Breistøl

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
I dag står bare murane att i Breistøl.

Breistøl er ein tidlegare støyl og ein gamal husmannsplass under bruket Der inne, vest i Nedre Kjetså - NeregardenKjetså i Hornnes. Han ligg inn ein skogsbilveg på sørsida av Fylkesveg 42 noko før ein kjem til Tveit i Hornnes austfrå.

Plassen er nemd som øydegard i 1794. Den vidgjetne bjørneskyttaren Nils Olson Breistøl, som var fødd i 1808, er mellom dei som har budd på plassen. Ein annan er sonen til Nils Breistøl, Lars Bristol (Lars Nilsson Breistøl). Han var fødd i 1848, og flytta til England og tok Bristol til etternamn. Han vart ein kjend oppfinnar. Ein tredje er Lars Nilsson Breistøl, fødd 1846. Han var gift med Anna Jensdotter Breistøl (fødd 1861). Lars og Anna fekk 16 barn saman. Det var Nils, Gunhild, Randi, Anna, Jens, Ragnhild, Asbjørn (d. tre veker gamal), Asbjørn, Jorand, Olav, Kari, Albert, Salve, Targerd, Osmund og Anders. To av barna drog til Danmark og gifta seg der. Dei andre blei verande i bygda. Lars og Anna er såleis opphavet til ei stor slekt på Kjetså og andre stader.

I dag er «gamle» Breistøl for lengst lagt ned. Men ein kan ennå sjå murane etter husa på staden.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]

Ekstern lenke[rediger]