Sessane bru
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Sessane bru er ei privat bru over Otra, om lag ein kilometer vest for Bjørnarå. På austsida av brua er det Bykle kommune. Området vest for brua ligg i Valle. Frå brua går det ein privat bomveg fleire kilometer vestover i Ljosådalen.
Historie
Brua er bygd på 1960-talet. Otra Kraft trong brua med tilhøyrande veg fordi dei skulle ha eit tverrslag i området i samband med dei lange vasstunnelane dei bygde. Grunneigarane hadde også interesse av bru og veg, då det er mykje skog i området.
Kjelder
- Reidar Tveito, Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord, 2014, side 194