Kva har Haugerørsla hatt å seie for Evje og Hornnes?

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Kva har Haugerørsla hatt å seie for Evje og Hornnes? er ein artikkel av Erik Kjebekk som stod i Arnstein 2014 og som vi har fått av han for publisering på Setesdalswiki.

Hans Nielsen Hauge og 1814[rediger]

I Vårt Land for 23. april 2014 har haugegranskaren biskop Andreas Aarflot ein artikkel der han drøftar kva Hans Nielsen Hauge fekk å seie for Eidsvollsverket. Aarflot nemner at det «er ikke mye som tyder på at han var særlig engasjert av de politiske begivenheter dette året».

Truleg hadde det samanheng med at han nettopp i 1814 venta på den endelege domen i Overkriminalretten. Saka mot Hauge hadde då vart i ti år, frå 1804 til 1814. Aarflot skriv at Hauge er påfallande taus når det gjeld dei viktige hendingane som fann stad på Eidsvoll våren 1814. Og han peikar på at når Hauge ikkje kjem inn på dei viktige hendingane dette året, kan det også henge saman med at «den nasjonale «stemningsbølge» var et overklassefenomen som enda manglet den dype respons i folkets sjel».

Men Aarflot peikar også på at Hauge etterlet seg ein interessant song som må vere skriven i tida omkring 17. mai 1814. Songen er rett nok i form og rytme «ubehjelpelig». Men han viser at Hauge har tenkt over «de forpliktelser som følger med i den nye nasjonalpolitiske situasjon» (Aarflot). Innhaldet i songen avspeglar viktige hendingar i 1814. Hauge gler seg over fridomen. Truleg tenkjer han særleg på paragrafen i Grunnlova som knesett trykke- og ytringsfridom. Han var sjølv dømd for brot på den gamle trykkefridomsparagrafen. I det tiande verset i songen skriv han:

«Friheden den han os giv,
At troe og at tænke.
Vi ofte heller vort Liv,
End bindes i Lænker
Eller vi i Trældom gaae,
For synden at tene,
Nei, lad os med Magt staae,
Og ei i Laster forene.»

Haugianarar i rikspolitikken[rediger]

På Eidsvoll var tre av representantane haugianarar. Dei tre var: Ole Rasmussen Apenæs frå Jarlsberg, John Hansen Sørbrøden frå Østfold og Christopher Borgersen Hoen frå Eiker. Dei etterlet seg ikkje særlege spor på Eidsvoll. På det overordentlege stortinget som kom saman 7. oktober for å førebu unionen med Sverige, var fire av representantane haugianarar. I eit brev av 26. oktober skriv Hans Nielsen Hauge: «… og 4 av våre Brødre er på Stortinget og Medlemmer til at give Riget Grundlov. Dette beretter jeg for at du kan fatte om Brødrenes udvortes Tiltro av de som ikke erkjenner vår Ånd.» Dei fire var: Ole Svanøe frå Kinn, Torger Næss frå Lyster, Thorbjørn Sandvig frå Fjølbør i Sunnhordland og Nils Bru frå Ryfylke.

Særleg Ole Svanøe kom til å sette så djupe merke etter seg på Stortinget og elles at han i 1821 fekk borgardådsmedaljen. Eg har vore på Svanøy og sett garden (godset) han åtte der.

Dei fyrste femten åra etter 1814 var der ikkje så mange haugianarar på Stortinget, skriv historikaren Halvdan Koht og held fram: «Etter den djerve framstøyten som bøndene gjorde på Stortinget 1815-16, kom det ei tung og vanskeleg tid for politikken deira, med mange nederlag og tilbakeslag. Men i denne tida var haugianarane å rekne for den faste kjernen i den politiske bondereisinga.» Vår eigen Olav Torgimson Fennefoss sat på Stortinget ein periode, 1824-26. Så kom bondestortinga på 1830-talet. Frå då av gjorde haugianarar seg verkeleg gjeldande på Stortinget. Halvdan Koht skriv at «då John Neergaard i 1930 reiste den store agitasjonen sin for eit bonde-storting, då søkte han mykje stønad hos haugianarane».

