Kjetså (artikkel)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Dåsvatn 2016.

Kjetså er eit kapittel i boka Barndomsminne frå Hornnesbygda, skrive av Nils Dåsvatn. Boka vart utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag i juni 2016. Ho er å få kjøpt på Norli Evje. Kapittelet er attgjeve slik det står i boka, med godkjenning frå forfattaren. Lenkene i denne elektroniske utgåva er lagt til i ettertid.

Kjetså

Neregarden på Kjetså.
Foto: Alf Georg Kjetså si fotosamling

Kjetså var eg godt kjend. Der var eg ofte i fritida. I Myra budde tante Tora, og Bitten, son hennar, var i mange år min aller beste ven. Vi var utruleg aktive. Vi bada, fiska, sette snarer, bygde hytte, hoppa på ski, og det var ikkje fritt for at vi fann på ting som burde vore ugjort. Vi hadde ein kamerat som heitte Jens, og det blei sagt at når Nils, Bitten og Jens var saman, då var det ikkje heilt trygt. Jens budde i Fossheim, og det var ein spennande plass. Under krigen vaska mor til Jens tøy for tyskerane, så det hende litt av kvart der i huset. Årleg gjekk vi tre på epleslang i Olav Prestegards hage som låg langt inne i heia. Elles var det ikkje fritt for at vi fant på litt av kvart der vi for fram. Vi var på jakt etter spenning. Ein stad vi likte oss spesielt godt, var Der Veste. Der budde Bjørgulf, Gunnhild og Knut. Tre originaler, men snille og greie. Der Veste er verd eit eige kapittel.

Om vi iblant dreiv med litt fantestreker, så var det meste vi dreiv på med, positive gjeremål. Skihopping likte vi svært godt, og då var Kjetså ein ideell plass. Det var skibakkar over alt: Vollen Der Oppe, Lia Der Veste, Elenbakken, Voilestø og Kjetsåbakken med stillas. Det var Åsmund Kjetså (Neregarden) som tok initiativ til å bygge den bakken. Åsmund var ein idealist. I tillegg til skibakken, lagde han ein idrettsplass på eigedomen og bygde ei badstove. Kvar fredag kunne dei som ville kome i badstove. Vi var der ofte. Det var synd at Åsmund blei alvorleg sjuk og døydde, berre 32 år gamal. Det var noko av det tristaste eg opplevde i barndomen.

Det var mange originalar på Kjetså. Jøren i Skaret fortalde frå Amerika. Du verden kva han hadde opplevd! Nils Breistøl, Åsmund Hasseldal, Olav Prestegard, Salve Jortveit, Tarald Berkjåsen, Alf Halland, Salve Kjetså m.fl. var personar som prega samfunnet. Jordmor Elen Kjetså var heile bygda si «Mor», ho tok imot alle som blei fødd og var respektert av alle. I Skarkleiv budde den finaste jenta eg visste om, Reidun Tveit. Men som nemnt, Der Veste var den mest spennande garden.

Der Veste

Der Veste på Kjetså.
Foto: Alf Georg Kjetså si fotosamling

Når eg tenker tilbake på barndomstida i Hornnes, er det eiskilde stader og personar som har festa seg i minnet på ein særleg måte. Der Veste var ein slik plass.

Ved vegen inn til garden var det eit hus som blei kalla Sjantien. Det budde folk der i andre etasje, i første var det lager. Husa på garden var noko for seg sjølve, og det budde tre spesielle personar der. Der var mange hus. I tillegg til innehus og uthus, var det smie, verkstad og eit uthus som inneheldt sagbruk og e-verk Utanfor smie og verkstad låg det all verdas jernskrammel. Husa var ikkje særleg stilfulle. Dei var nokså mørke og triste, Men dei passa godt til folka som budde der: Bjørgulv med borna Gunhild og Knut. Mora, Gro, døydde i 1931. Alle tre personane var sterkt religiøse, ofte på grensa til fanatiske. Alle moraliserte, og denne verda var full av vondskap. Men det var noko meir med desse personane.

