Fennefoss kraftverk

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Fennefoss kraftverk er eit elvekraftverk under bygging i Fennefossen i Otra i Evje og Hornnes kommune. Konsesjonshavar og utbyggar er Agder Energi Vannkraft. TT Anlegg fekk sommaren 2020 hovudoppdraget med å bygge kraftverket. Byggearbeida starta 1. september 2020. Konsernsjef Steffen Syvertsen i Agder Energi og ordførar Svein Arne Haugen tok dei første spadestikka. Heile anlegget skal stå ferdig våren 2023.

Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar
Fennefoss kraftverk nær fullføring 22. november 2022.
Fennefoss kraftverk under bygging 19. november 2021.
Foto: Geir Daasvatn
Fennefossen før utbygginga.
Foto: Geir Daasvatn
Anleggsområdet for kraftverket 4. september 2020.
Foto: Geir Daasvatn

Prosjektet[endre]

Prosjektet omfattar bygging av inntaksdam på toppen av Fennefossen og bygging av kraftstasjon som bygg i dagen med tilhøyrande innlaups- og utlaupskanal på austsida av fossen. Kraftverket vil i gjennomsnitt kunne produsere om lag 59 GWh per år. Det svarar til det årlege straumforbruket til rundt 3 000 norske husstandar.

Historie[endre]

Kommunestyret i Evje og Hornnes gav i kommunestyremøte 28. august 2014 si høyringsuttale til departementet, i samband med NVE si positive innstilling til å gi konsesjon til bygging av kraftverket. I statsråd 11. desember 2015 gav regjeringa konsesjon til bygging av kraftverket.

Sjå også[endre]

Kjelder[endre]

Eksterne lenker[endre]


Aust-Agder våpen Kraftverk i Otra
   Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Fennefoss kraftverk · Iveland · Nomeland · Steinsfoss · Hunsfoss · Vigelandsfoss