Uleberg kraftverk

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Uleberg kraftverk

Uleberg kraftverk er eit elvekraftverk i elva SkjerkaUleberg i Evje og Hornnes kommune om lag åtte kilometer frå Dåsnes langs vegen til Åseral. Agder Energi eig kraftverket, som var ferdig i februar 2006 og som vert styrt via satelitt frå Brokke driftssentral i Valle kommune. Kraftverket produserer 38 GWh i året og samla effekt er 9,4 MW. Med like store to francisturbinar, kvar på 4,7 MW sluker det 3,1 kubikkmeter vatn i sekundet

Fallhøgda er på 180 meter og den tilsådde røyrgata frå den fire meter høge og 200 meter lange inntaksdammen er på 1500 meter. I den ligg det eit glassfiberarmert røyr med diameter på halvannan meter. Minstevassføringa i elva på strekningen er 0,3 kubikkmeter i sekundet. I inntaksdammen kan vatnet regulerast med om lag ein meter. Når dammen er full, er det ca. 15 000 m³ vatn i dammen.

Kraftstasjonsbygningen ligg på vestsida av elva. Den har ei grunnflate på om lag 300 m² og er bygd i betong og tre. Straumen vert ført inn på nettet via jordkabel frå Uleberg til Evje. Utløpet frå kraftstasjonen tilbake til vassdraget er ein open kanal. Kostnadene med å bygge kraftstasjonen var på om lag 70 millionar kroner.

Eksterne lenker


Aust-Agder våpen Kraftverk i Otra
   Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Fennefoss kraftverk · Iveland · Nomeland · Steinsfoss · Hunsfoss · Vigelandsfoss