Kveasåni kraftverk

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Inngangen til kraftverket.
Foto: Siri Johannessen

Kveasåni kraftverk er eit småkraftverk der fire grunneigarar har gått saman med Småkraft AS om å byggje ut Kveasåne i Valle kommune. Småkraft AS fekk konsesjon for ein årsproduksjon på 15.30 GWh om året av NVE 19. april 2007[1]. Etter planen skal det produserast 12,84 GWh i året, nok til å dekke kraftforbruket til 640 husstander. Småkraft AS finansierer prosjektet, som er kostnadsrekna til om lag 45 millionar. Omsetninga er venta å verte minst 4 millionar kroner årleg og grunneigarane er garantert eit utbytte til fordeling kvart år. Etter 40 år skal anlegget vere nedbetalt. Då kan grunneigarane kjøpe kraftverket eller forlenge avtalen med Småkraft.

Kraftverket ligg inne i fjellet, det er sprengt ein 450 meter lang tunnel inn frå foten av fjellet ved Riksveg 9Flårenden. Oppe på toppen er det bygd ein dam, den er 3-4 meter høg og 10-15 meter brei. Frå dammen fører ei sjakt ned til kraftverket. Fallhøgda i anlegget er 367 meter og nedbørsfeltet er 19 kvadratkilometer. Minstevassføringa i Kveasåne vert 110 l/s om sommaren og 55 l/s om vinteren.

Etter planen skulle kraftverket ha starta opp i mai 2011, men prosjektet vart forsinka, og ny oppstart vart planlagt til september 2011. Grunnen til dette var dårleg fjell og meir krevjande sikringsarbeid.[2]

Kjelde[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Fakta om Kveasåni kraftverk hjå NVE.no
  2. Ole Birger Lien: Kveasåne-utbygging forsinka. Artikkel i Setesdølen nr. 34, 2011 side 4

Eksterne lenker[rediger]


Aust-Agder våpen Kraftverk i Otra
   Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Iveland · Nomeland · Steinsfoss