Breiflå
Hopp til navigering
Hopp til søk
Breiflå er ein liten innsjø i Otra, 171 moh., i Evje og Hornnes. Overflatearealet er 1,76 km2, inkludert vika Voilan mot Kjetså i vest. Største djup skal vere 43 meter. I Breiflå ligg den vesle Kjeøya. Mellom Auensneset og Hornnestangen ligg Hornnesvika. Vestover går altså Kjetsåkilen, eller Voilan som er eit meir brukt namn på vika. Voilan er avsnøra frå resten av Breiflå av vegfyllinga for Riksveg 9 som går tvers over innsjøen her. Fram til 1962 gjekk Setesdalsbanen over denne fyllinga. I 2022 er det også bygt gang- og sykkelveg, parallelt med riksvegen.
Kjelder
- Fredrik Jacobsen, Avsnøring av innsjøen Breidflå - Innvirkning på vannkvalitet og økologiske forhold, masteroppgave ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Institutt for miljøvitenskap, 2014, side 4–6