Langerak kraftverk
Langerak kraftverk er eit vasskraftverk i grenda Longerak i Bygland. Kraftverket blei bygd på austsida av Riksveg 9, på Suggeberg si vesthelling, i 1915. Staten let kraftverket byggja for at tuberkulosesanatoriet i Landeskogen skulle få straum, og opphaveleg hadde det tre aggregat. Det nyttar ein del av fallet frå magasinet Longeraksvatnet i Longeraksåni som vert regulert mellom 598 og 594 moh, men sidan det ligg om lag 60 meter høgare enn Byglandsfjorden nyttast ikkje heile fallhøgda på rundt 300 meter. Produksjonen starta i 1916. Kraftverket har no eit aggregat, og ein samla effekt på er 1,5 MW med ein midlare årsproduksjon på 8 GWh.
I 1925 tok Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen over kraftverket, i 1962 gjekk det over til Aust-Agder Kraftverk. Frå 2001 er det i Agder Energi si eige.
Kraftstasjonen er teikna av arkitekt Kristian Hjalmar Biong, og har forblending i naturstein, med rike detaljar. Stilmessig har den blitt samanlikna med eit fransk seinmellomalderslott eller eit byggverk i engelsk romantikk. Sjølve murarbeidet skal ha blitt utført av den kjende gråsteins-murmeistaren Gunnar Larsen frå Evje.[1]
Eksterne lenker
- Kraftverket på NVE sine nettsider (Vitja 11. oktober 2014)
- Norsk skogmuseum: «Eventyrslottet» (Vitja 11. oktober 2014)
- Museumsordningen: «Ukens kulturminne (Vitja 11. oktober 2014)
- Kathe M. Kjetsås vakre bilder av Longerak kraftstasjon på Moisund.com
- Om Longerak kraftstasjon på nettsiden til Agder Energi
Referansar
- ↑ Anfinn Lislevand, Dalanehuset - Fritun, artikkel i Arnstein 2015, side 23
| Hekni · Hovatn · Nordåni · Meleåni · Langerak |
| Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Fennefoss kraftverk · Iveland · Nomeland · Steinsfoss · Hunsfoss · Vigelandsfoss |