Langerak kraftverk

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kraftverket sin sidefasade med tårn.
PeltonMan (2013)
Longerak kraftstasjon.
Den gamle stasjonen innvendig.

Langerak kraftverk er eit vasskraftverk i grenda Longerak i Bygland. Kraftverket blei bygd på austsida av Riksveg 9, på Suggeberg si vesthelling, i 1915. Staten let kraftverket byggja for at tuberkulosesanatoriet i Landeskogen skulle få straum, og opphaveleg hadde det tre aggregat. Det nyttar ein del av fallet frå magasinet Longeraksvatnet i Longeraksåni som vert regulert mellom 598 og 594 moh, men sidan det ligg om lag 60 meter høgare enn Byglandsfjorden nyttast ikkje heile fallhøgda på rundt 300 meter. Produksjonen starta i 1916. Kraftverket har no eit aggregat, og ein samla effekt på er 1,5 MW med ein midlare årsproduksjon på 8 GWh.

I 1925 tok Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen over kraftverket, i 1962 gjekk det over til Aust-Agder Kraftverk. Frå 2001 er det i Agder Energi si eige (no (2025) Å Energi).

Kraftstasjonen er teikna av arkitekt Kristian Hjalmar Biong, og har forblending i naturstein, med rike detaljar. Stilmessig har den blitt samanlikna med eit fransk seinmellomalderslott eller eit byggverk i engelsk romantikk. Sjølve murarbeidet skal ha blitt utført av den kjende gråsteins-murmeistaren Gunnar Larsen frå Evje.[1]

Inntaket til kraftverket ligg om lag 900 meter nedanfor Lislevatn. Her er det bygd ein dam av tilhogde steinblokker. Frå inntaket ned til kraftstasjonen går det ei 1 200 meter lang røyrgate. Parallelt med røyrgata gjekk det ein trallebane med wire og motorhus til å frakte ting eit langt stykke opp i det bratte terrenget. Trallebanen er borte i dag, men framleis kan ein sjå restar av han i skogen.[2]

Eksterne lenker

Litteratur

Referansar

  1. Anfinn Lislevand, Dalanehuset - Fritun, artikkel i Arnstein 2015, side 23
  2. Kathe Merete Kjetså, Longerak kraftstasjon – eit eventyrslott i skogen, eige forlag, 2024, side 17–23


Kraftverk i Bygland
   Hekni · Hovatn · Nordåni · Meleåni · Langerak   


Aust-Agder våpen Kraftverk i Otra
   Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Fennefoss kraftverk · Iveland · Nomeland · Steinsfoss · Hunsfoss · Vigelandsfoss