Notto Jørgensen Tvedt frå Evje sat på stortinget ein periode frå 1836. Han var ein av dei som same året la fram forslag om å avskaffe Konventikkelplakaten. Denne lova som råka lekpredikantane så sterkt, vart avskaffa i 1842. Notto Jørgensen Tvedt var ingen bakstrevar. Historikaren Elisabeth S. Eide skriv at «i 1836 fremmet en stortingsrepresentant frå Aust-Agder, kirkesanger Tvedt, et forslag om at Opplysningsvesets fond skulle gi bidrag til hvert prestegjelds skolekommisjon slik at de kunne kjøpe inn høvelige bøker til folkeopplysningformål. Forslaget falt, men regjeringen tok utfordringen, og i 1839 fikk Opplysningsvesenets fond beskjed om å bruke inntil 2000 spesiedaler til innkjøp av bøker til sogneselskap som var virksomme.»

Dei to haugianske stortingsmennene frå Evje og Hornnes saman med andre haugianarar gjorde også som me no skal sjå, mykje for Evje, Hornnes og andre bygder i Otra-dalføret.

Litt om haugerørsla på Agder[rediger]

Kort tid før jul 1803 kom Hans Nielsen Hauge til Fennefoss og tok inn på lensmannsgarden hos Ole O. Ramse som då var lensmann i Hornnes. Eg veit ikkje om Hauge hadde vore i kontakt med lensmann Ramse tidlegare. Men på lensmannsgarden fekk Hauge husrom, her heldt han samlingar og her må me rekne med at han drøfta utnytting av fossekrafta i Fennefossen med vennene sine. Og kyrkjehistorikar Heggtveit skriv i sitt omfattande verk om haugerørsla at ”i Evje med Annekset Hordnæs lykkedes det ham at vinde mange Venner”.

Snautt nokon stad på Agder kom haugerørsla til å stå så sterkt som i Evje og Hornnes. Heggtveit skriv at i Nedenes amt ”optraadte Vækkelsen spredt og svagt”. I Åmli og Gjøvdal var der noen haugianarar her og der. Det samme var tilfelle i Arendal, Tromøy, Øyestad, og Vestre Moland med Lillesand. Oppetter Setesdal var det også nokre haugevener. Seinare kom haugerørsla til å stå sterkare i Setesdal, særleg i Valle. I Kristiansand og omland fanst fleire haugianarar, nokre av dei vart kjende industrileiarar.

Ole P. Moe, som opphavleg kom frå Røros, er vel den mest kjente haugianaren og gründaren i Kristiansand. Elles i Lister og Mandals Amt var talet på haugianarar ikkje mange i dei forskjellige bygdelaga. På Lista og til dels i dalstroka innafor stod brødrevennene eller herrnhuttarane sterkt. Og me veit at brødrevennene og haugianarane gjekk ikkje godt saman, særleg i første halvdel av 1800-talet. Dei to åndsretningane kom kvarandre nærare ei tid etter at Det Norske Misjonsselskap vart skipa i 1842. Bødrevennene forsvann også etter kvart som eiga kristendomsrørsle her i landet. Brødrevennene var varmhjarta misjonsvenner. I så måte har me ein rik arv etter dei.

Eg skal no heilt kortfatta nemne nokre sider ved haugerørsla si verksemd i Evje og Hornnes som etter mi meining har hatt ein ikkje liten etterverknad.

”i Evje med Annekset Hordnes lykkedes ham at vinne mange Venner”[rediger]

Hans Nielsen Hauge såg det religiøse vekkingsarbeidet som si viktigaste oppgåve. Han var nok sjølv redd for at den store innsats han gjorde på det sosiale, økonomiske og industrielle område skulle kome til å dominere han og den rørsla han var opphavsmann til, for sterkt. For det viktigaste for Hauge og haugerørsla var forkynninga av Guds ord til vekking og omvending. Og det er tydeleg at her i distriktet må ikkje få kvinner og menn ha blitt med i haugerørsla. Me kjenner namna på fleire av dei. Dessutan skriv altså, som nemnt, Heggetveit at ”i Evje med Annekset Hordnes lykkedes det ham at vinde mange Venner”.