Bjørgulv Kjetså.
Foto: Alf Georg Kjetså si bildesamling

Bjørgulf hugsar eg som ein gamal, snill mann. Han var stolt av sin høge alder, og tala mykje om at han snart skulle døy. «Eg er over 80 år og ennå syklar eg», sa han ofte. Han hevda at alt tydde på at det gjekk mot «dei siste tider». Om det regna eller bles, eller om tåka låg tett i lia, så var det teikn på at det nærma seg slutten. «Les så skal de sjå», sa han. Han refererte til bibelen. Ein gong gav han bort ei god skinnjakke han hadde. Han hadde fått bod frå Vår Herre at han skulle døy «før vetteren», og då trong han ikkje jakka. Men hausten kom og det blei kaldt, han sakna jakka og måtte be om å få ho igjen. «Eg hev fenge utsetjing», sa han då. Men snill var Bjøgulv med oss born. Han kunne sitje saman med oss i timevis. Han fortalde, og han song for oss frå ei gamal, god salmebok han hadde. «Det blir noget i himlen for børnen at få, for de børn som i Herren får dø», song han. Den salmen lærde me alle.

Gunhild B. Kjetså og Knut B. Kjetså på Knut sin fødselsdag 18. november 1961.
Foto: Alf Georg Kjetså si bildesamling

Gunhild var dottera i huset. Ho var heller stille av seg, men ho hadde sine klare meiningar, og ho var ikkje redd for å hevde dei. Ho var moralist til fingerspissane. Det meste var synd, hadde me inntrykk av. Damer skulle gå i skjørt, og skulle vere godt til knappa. Damer i bukser var avskyeleg. Håret skulle vere langt, og permanent eller anna krulling av håret, tålde ho ikkje. Sminke og all slags kosmetikk måtte ein halde seg borte frå. Plystring var synd, og såg ho oss med korte bukser og bar overkropp, forsikra ho oss om at Djevelen kunne ta oss når som helst. På kalde vinterdagar fekk me alltid lov til å kome inn på kjøkkenet og varme oss. Det lukta ofte sterkt av noko ho kokte på komfyren, men det var varmt og godt. Som regel fekk me noko å bite i, og toppen var når me fekk «rjomebite», flatbrød med sur fløte på. Når Gunhild ein gong i mellom var ein tur oppe i bygda, sykla ho og ho var godt innpakka.

Knut, eller KB som me mest sa, var den mest ruvande Der Veste,- han var litt av ein kar! Han var tettbygd og kraftig, sterk og seig. Han kunne hogge to-tre mål ved, eller plante ut 3000 granplanter på ein dag. Han var smed og mekanikar og forma jern og andre metall som han ville. Han leitte etter utfordringar, og han tok på seg arbeidsoppdrag som andre ikkje ville ha. Han måla hanen på kyrkjespiret i Hornnes. Han brukte då ein sjølvlaga taustige og heiste seg opp og ned.

Knut B. Kjetså og Torleiv Kjetsaa på vannsykkel på Voilan ca. 1944.
Foto: Alf Georg Kjetså si fotosamling

Han bygde e-verk og skaffa garden elektrisk lys fleire år før slikt kom til bygda i 1918. I heia opp frå garden grov han grøfter og laga dammar for å skaffe vann til kraftverket. Med handreiskapar laga han dammane «Rotterdam», «Amsterdam» og «Adam». Namna fann han på sjølv. Frå damsystemet gjekk ei lita røyrgate som smalna av nedover frå 4 til 3 tomar. Fallet var 90 m. Ho var nedgraven og isolert så ho ikkje fraus om vinteren. For å sleppe avgifter var spenninga ut sett så låg at straumen berre var brukande til lys. Lova kravde heller ikkje autorisert montør til installeringa då, så Knut gjorde alt sjølv. Det blei ikkje rare lyset, men noko anna lys kom det aldri Der Veste.

