Iveland kraftverk

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Iveland kraftverk
Foto: Siri Johannessen
Gåseflådammen demmer opp Gåseflåfjorden til inntaksmagasin for Iveland kraftverk.
Iveland kraftverk med inngongen til det nye Iveland II kraftverket til høgre i biletet.

Iveland kraftverk (Iveland I) er eit vannkraftverk til Agder Energi frå 1949 i elva Otra. Kraftverket har blitt modernisert i 1950 og 1955. Det ligg ved Kattefoss vest for Skaiå i Iveland kommune. Det utnyttar eit fall på 50 meter frå Gåseflåfjorden til Nomelandsfjorden. Nomelandsfjorden er inntaksmagasin for Nomeland kraftverk.

Kraftverket ligg i dagen og har ein samla effekt på 44 MW. Midlare årsproduksjon er på 340 GWh.

Iveland 2

I mars 2011 fekk Agder Energi konsesjon for bygging av eit nytt kraftverk, Iveland II, i tett tilknyting til Iveland I. Det nye kraftverket vil gje ei betre utnytting av vassressursen i Otra-vassdraget. Middelvassføringa i Otra ved Iveland kraftverk er 130 kubikkmeter i sekundet, medan slukeevna i det gamle kraftverket bare var 116 kubikkmeter i sekundet. Det var difor eit stort flomtap ved Iveland kraftstasjon. Den nye kraftstasjonen skal samkøyrast med den gamle, slik at den totale slukeevna for dei to stasjonane blir auka til 216 kubikkmeter i sekundet.

Det nye kraftverket blir liggande i fjellet, rett aust for det eksisterande. Det har ein ny to kilometer lang inntakstunnell gjennom fjellet frå Dalanekilen i Gåseflåfjorden. Det er sett krav om ei minstevassføring i Otra om sommaren på 3 m3/sek og 2 m3/sek om vinteren. Agder Energi søkte om 200 liter i sekundet, NVE tilrådde to kubikkmeter, ti gonger så mykje. Utlaupet blir like nedanfor Iveland I.

Iveland II får ein francisturbin med installert effekt på 44 MW. Det vil auke midlare årsproduksjon med omlag 140 GWh. Den samla kraftproduksjonen ved Iveland kraftverk (I og II) vil då nærme seg 500 GWh. Utbygginga, som er berekna å koste rundt 750 millionar, vil gje straum til rundt 7500 husstandar. Kommunen sikra seg utbyggingsavtalar for 40 millionar kroner i samband med utbygginga. Men dei ønskte også å få eit næringsfond. Det tok ikkje NVE med i innstillinga til departementet. Regjeringa ved statsråden fylgde heller ikkje ordførar Ole Magne Omdal sine argument for å få på plass eit næringsfond.[1]

I august 2015 var det i fleire veker ei stor nedtapping (7,3 meter) av Gåseflåfjorden, i samband med bygginga av inntakstunnelen i Dalanekilen. Det var første gong sidan 2002 at fjorden var så sterkt nedtappa.

Iveland II stod ferdig i 2016. Det nye kraftverket vart høgtideleg opna 14. juni 2016 av olje- og energiminister Tord Lien.

Kjelder

Referanser

  1. Sigurd Haugsgjerd: -Kraftutbygging gir eit løft. Artikkel i Setesdølen nr. 68, 2010 fredag 13. august 2010 side 4.

Eksterne lenker



Aust-Agder våpen Kraftverk i Otra
   Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Fennefoss kraftverk · Iveland · Nomeland · Steinsfoss · Hunsfoss · Vigelandsfoss