Kjetsåna

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Rett ovanfor badeplassen "Fossen" på Kjetså er det ein liten demning i Kjetsåna.
Kjetsåna ved Skarkilen, der ho renn ut i Voilan i Breiflå.
Foto: Geir Daasvatn
Åna ved den såkalla dagstemmen på Tveit, der ho helst kallast Tveitåna, 5. mai 2025.
Foto: Geir Daasvatn

Kjetsåna kjem frå heiene nordanfor Tveit i Hornnes, og renn ut i Otra frå vest i Breiflå (Voilan) ved Kjetså. Oppover mot Tveit kallast ho Tveiteåna og endå lenger inne på heia Stebekken. Mellom Kjetså og Tveit renn Våkåsbekken ut i Kjetsåna frå sør og Stebekken (Kjetså) på nordsida.

Namnet har truleg opphav i ketill, som tyder kjele. Oppover i Kjetsåna-vassdraget er det fleire "kjelar", runde hølar etter at isblokker har smelta i morenemassen.

Til mest kvar gard i tidlegare tider høyrde det ei kvern der dei mol korn. I Kjetsåna kunne det vere opp til seks kvernhus. Kjetsåna var lenge ei verdfull flotingselv, som bar tømmer fram til Otra. På Tveit var det fleire vassdrivne sagbruk langs elva.

Kjelder

Eksterne lenker

Bilete av Kjetsåna på Flickr

Kart

Laster kart...