Langerak kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. mai 2025 kl. 06:15 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Eksterne lenker: fjernet lenke til Moisund.com som var blitt uvirksom)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kraftverket sin sidefasade med tårn.
PeltonMan (2013)
Longerak kraftstasjon.
Den gamle stasjonen innvendig.

Langerak kraftverk er eit vasskraftverk i grenda Longerak i Bygland. Kraftverket blei bygd på austsida av Riksveg 9, på Suggeberg si vesthelling, i 1915. Staten let kraftverket byggja for at tuberkulosesanatoriet i Landeskogen skulle få straum, og opphaveleg hadde det tre aggregat. Det nyttar ein del av fallet frå magasinet Longeraksvatnet i Longeraksåni som vert regulert mellom 598 og 594 moh, men sidan det ligg om lag 60 meter høgare enn Byglandsfjorden nyttast ikkje heile fallhøgda på rundt 300 meter. Produksjonen starta i 1916. Kraftverket har no eit aggregat, og ein samla effekt på er 1,5 MW med ein midlare årsproduksjon på 8 GWh.

I 1925 tok Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen over kraftverket, i 1962 gjekk det over til Aust-Agder Kraftverk. Frå 2001 er det i Agder Energi si eige.

Kraftstasjonen er teikna av arkitekt Kristian Hjalmar Biong, og har forblending i naturstein, med rike detaljar. Stilmessig har den blitt samanlikna med eit fransk seinmellomalderslott eller eit byggverk i engelsk romantikk. Sjølve murarbeidet skal ha blitt utført av den kjende gråsteins-murmeistaren Gunnar Larsen frå Evje.[1]

Eksterne lenker

Litteratur

Referansar

  1. Anfinn Lislevand, Dalanehuset - Fritun, artikkel i Arnstein 2015, side 23


Kraftverk i Bygland
   Hekni · Hovatn · Nordåni · Meleåni · Langerak   


Aust-Agder våpen Kraftverk i Otra
   Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Fennefoss kraftverk · Iveland · Nomeland · Steinsfoss · Hunsfoss · Vigelandsfoss