Dei haugianske venneflokkane var i den fyrste tida uorganiserte. Fyrst på eit seinare tidspunkt då organisasjonar for ytre- og indre misjon vart skipa, kom dei haugianske vennesamfunna med i organiserte foreiningar og lag. Vennesamfunna fungerte sjølv om ikkje Hauge var til stades. Når haugianarane kom saman i vennesamfunnet, song dei, las frå ein postill (preikebok) eller frå skrifter av Hauge, og var ein haugianarpredikant til stades, heldt han gjerne ein formaningstale. Dei haugianske venneflokkane levde eit stille liv. Haugianarane var ikkje prega av ein kjensleladd eller ekstatisk religiøsitet. Ofte var det bygdas beste kvinner og menn som kom med i haugevekkinga.

I Evje og Hornnes er det i denne samanheng naturleg å tenkje på personar som Olav Torgrimson Fennefoss, Notto Jørgensen Tvedt, Jens Nottoson Bjoraa, Søren Undeland, Gunnu Halvorsen Syrtveit, Mikkel Olsen Fennefoss og Stina Fennefoss og mange fleire. Alle desse og fleire med var med i haugianske samlingar på Fennefoss, i distriktet og vidare i Otradalføret.

Hans Nielsen Hauge kom sjølv aldri lenger nord i Setesdal enn til Bygland. Ein har stundom vilja hatt det til at Hauge også kom til Valle, men det kan ikkje vere rett. Men Johannes Skar har truleg rett når han skriv at haugerørsla i Valle ”beinveges eller umveges” hadde fenge ”skufsen” frå papirmylla i Evje og Hornnes. Nokre valldølar hadde arbeidd på Mylla, og andre hadde ”skyldfolk eller kjenningar som tente der”. Dessutan var haugianarleiarar frå Evje og Hornnes på vennebesøk oppetter dalen. Gjennombrotsåret for haugerørsla i Valle kom i 1823.

Korleis den haugianske vekkingsrørsla voks, skal eg gje eit døme på. Mikkel Olsen Fennefoss som kom frå Tveit i Hornnes, gifte seg i 1824 med Guro O. Uleberg og fekk med henne garden Lunnen på Fennefoss. Dei flytte til Fennefoss i 1828. Heggtveit skriv at det var naboen hans, Olav Torgrimson Fennefoss som verka til at Mikkel vart omvend. ”Hva der mest bidrog hertil var Ole Torgrimson Fennefos`s beretning om Hans Nielsen Hauge, Oles vækkelsesord og formaninger i sammenkomsterne og ikke minst hans lysende, forsiktige, kristelige vandel.”

Mange kjente haugianarleiarar vitja Fennefoss i åra etter at Hauge hadde vore her. Eg kan nemne John Haugvaldstad som blei kalla ”biskop på Vestlandet”, Elling Eielsen som dreiv forkynnarverksemd i heile Norden og i Amerika, Anders Nielsen Haave og Mads Iver Wefring. Dei to sistnemnde hadde ei dramatisk oppleving på Fennefoss som resulterte i at forkynninga deira fekk eit meir evangelisk og frigjerande preg enn tilfelle hadde vore i den eldre haugerørsla.

Etter mi meining er det frie kristne arbeidet, lekmannsarbeidet, som me har hatt i landet vårt i snart 170 år, ein viktig del av arven etter Hauge. Midt på 1850-talet vart det i Evje og Hornnes skipa misjonslag med sokneprest Dietrichson som formann. Haugerørsla og den påfylgjande lekmannsrørsla vart til signing også for Kyrkja. Det må me seie sjølv om det kunne vere spenning mellom haugerørsla og Kyrkja, særleg fram til Konventikkelplakaten vart opphevd i 1842, men også etter den tid har det vore spenning mellom kyrkja og lekmannsarbeidet i Evje og Hornnes.

”Ånd og Hånd”[rediger]

Då Hauge kom utetter Otradalføret og såg den vakre Fennefossen, skjøna han at krafta i denne fossen var ei gåve frå Gud som burde utnyttast til industriverksemd. Særleg var han interessert i å få i gang ei papirmølle. Han meinte Noreg burde vere sjølvforsynt med papir. Sjølv trong han mykje papir til trykking av bøkene han skreiv.