Knut laga dei fleste gardsreiskapar, køyrevogner og liknande sjølv, det meste jernskodd og solid. Traktor bygde han av gamle bilar, og syklar reparerte han eller bygde om til tandemsykkel. Han laga og ein pedalo, ein vannsykkel, og ein spark som kunne gå på hjul etter eit enkelt handgrep. Då han blei eldre, og gikta fekk tak, laga han ein sykkel som han kunne trø med ein fot. KB laga det han trong, eller det han fann for godt. Han likte å imponere, og også å sjokkere eller provosere. Ein verhane med sykkelbjelle på taket av Sjantien kosa han seg med, sjølv om naboane ikkje fekk sove. Han sette opp nokre solide benkar ymse stader i bygda med bibelord måla på ryggstøet. «Trette sjel, kom til Jesus, han støter ingen bort», sto det på ein av dei.

KB var aktiv på så mange område. Han likte å reise. Han var på sykkeltur i Tyskland, reiste rundt i Afrika, og i seinare år var han i Israel. Knut ville nok gjerne hatt seg ei kone. Men han blei ungkar alle sine dagar – ikkje godvillig. Me hadde inntrykk av at han taktisk var litt klossete, iveren var større enn evnen til å kome i positiv kontakt med det svake kjønn.

«Møt meg ved Ørnefjell-bakken, så kan me prate om laust og fast», skal han ha skrive til ei jente frå Evje. Ho møtte ikkje, men ein del andre møtte fram. Me fann ut at han var interessert i ei dame som gjekk under namnet av frøken Torgersen. Me erta han med henne, og me tykte han då fekk eit rart drag om munnen. Kanskje skremde han jentene; han var truleg i tøffaste laget. Men leitt er det at ein mann som Knut ikkje skulle få etterkomarar. Evner og gode gener gå truleg tapt når ein slik evnerik mann går bort barnlaus.

For oss gutungar var Knut god å ha. Han slipte skeisene for oss, og hjelpte oss med alle slags reparasjonar for ein billeg penge. Han viste oss oppfinningane sine, og me blei med han på turar. Han fortalde oss om planar han hadde. Han meinte han kunne lage eit fly, og han prata om å send opp ein rakett. Tenk om Knut hadde fått skikkelig teknisk utdanning. Han kunne kanskje ha blitt ein ny Lars Breistøl? Men alt Knut fekk i stand, hadde han funne på sjølv, ein sann autodidakt. Han var også helseprofet. Harpiks var botemiddel mot alt og hadde helseførebyggande effekt. Sjølv brukte han harpiks til pålegg på brødmaten, sa han i eit foredrag på ein fest i husmorlaget, og han avslutta med å seie at sjølv om han var mange og åtti, var han så spræk at han kunne hive heile forsamlinga på dør, om han ville.

Knut B. Kjetså i biltraktoren sin. Forsøk på frieri?
Foto: Alf Georg Kjetså si bildesamling

Knut var opptatt med det som skjedde i bygda. Han var ofte å sjå der folk var samla. Han tok del i samtalar, og det blei ofte diskusjon der Knut var, for han hadde sterke meiningar. Religiøst kunne meiningane til Knut og dei andre Der Veste vere litt problematiske. Dei var ikkje rektig nøgde med kristenlivet i bygda. Dei var meir pietistiske og fann det nødvendig å kome med formaningar i spesielle situasjonar. På misjonsstemner i kyrkje eller bedehus, tok Gunhild eller Knut rett som det var ordet og forkynte «den rette lære». Det hende at møtelyden «roa dei ned» med salmesong. Kyrkja var «den store sjøge», prestar og løna predikantar var farisearar. Men om dei i mange spørsmål hadde ulikt syn, så gav dei likevel mest alt dei eigde og hadde samla frå 1907 til 1992 til bedehus og kristelege organisasjonar. Misjonssambandet heldt til sist auksjon over garden med innbu og lausøyre. Men før det hadde Knut vore i kontakt med Fennefoss museum for å gje alt av interesse for museet som gåve. Han var sjølv med rundt i alle hus på garden og gav opplysning om alle gjenstandar. Museet har m.a. alt smieverktøyet hans og fleire av oppfinningane.

