Hekni kraftverk

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Inngongen til kraftstasjonen.

Hekni kraftverk ligg i Otra lengst nord i Bygland kommune. Det nyttar eit fall på 38,5 meter frå ein dam ved Tjurrmo i Valle kommune. Samla effekt er 56 MW og midlere årsproduksjon er på 230 GWh. Produksjonen starta i 1995. Tunnelen frå dammen til kraftverket har eit tverrsnitt på 115 m². Tilløpstunnelen har ein lengde på ca. 5500 meter og avløpstunnelen er ca. 675 meter lang. I kraftverket står to kaplanturbinar, turbinar som vert brukte når det er liten fallhøgde og stor vassmengd.

Agder Energi Vannkraft og Skagerak Kraft eig Hekni kraftverk, som regulerer Otra, der Otteraaens Brugseierforening er reguleringsansvarleg.

Av estetiske grunnar og av omsyn til blekebestanden er det sett ei minstevassføring frå Tjurrmodammen på 5,0 m³/s i sommarhalvåret og 3,0 m³/s resten av året. I tillegg kan Fylkesmannen krevje at det sleppast inntil 10 millionar m³ vatn årleg for å betre miljøforholda nedstrøms dammen, der det er 11 terskelbasseng på strekningen mot Byglandsfjorden.

Kjelder[rediger]


Kraftverk i Bygland
   Hekni · Hovatn · Nordåni · Meleåni · Langerak   



Aust-Agder våpen Kraftverk i Otra
   Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Iveland · Nomeland · Steinsfoss