Mikkel Hauge, bror til Hans Nielsen Hauge, saman med si driftige kone, mor Inger, hadde i 1802 starta Eiker papirmølle. Dette store industritiltaket sysselsette om lag 50 personer. Industriverksemda i Fennefossen hadde tydeleg verksemda i Eiker som førebilde. I 1808 vart bygningane med maskinane i Fennefossen takserte til cirka 12 000 riksdalar. Lista over bygningane som vart takserte, viser ei allsidig drift med papirmølle, kornmølle, sagbruk, hammar og kledestampe. Me veit at om lag 20 personar var på det meste sysselsette i ulike arbeid på Mylla. Det var inga lita industriverksemd på denne tida i eit utprega bondesamfunn med lite eller ingen industri.

Sjølv om papirmølla av forskjellige grunnar vart seld og flytt til Jægersberg i Oddernes ved Kristiansand i byrjinga av 1813, var det framleis i tiår etter tiår ein ikkje liten aktivitet på Mylla. Så seint som i 1905 vart det male 400 tønner rug til kvar av herada Hornnes, Evje og Bygland . Og krinssekretær Haavard Birkeland, som voks opp i Lia like ved Fennefossen, skriv i Hellig Jul 1962 at ”eg minnest enno at me gjekk til kornmølla der for å få male kornet”.

Alle som arbeidde på fabrikken på Mylla, var sterkt gripne av kristendomssynet til Hans Nielsen Hauge. Fleire av dei budde på Mylla og utgjorde eit haugiansk vennesamfunn. Frå denne venneflokken gjekk det ut åndsimpulsar med ringverknader til bygdesamfunna i Evje og Hornnes og vidare i Otradalføret.

Men Hauge sjølv og mange av dei som vart med i den haugianske vekkingsrørsla, hadde som me ser, også syn for jordiske eller materielle ting. Fleire av dei var gründarar som sette i gang mange forskjellige næringstiltak. Eg trur Sigbjørn Ravnåsen har heilt rett når han i si bok, Ånd og Hånd, Hans Nielsen Hauges etikk for ledelse og næringsliv, skriv at drivkrafta bak Hauges etablering ikkje var liberalfilosofiske straumdrag i tida, men som den praktikaren Hauge var, så henta han motiva og modellane frå Bibelen, frå den kristne nestekjærleikstanken. Hauge sa ein gong at ”mitt Kaldsbrev er at tiene Gud og min Næste”.

Ånd og Hånd må gå saman. Det var ein kristenplikt å avhjelpe den materielle og sosiale nauda som rådde i samfunnet. Og oppretting av arbeidsplassar var med og skaffa arbeid til menn og kvinner, også dei som hadde eit handikap. Det var ikkje bare verdslege menneske som skulle ”bruke verden”. Også dei sanne kristne må ha augo opplatne for industri, handel og anna verksemd. Det er med desse aspekta, både forkynning og næringsverksemd, at me møter Hans Nielsen Hauge på Fennefoss ved årsskiftet 1803/04. Og denne gründarånd levde vidare hos fleire personar innbyggjarar i Evje og Hornnes.

Sentrale haugianarleiarar[rediger]

Fleire av haugianarane i Evje og Hornnes var mellom dei fremste i styre og stell. Og dei to mest kjente haugianarane herifrå vart som nemnt ovafor, båe stortingsmenn. Eg tenkjer på Olav Torgrimson Fennefoss (Horverak) den yngre (1777 –1840?). Og Notto Jørgensen Tvedt (Aaneland) (1795 –1839). Olav Torgrimson Fennefoss sa etter møte med Hauge på Senum opp lærarposten han hadde i Årdal og flytte hit ut til Fennefoss for å arbeide på Mylla. Då lensmann Ramse døydde i 1811, gifta han seg med enkja i 1813, og med henne fekk han det austre gardsbruket på Fennefoss. Heimen her på Fennefoss var midtpunktet for haugerørsla i Evje og Hornnes i mange år frametter.