Den som tek seg ein tur til Der Veste i dag, vil møte eit trist syn. Alt som er igjen av garden er ei samanrasa uthus. Dei andre husa er borte, og jordet er tilgrodd. Der Veste er blitt ein øydegard. Eg tok meg ein tur på kyrkjegarden for å sjå på gravsteinane Knut hadde laga på foreldregravene. Dei var borte. Den fine steinen med foto av Gro og monumentet over Bjørgulv var fjerna. Etter lang leiting fann eg ein liten grå gravstein med alle fire namna på. Gro 1862 – 1931, Bjørgulv 1862 – 1955, Gunhild 1889 – 1982 og Knut 1891 – 1982. Det var var ingen blomar framfor steinen. Vil ein vite meir om Der Veste og folka der, må ein ta seg ein tur til museet på Fennefoss. Der er minnet om garden og personane teke vel vare på.

Neregarden

Åsmund O. Kjetså i gardeuniform.
Foto: Alf Georg Kjetså si fotosamling

Neregarden på Kjetså hadde ein litt spesiell plass i min ungdom. Det var ein stad vi ofte kom innom. På vegen til Myra måtte vi gå gjennom tunet på Neregarden. Uthus og sethus låg på kvar si side av riksvegen mot Kristiansand. Men det var nok mest folka på garden og det dei dreiv på med som betydde mykje for oss. Olav Åsmundson og Kari var noen gilde folk. Olav var hjelpsam og flink; det var alltid gildt å treffe han. Kari var ei traust og varm bondekone. Dei hadde fire born: Siri, Ragnhild, Aslaug og Åsmund. Siri var stille og beskjeden etter som eg kan hugse, men ho representerte roen og vennligheten i Neregarden på ein fin måte. Ragnhild hugsar eg best frå den tida ho var butikkjente på Samvirkelaget. Det var alltid greitt å handle med henne. Aslaug såg vi ikkje mykje til. Ho var sjukepleiar og hadde sitt arbeid andre stader.

Kjetsåbakken.
Foto: Alf Georg Kjetså si bildesamling

Det var Åsmund vi hadde mest kontakt med. For oss gutungar var han ein kjernekar, som gjorde utruleg mykje for at vi skulle ha det greitt. Nær husa på garden laga han ein idrettsbane. Der kunne vi sparke fotball. Det var kraftringar til å turne i. Det var ei lengdegrop og eit høgdehoppstativ, så vi kunne drive med mange slags idrettar. Tett ved rant elva, så vi kunne ta oss ein dukkert når det blei for heitt. Men Åsmund gjorde meir. Han fekk bygd Kjetsåbakken på eigedomen. Med dugnadshjelp fekk vi reist eit stilas så det blei ein grei hoppbakke der dei flinkaste kopparane kunne hoppe 27-28 meter.

Men Åsmund stoppa ikkje der. Nedanfor husa bygde han ei badstove. Der fekk vi lov ti å kome kvar fredag i vinterhalv året og ta sauna. Alle som hadde lyst kunne vere med i badstova, og der møtte både unge og eldre. Det var eit herleg sosialt miljø i badstova når vi sat og sveitta og piska oss med bjørkekvistar. Notto og Jørgen Kjetså, John P., Salve Kjetså og andre originalar møtte, og det var ein lystig gjeng. Det var ikkje langt mellom dei gode historiane. Hylene når vi rulla oss i snøen eller dukka oss i is vatnet i åna, hugsar eg og. Betalinga for å gå i badstova var eit par dugnadskveldar i gardens skog for å hogge ved til neste års oppvarming.

