Bortelid Utmarkslag
Bortelid Utmarkslag vart stifta i 1972 og frå då av tok den store utbygginga på Bortelid til. Formålet er å vere overordna for utviklinga på Bortelid. Selskapet driftar også brøyting og strøing av veger og parkeringsplassar. I den tida selskapet har vore i aktivitet, vart det bygd om lag 600 hytter fram til 1980. I 1987 vart det bygd skisenter, det er seinare utvida til fem skitrekk. Frå 1997 heldt utbygginga fram etter ein pause og i 2016 var det 1325 fritidsbustader, i 2018 var det 1380.
Sommardestinasjon
Etter kvart har Botrelid Utmarkslag også bygd sykkelløyper, stiar, gapahukar og turløyper for å utvikle Bortelid som sommardestinasjon. Som eit ledd i dette tømte dei i 2018 Bortelidtjønna for å fjerne mudder og krypsiv og få tilbake eit vatn med badeplass og høve til fisking. Då laga dei også betre gjennomstrøyming av vatn for å hindre attgroing.
Setesdalsprisen
Bortelid Utmarkslag er tildelt Setesdalsprisen (2021).
Årvisst arrangerer selskapet også haustmarknad på Bortelid i oktober. I 2017 var det om lag 6000 besøkande på arrangementet.
Medlemmer
Sju grunneigarar er medlemmer av Bortelid Utmarkslag:
- Trond Egil Åknes
- Thor Kjell Kaddeberg
- Åknes Skog
- Ruben Bortelid
- Alexnder Skeibrok
- Bortelid Gård
- Knut Repstad
Kjelder
- Ole Birger Lien: Bortelidtjønna - frå sump til vatn ein kan bade i. Artikkel i Setesdølen nr. 57, 2018 side 4
- Ole Birger Lien: Ein destinasjon i vekst. Artikkel i Setesdølen nr. 57, 2018 side 4
- Om Bortelid Utmarkslag hos bortelid.no