Glømstre

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ivrig skribent og fotograf på Setesdalswiki, Geir Daasvatn. vågar seg på eit sprang over Glømstre 12. august 2015.
Foto: Geir Daasvatn

Glømstre er eit trangt gjel i Lausåna forbi Øyna vest i Iveland.

Barndomsminna til Salve Øina[rediger]

Kulturpersonlegdomen Salve Øina (f. 1935) i Iveland har skrive ei mykje fin bok med tittelen Noke frå indre Agder. Størstedelen av stoffet er henta frå Iveland og Otravassdraget med Kilefjorden og Gåseflåfjorden. Salve har budd på Øyna i heile sitt liv, og er meir enn godt kjend i området.

Sitat - Av gammalt gjekk kyrkjevegen til Rossås og derfra vidare til Hiltveit. I austenden av øya er der eit gjel, «Glømstre», mellom to fjell der Lausåna rann og mest blei borte når ho var lita. Den som var stø på foten kunne hoppe over, men berget på austsida var ikkje høveleg for folk og slett ikkje for hest.Sitat
– Salve Øina

Etter den tida Salve skriv om her blei Otra regulert med dam ved Gåseflå, og vasstanden ovafor dammen heva seg med mange meter. Det trange gjelet Glømstre forsvann under vatn. Men av og til blir Gåseflåfjorden tappa spesielt mykje ned. Sist skjedde det i august 2015, i samband med bygginga av Iveland II-kraftverket. Då dukka Glømstre fram igjen for ei lita stund.

Kjelder[rediger]

  • Salve Øina, Noke frå indre Agder, STAS, 2014, side 49

Kart[rediger]

Laster kart...