Olav Torgrimson Fennefoss var ein nevenyttig mann, han kunne utføre nærast kva slags arbeid det var. Mellom anna vart han bodsendt til Lillesand då Hans Nielsen Hauge i 1809 lærte folk å utvinne salt av sjøvatn. Han var også ein dyktig gardbrukar. Før han overtok garden, verka han ikkje så lite som lekpredikant oppetter dalen. Og i 1824 vart han vald inn på stortinget for Nedenes og Råbyggelaget amt. Då han kom til Kristiania i 1824 var Hans Nielsen Hauge nett død. Olav Torgrimson var med og fylgde Hauge til siste kvilestaden på gamle Aker kyrkjegard.

I boka Skipper Worse har diktaren Alexander Kielland truleg lånt trekk frå den historiske Olav Torgrimson Fennefoss til romanfiguren Hans Nielsen Fennefoss. Kielland som i fleire av sine romanar er bitande ironisk til det han oppfatta som dobbeltmoral og svermeri hos einskilde kristne grupperingar, skildrar Hans Nielsen Fennefoss med atskilleg sympati.

Notto Jørgensen Tvedt (1795 – 1839) var bare ni år då Hauge kom til Fennefoss. Far hans, Jørgen Nottoson, med tilnamnet Dækne kom truleg med i haugerørsla då. Også Notto kom med i haugerørsla. Han må ha vore uvanleg gåverik. Berre 18 år gamal vart han sett til lærar. I 1820 overtok han som klokkar etter faren. Då ein fæl koppeepidemi herja i Setesdal, blei han ”af amtet” sendt dit som vaksinatør. I Setesdal kalla dei han ”kveisedoktaren”.

Heggtveit skriv om Tvedt at ”Folk søgte hans veiledning, råd og hjelp i de mest forskjellige anliggender, betrodde ham sine hemmeligheter og mest private forhold. Han gjaldt som autoritet i religiøse spørsmål og kom til å øve en indflytelse der over alt gikk du på at vekke aktelse for bestående kirkelig ordning, men også for lægmandens frihed og plikt til at vidne.”

Notto Jørgensen var med i mykje styre og stell, mellom anna var den fyrste ordføraren i Evje herad. Frå 1836 til 1838 var han stortingsrepresentant. Som nemnt ovafor, var han ein av dei som kom med framlegg om av avskaffe Konventikkelplakaten. Det skjedde i 1842, altså etter at Tvedt var død. Tvedt hadde så mange verv at Johannes Skar skriv at ”Notto J. Tvedt rådde for heile bygdi”.

Store menn i norsk politikk som Jørgen Løvland og Gunnar Knutsen var i slekt med Notto Jørgensen Tvedt. Om Jørgen Løvland som er den mest kjende politikaren frå Evje og Hornnes, skriv Oscar Handeland: ”Det seier ikkje so lite om den makt det haugianske livssynet åtte at so klok og tankekvass ein mann som Jørgen Løvland stod haugianarane nær lenge og bar merke av det all sin dag.” Slik kan ein sjå at det arven etter Hauge har bore frukt både i lokal- og rikspolitikken.

Haugianske kvinner i aktivitet[rediger]

Me veit at Hauge let kvinnene tale i møtesamlingar. Ja, noko seinare kjenner me til at haugianarkvinner også reiste kring i bygdene og byar og tala Guds ord. Det er nok å nemne Sara Oust frå Vingelen i Nord-Østerdal som døme på dette. Det skal ifylgje historikaren dr. philos Olav Golf som har skriveboka Den haugianske kvinnebevegelsen, ha vore om lag 40 kvinnelege haugianarpredikantar. Dette var eit sterkt brot med det tilvante. På denne tida var det heilt uvanleg og beint fram oppsiktsvekkande at kvinner forkynte Guds ord. Den haugianske forkynnarverksemda verka ikkje bare som ei religiøs og sosial frigjering for mennene, ho var også med og frigjorde kvinnene, løfta dei fram og gav dei sjølvtillit. Motivet for Hauges syn på kvinnenes stilling var den kristne likeverdstanken.

