Kjetsåmonen (Evje og Hornnes gnr. 16 bnr. 5)
Kjetsåmonen (gnr. 16 bnr. 5) er ein ca 8 mål stor eigedom og eit tidlegare gardsbruk i Neregarden på Kjetså i Hornnes. Husa ligg tett attmed vegkrysset der Fylkesveg 42 svingar vestover mot Sveindal. Det bur ingen i husa i dag (2017). Heimelshavar er Jørn Salvesen, som bur på ein naboeigedom.
Historie
Kjetsåmonen var først husmannsplass under Nedre Kjetså. I 1863 blei eigedomen skild ut frå gnr. 16 bnr. 1 på Kjetså.
Åslaug Jortveit var syster til treskjeraren Salve Birkås. Åslaug blei gift med Mikal Salveson Jortveit, og budde saman med han på Kjetsåmonen. Her flytta også Salve inn kring 1919-1920, og hadde «atelier» i eit loftsrom. Men då Mikal døydde i 1934, klarte ikkje Åslaug å halde det heile saman lenger. Salve blei av forsorgsstyret setta bort på ein gard i Øvrebø.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 386-389
- Grunnboka på nettsida til Statens Kartverk, besøkt 1. februar 2017
- Torgrim Dåsnes og Alf Georg Kjetså, Treskjeraren Salve Birkås, hefte utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2007
- Alf Georg Kjetså og Torgrim Dåsnes, Salve Birkås - ein gløymd bygdekunstnar, artikkel i Arnstein, 2005, side 34-35
- Torgrim Dåsnes og Alf Georg Kjetså, Treskjeraren Salve Birkås, artikkel i Jol i Setesdal 2005, side 14-15