Garden var ganske slett og fin. Dei hadde ein del dyr og stelte godt med jord og skog. I tillegg til gardsdrifta arbeidde Olav og Åsmund på ei sag og ei kvern dei hadde ved Tveitåna. Det var ei vatnsag, og det var særleg på ettervinteren og våren dei arbeidde der, i 1930- og 1940-åra var det mest tønnestav dei dreiv med. Men når det var god vannføring i elva, skar dei og bord og plank. Det kom alltid fine materialer frå den saga. Om hausten blei det vatn på Mølla. Då malte dei korn; somme tider natt og dag. Dei måtte passe på når det var rikeleg med vatn. Vi høyrde og at dei malte korn der under krigen. Korleis dei fekk det til når alt kornet skulle leveres til tyskerane, og alle kverner skulle vere plombert, det høyrde vi ikkje så mykje om. Åsmund var sjølv ein flink idrettsmann. Fleire år var han kretsmeister i kombinert, hopp og langrenn. Saman med Olav og Odd Tveit (Skarkleiv), Åsmund og Bitten i Myra og ein del andre hadde vi stor glede av skihoppinga, og med å holde bakkane i stand. Rett som det var gjorde hopparane frå Kjetså det godt i større hopprenn rundt på Sørlandet. Åsmund fekk oss og med på skiturar i heia. Mykje av den positive leiken vi blei med på i barndom og ungdom fekk vi i Kjetså-miljøet. Vi blei alle glade i Åsmund. Det kom derfor som eit sjokk på oss alle då vi høyrde at han hadde fått ein alvorleg sjukdom og at han ikkje kunne overleve. Han døydde bare 32 år gamal.

Då Åsmund døydde, kjende eg for første gong verkeleg sorg. Det var så vanskeleg å forstå at ein slik mann skulle bli tatt frå oss. Sorga i Nedregarden var og stor. Men det er rart, livet går vidare. Ragnhild gifte seg med Peder Hegland. Dei overtok garden etter Kari og Åsmund, og dei fekk to born. Sonen Nils Åsmund overtok etter dei. Nå har Nils Åsmund flytta til «Prestegarden» på andre sida av Voilane. Sonen hans er nå bonde på Nedregarden. Du verden som tida går.

Myra

Myra heitte den ytterste garden på Kjetså i Hornnes. Det var Tora og Notto og dei seks ungane som budde der. Åsmund, Agnes, tvillingane Bitten og Bitta, Olav og Gunda vaks opp i Myra. Dei hadde budd i Voilestø skulehus før dei bygde sitt eige hus i Myra i 1930. Notto var frå «der oppe» på Kjetså, så dei hadde ei grei tomt. Dora og mor mi Berta fekk born fem gonger kvar, men Tora fekk ein gong tvillingar, Bitta og Bitten, så dei var seks søsken, vi var fem. Tora var søstera til min far Tomas, så vi hadde god kontakt med kvarandre.

Det viste seg snart at Myra blei eit opent hus der alle var velkomen. Det nytta vi oss av, og det førde til at eg fekk Bitten som min beste kamerat gjennom mange år. Ja, vi har hatt god kontakt heilt til det siste. Nå er vi ikkje så mobile, så det er ikkje så ofte vi treffes. Men når vi i blant møtes, kan vi bare stå å sjå på kvarandre, så begynner vi å le. Vi kan bare tenke på alt det gilde vi opplevde saman. Kva var det som var så greitt med Myra? Det opne huset kunne vi alltid kome til. Tora tok venleg i mot oss, Notto var og ein kjernekar som var med oss når han hadde tid. Han hadde vore ein flink skihoppar i si tid, og han lærde oss mye om den sporten. Rundt Myra var det bakkar i fleng, og vi hoppa over alt. Vi bygde bakkane sjølv, men trengte vi ein større bakke, så var det ikkje så langt bort til Kjetsåbakken der vi kunne hoppe 25 meter. Bitten blei ein av dei beste hopparane i kretsen. Men vi andre strevde og hoppa som best vi kunne. På den tid var skihopping «in».

Om sommaren hadde vi andre ting å drive på med. Å fiske småskjebber i Skartjønna var stor stas. Der var det og fint å bade. Vatnet var alltid så godt og varmt i Skartjønna, og så hadde vi eit greitt stupebrett på ca. to meter. Det var utruleg korleis vi kunne boltre oss i den søylete tjørna. Vi var utruleg aktive. Vi bygde hytter på fjellknuttane, laga borger. Ja, vi fekk lov til å stelle med det vi hadde lyst og hadde fantasi til. I Nedregarden på Kjetså var det ein fotballbane, og den brukte vi flittig. Så sant vi hadde ball. Men i krigsåra var det mest håplaust å holde ballen i stand. Blæra sprakk, og den tolde ikkje all verdens lappar. Om hausten brukte Bitten og eg å sette snarer. Vi fekk ein del fugl, og det var fin handelsvare når vi skulle skaffe oss tobakk. Vi fekk stort sett lov til å drive med det vi hadde lyst til.