Også kvinnelege predikantar her i distriktet fekk Konventikkelplakaten mot seg. Såleis måtte Inger Olsdotter i 1806 møte i retten for å ha preika Guds ord for ”Almuen” ved Hornnes kyrkje. I Underretten vart ho dømt til ”Forbedringshus”, men i stiftoverretten slapp ho tukthus. Saksomkostningane slapp ho derimot ikkje. Eldri Olsdotter måtte også møte i retten for ”utilladelig Forsamlingar af Almue og Tale for denne”. I underretten slapp ho med å betale saksomkostningane, i overretten vart ho heilt frikjent. Etter det eg veit, var både Inger og Eldri frå Austad i Bygland. Også lensmannen sjølv Ole Ramse blei stemna for retten fordi han ikkje hadde gripe inn mot Inger Olsdotter. Også han vart frikjent.

Desse sakene viser det strenge tilsynet styresmakta heldt med haugianarane etter at leiaren Hans Nielsen Hauge var fengsla. Dei blei sett på som potensielle kriminelle personar. Embetsverket til den dansk/norske einevaldskongen heldt nøye auge med alle rørsler som dei ottast for kunne truge den stabile religiøse og politiske samfunnsorden.

Det er naturleg å avslutte med nokre ord om Stina Fennefoss. Ho var frå Holum og vart gift med Ole Mikkelsen Fennefoss på det vestre bruket Lunnen på Fennefoss. Ole tilhøyrde som faren haugerørsla, og han aktiv både i det kristelege og kommunale arbeidet i bygda. I 1852 kom Stina til Fennefoss, og i henne fekk Ole ei uvanleg grepa kone. Sjå kva Oscar Handeland skriv om Stina: ”Ho var ikkje berre ein god kristen, men ogso ei framifrå husmor og gardkjerring. Då Gunvor, dotter til Hans i Faret, var blitt trulova med Anders Fennefoss, son til Ole og Stina, sa ”gamle” Gunstein Uleberg til henne: ”Kan nå du bli ei kone som gamle Stina. Det he` vore ei svær`e kona” Det var nok ein ålmenn dom om henne.

Men størst var ho vel som kristen. Ho bar heile bygda på hjarta sitt, bad folk og mana dei til å søkje Gud. Ho blei sjukesengene vidt omkring, og mange søkte råd hjå henne både i timelege og åndelege spursmål. Ho åtte tiltru som ingen annan. Det ho hadde sagt, sto fast. ”Stina Fennefoss he`sagt det, og ho lyg ikkje. ”Det var mest som eit ordtak i Hornnes og Evje i mange år.”

I 2008 var det 200 år sidan diktaren, nasjonsbyggaren og folkeopplysningsmannen Henrik Wergeland vart fødd. Kva han har hatt å seie for vår norske identitet, vår sjølvforståing, kan snautt overvurderast. Likevel våger eg å sitere Arne Garborg når han i boka Trætte Mænd skriv: ”Det er ikkje Henrik Wergeland, men Hans Hauge som har skapt det norske nittende Aarhundre.”

Kjelder og litteratur[rediger]

  • Bondevik, Kjell, 1975. Kristent innslag i norsk politikk 1800 –1930, Oslo, Luther Forlag.
  • Eide, Elisabeth S., 2013. Bøker i Norge. Boksamlinger, leseselskap og bibliotek på 1800-tallet, Oslo, Pax Forlag A/S.
  • Handeland, Oscar, 1948. Kristenliv på Agder. 50 års-skrift for Agder krins av Det norske lutherske Kinamisjonsforbund, Oslo, Forbundets Forlag.
  • Heggtveit, Hallvard G., 1905–1920. Den norske kirke i det nittende Aarhundrede, bind 1 og 2, Oslo, Cammermeyers Boghandel.
  • Kjebekk, Erik, 2004. Haugerørsla i Evje og Hornnes, Evje og Hornnes sogelag.
  • Koht, Halvdan, 1975. Norsk Bondereising, Oslo, Pax Forlag.
  • Ravnåsen, Sigbjørn, 2002. Ånd og Hånd. Hans Nielsen Hauges etikk for leiing og næringsliv, Oslo, Luther Forlag.
  • Vårt Land, 23. april 2014.
  • Aarflot, Andreas, 1971. Hans Nielsen Hauge. Liv og budskap, Oslo-Bergen-Tromsø, Universitetsforlaget.
  • Aarflot, Andreas, 1967. Norsk Kirkehistorie. Bind II, Oslo, Lutherstiftelsen.