgteknologisk renseanlegg på plass
  • Landet rundt på idefiske
  • Ole Birger Lien: Barkefilter skal rense også lufta
  • Ole Birger Lien: Kjemikaliar og oksygen bryt avfallet ned: Lang veg frå kloakk til slam
  • Ole Birger Lien: Tine Meierier investerte 3 mill: -Rensekoplinga perfekt for oss

Sjå også

Kart

  • Laster kart...