Ikkje alltid mors beste barn. F.v. Jens Dåsvand, Trygve Jortveit, John N. Kjetså og artikkelforfattaren Nils Dåsvatn.
Foto: Alf Georg Kjetså si bildesamling

Men vi var ikkje alltid mors beste barn. Vi gjorde nok i blant ting som burde ha vore ugjort. Vi var så fulle av initiativ og virkelyst at vi rett som det var gjekk over grensene. Epletre med gode eple var ikkje trygge, og var det folk som var lette å erte, så hadde vi og «glede» av det. Ein tredje gut frå Kjetså var og med i gjengen, Det var Jens. Det blei sagt at når gutane Nils, Bitten og Jens for saman gjennom bygda, då var det ikkje trygt. Vi tre var ofte «der Veste» på Kjetså, der Bjørgulf og borna Gunhild og Knut budde. Der fekk vi alltid lov til å kome, og vi opplevde mykje gildt med gamle Bjørgulf som likte å preike og synge for oss. Vi var stort sett greie med Bjørgulf, men vi merka at Knut var litt skeptiske til oss, så vi var ekstra forsiktige når han var i nærleiken. Han sette namn på oss. Bitten kalla han «Bytingen», eg fekk namnet «Hedningen», han sa ikkje noko om kvifor vi skulle heite det. Jens fekk ikkje noko tilnamn. Folka «der Veste» hadde ekstra omsorg for familien til Jens og hjelpte dei. Familien hadde det ikkje alltid så greitt. Det var ikkje dei store brotsverka vi gjorde. Men ein sterk eventyrlyst gjorde at vi stadig fekk nye idear. Vi begynte tidleg å røyke, og i krigsåra var det ikkje lett å få tak i tobakk. Vi handla med tyskerane, og handelsvarene fekk vi tak i på forskjellig vis, vi var nok ikkje alltid så ærlige. Men tobakk hadde vi som regel likevel.

Notto Kjetså var som sagt ein gild mann. Men han ville ha orden på saker og ting. Han var agent for forsikringsselskapet «Glitne», og den oppgåva tok han alvorleg. Han hadde papira i ein skuff, og nåde den som rota i skuffen hans. Notto var baneformann og sikkert ein evnerik mann. Han var lei seg for at han ikkje hadde fått gå meir på skule. Han oppmuntra oss til å gå vidare på skule, og han var stolt då eldste sonen hans blei lege. Notto hadde ein eldre bror som heitte Jørgen. Han budde i «Skaret», nær tjørna. Han gjekk ut og inn i Myra og høyrde til på garden. Jørgen hadde vore fleire år i Amerika og det står i historieboka for Hornnes at han hadde litt av kvart å fortelje frå tida i Amerika. Det var ikkje fritt, og vi var alltid spente når han la i veg.

Legen Åsmund slo seg ned i Horten. Då Tora og Notto blei borte, var det Åsmund som overtok Myra. Han stelte husa og var der i feriane. Åsmund blei etter kvart delvis ufør, så nå er det dottera hans som har overtatt. Bitten er den einaste av søskena som ennå lever. Bitten er den same friske og glade guten som då han var min beste ven i barndomen. Alle stader der Bitten har vore, skapte han glede og godt humør, og det er ei glede å treffe han den dag i dag. Denne visa lærde eg i Myra, og barnelærdomen gløymer ein ikkje så lett.

Lars i Myra har vandret av sted
til Himmelens glede og fred
og Maren i Myrra sat heime og styra
til likferd i ansiktets sved

Allting ble ordnet galant
han Lars ned i jorda forsvant
og Maren ho mista ei tåre på kista
med mye besvær det er sant

Før Maren den kveld gikk til sengs
kom luskende naboens dreng
Han visket du Maren han Lars er nå
faren, men gå itj med sorga for leng

Maren hu svarte så pent
jeg skjønner det ærlig er ment
men hjertet jeg mista
til han som gjorde kista
så du er nok kommet for sent